tirsdag 29. oktober 2013

Sr Sofies " Stairway to heaven"

Det er konsert  med Led Zeppelin i Kungliga Tennishallen i Stockholm, året er 1973 og den trettenårige  Sofie Hamring sit lengst bak og lytter til vokalisten Robert Plant som syng ” And she`s buying a stairway to heaven”. På dette tidspunktet hadde ho ingen aning om kva ordet himmel betydde. ” Betydde i alla fall ingenting för mig i denna stund. Kunde inte ana, där i min ofattbara tomhet, att jag en gång skulle ställas inför en sådan trappa mot himlen. Och börja gå.”  Det er utgongspunktet og tittelen på Sofies historie om si indre og ytre reise, ”Stairway to heaven” med undertittelen ”En andlig resa”.  Ja det er primært ei andeleg reise sjølv om det og er ei ytre reise på mange kontinent. Sofie reiser og søkjer sanninga, det er ei reise med mange omvegar,men  ein kan godt røpa at ho til slutt finn sanninga og den djupe indre freden. Sr. Sofie O.P. sjølvbiografiske bok kom ut på Artos forlag i forige månad, då eg oppdaga boka i Artos katalogen visste eg at denne boka måtte eg bare lesa. Det blei ei stor og trusstyrkande oppleving. Sr. Sofie skriv om livet sitt på ein så ærleg og likefram måte, og her er så mykje å kjenna seg igjen i for alle som har gått litt av den same vegen i det same tidsromet.
Sofie Hamring veks opp i Stockholm på 60-og 70-talet som ein vanleg svensk ungdom, men kanskje ikkje heilt vanleg for ho er meir søkjande og uroleg enn dei fleste. Ho fullfører gymnaset og bur så i kollektiv eit år før ho set kursen mot Asia, først til Kibbutz i Israel deretter ei lang rundreise i India og Nepal. Ho søkjer til austleg religion, blir grepen av yoga og meditasjon, men er og innom Mor Teresa søstrene i Calcutta utan å få det store utbyte av det. Sofie kjem heim til Sverige igjen, fordjupar seg i yoga og alternativ medisin men tek og utdanning som sjukepleiar før ho set kursen mot Australia. Undervegs får ho kristne impulsar utan heilt å ta dette inn over seg. Tilbake i Sverige opplever ho eit djupt personleg og andeleg mørke. ”Alla vägar var stängda, både himmelen og jorden……… Jag befann mig i nattsvart ångest, som i et hål. Dømd på livstid i en isoleringscell.”  Men mørke tek slutt for Sofie, ho gjev seg til slutt over til sanninga. ” Jesus hade bara väntat på det. Han ställde sig upp i mitt livs båt, och sa til vinden och vågorna: Tyst, var stilla. Och det blev en stor frid.”
 Sofie er har enno ikkje nådd sitt endeleg mål. Kvar skal ho gå med si hardt tilkjempa tru?  Den heilage  Ande leiar henne vidare med god hjelp av menneske, ho skriv: ” Så enkelt blev det til slut. Där och då bestämde jag mig för att bli katolikk, innan jag läst så mycket som en paragraf av någon katekes eller något kompendium i katolsk troslära.” Vissa om at Den heilage Ande hadde leia henne der ho skulle vera var nok.
Sofie har tilsynelatande funne sin plass, men  uroen slepp ikkje taket : Har Gud større oppgåver for henne ?  Enno er det kriser , mørke netter og forvirring ho skal gå igjennom før ho når fram. Ho søkjer seg til kloster i Frankrike men finn seg ikkje heilt til rette, ho prøver seg ho karmelsøstrene i Glumslöv men heller ikkje det er hennar plass. Br. Wilfrid hos karmelbrødrene i Norraby gjev henne uvurderleg vegliing i denne prosessen.
Sofie Hamring finn sin plass til slutt hos dominikanersøstrene i Rögle utanfor Lund, ho blir Sr.Sofie O.P. Det er ei fantastisk reise Sr.Sofie tek oss med på, det som gjer sterkast inntrykk er det mønster ein finn i alle vegar og omvegar ho går på, Den heilage Ande leiar henne trygt heile vegen. Fleire gonger undervegs kjem ho inn på korleis Gud har spart henne for freistingar og ulukker. Og til slutt:  ” Dette blev frukten av min resa: en djup visshet om at jag skulle ge mitt liv helt til Kristus, att jag tilhörde honom och at dette var min djupaste glädje.”
”A stairway to heaven” , ja men trappa held fram vidare oppover. ”Tonen klingar vidare i nya slingor. Och den resan i klosteret har knappast varit mindre spännande än resan dit” avsluttar Sr. Sofie.





søndag 27. oktober 2013

Poetica:Attende


                                  Attende.



                                    Tett bjørnebærris

stien nesten attgrodd

skarpe torner rispar foten

bjørkeskogen har skote i veret

og dekkar nesten utsynet

mot fjorden stille og haustblank

langt der ute

kransen av holmar

pryda med glattskurte berg

kvilande i skuggen

no når sola står lågt

men slik er det

du kjenner att alt dette

sansane lever

bilete løfta frå djupe lag

eit varleg pust

lyset frå akkurat den kanten

dei kjende luktene

lyden av bekken

som snor seg varleg langs stien

for så å gjera eit brått kast

over berget like under.

Alt er som før

nesten som før

når stien vidar seg ut

ein grasvoll å trø over

ein himmel å undrast under

eit berg å stryka sorga på.






Jødehat i Europa

Det er blitt sagt at jødehat er ein sjuk som rammar ikkje-jødar men som jødar døyr av. Dessverre er det ein stadig aktuell problemstilling. EU-byrået Fundamental Rights Agency i Wien har nyleg gjennomført ei spørjeundersøking blant 5100 jødar i ni europeiske land. Resultatet er skremmande, tre av fire jødar opplever at antisemittismen er blitt verre dei siste fem åra. 22 prosent oppgjev at dei unngår å oppsøkja jødiske plasser eller bera jødiske symbol av frykt for å bli trakassert. I land som Ungarn og Frankrike opplever ni av ti at jødehat er aukande. Situasjonen i Ungarn er ekstra ille, der oppgjev 30 prosent at dei sjølv har opplevd antisemittisme det siste året. Interessant er det at overgriparane fordeler seg omlagt likt på islamistar og politiske ekstremistar på så vel høgre som venstre sida. Det støttar opp om det som mellom anna Bernt Hagtvedt har hevda, ekstremistar er samme ulla og møtest i eit felles hat mot minoritetar generelt og jødar spesielt.
Det er 75 år sidan Krystallnatta som innleia den organiserte jødeforføljinga under nazismen, mange tenkte nok at vi hadde tatt lærdom av det som skjedde då. Dessverre ser det ikkje slik ut. Norske jødar er ikkje med i den aktuelle undersøkjinga, men også i vårt land oppgjev jødar at dei har opplevd trakassering. Det har kome trugsmål mot synagogen i Oslo og for eit par år sidan vart det skote mot bygningen. Få jødar vågar å anmelda utslag av antisemittisme, milde domar, mellom anna mot Arfan Bhatti som skaut mot synagogen, har svekka tilliten til rettsapparatet.
Omskjeringa av gutebarn er ein mange tusen år gammal praksis i jødisk religion. Nyleg har det frå fleire hald blitt tatt til orde for eit forbod mot dette. Europarådet parlamentariker forsamling vedtok nyleg ein resolusjon der det blei oppfordra til å setja ei nedre aldersgrense for omskjering, nordiske barneombod har teke til orde for det same. Intensjonen er naturlegvis  tankar om kva som er best for barnet og ikkje antijødiske eller antimuslimske haldningar, men frå jødisk hald blir dette klart oppfatta som ei nedvurdering av deira religion og tradisjon. Tidspunktet for å ta opp denne problemstillinga er dårleg, jødar over heile Europa vil oppfatta dette som eit ledd i det aukande hatet mot den jødiske minoriteten. I USA er situasjonen ein heilt annan, der er det får som stiller spørsmål ved omskjering heller ikkje frå ein medisinsk synsstad.
Korleis møter vi dette i tida framover ? Har vi ikkje lært av antisemittismens blodige historie eller kjenner vi ikkje denne ? Mangel på kunnskap vil alltid byggja opp om fordomar, og viktigare enn nokon gong er det at vi stadig blir minna på kva det jødiske folket har gått igjennom tidlegare. Null toleranse for trakassering av ikkje bare jødar men og andre minoritetar som romfolket må vera noko vi heile tida har som mål. Eit rettsapparat som tek dette på alvor er og med på å styrka desse haldningane.

Politiet utanfor synagogen i Oslo i samband med trugsmål frå islamistar i 2012

onsdag 23. oktober 2013

I`ll meet you in the morning

Shine, shine
I`ll meet you in the morning
Oh, my soul`s gonna shine


Kristin Asbjørnsen kom i forige månad med ny CD med tittelen "I`ll meet you in the morning". Ho har dei siste åra markert seg som ein sentral aktør i norsk musikkliv innan spirituals og jazz. Den siste CD er og i sjangeren african-american spirituals men med hennar personlege uttrykksform. Ho held seg ikkje strengt til originaloppskrifta men prøver å finna sin eigen veg inn i stoffet inspirert også av folkemusikk, world-music og moderne jazz. Kristin Asbjørnsen var den siste eleven til den legendarisk sprituals og gospel sangerinna
Ruth Reese, og ho overtok notane hennar.Det såg ho som ei store ære, nærast eit kall. Spirituals platene hennar er forankra i Ruth Reeses musikk.
Spirituals sjangeren har sin bakgrunn i musikken som oppstod under dei afro-amerikanske slavane sin fridomskamp. Borgarettskampen i forige hundreår var og sterkt inspirert av denne uttrykksforma. Martin Luther King brukte  spirituals for å fremja sin bodskap.
Det er sprengkraft i denne musikken både religiøst og politisk,som det er umogleg å vera likegyldig til.Det andelege og politiske går paralellt, det ein skyggar ikkje for det andre.
Kristin Asbjørnsen sin personleg vri på denne musikken gjev oss ei ny og inspirerande oppleving. Dette er stort å lytta til.


I`m gonna cross the river of Jordan
I`m gonna cross it for myself
There`s no one here to cross it for me
I`m gonna cross it for myself

I`m gonna meet my dear old mother
I`m gonna meet her for myself
There`s no one here to meet her for me
I`m gonna meet her for myself.
https://www.youtube.com/watch?v=gq3HQfP-yVo

tirsdag 22. oktober 2013

Gs bok

Gs bok er første bindet i Kvartett 2008 av lyrikaren Paal-Helge Haugen. Paal-Helge Haugen opprinneleg frå Valle i Setesdal har markert seg som ein av dei mest sentrale norske forfattarane frå 1960 talet og fram til i dag. I Gs bok har han nytta bibel sitat henta frå den første nynorske bibelomsetjinga frå 1921 som utgongspunkt for lyriske refleksonar. For Haugen representerar ikkje dette noko bestemt syn på kvaliteten  av norske bibelomsetjingar gjennom tidene, men derimot ein  tributt til desse første omsetjarane som i så høg grad har forma nynorsk stilkjensle. Ein av dei fremste var språkforskaren Aleksander Seippel, han vaks og opp i Setesdal, og  er den som står bak mange sentrale bibelske uttrykk. Eit døme på det er ordet læresvein.
Paal-Helge Haugen er med på å løfta fram bibeltekstane som heilt sentrale ikkje berre religiøst, men og litterært som grunnlag for heile vår kulturelle forståing.



Kven er denne mannen som kjem imot oss paa marki ? 1 Mos 24.65

Til knes i skumring
og låge tåkestryk
over myrlandet
der han freistar ta seg fram
bortanfor kompasset

Han er utan oppakning
Lett kledd og hungerrask
Han har ingenting
utanom lufta
Den er det nok av
Han drikk av den fuktige myrlufta
i november

Tåka formulerer og reformulerer seg
i nesten avlesbare teikn
nesten forståeleg nå
før nye teikn drive inn og ut
Han er til knes i teikn
utan feltordbok utan glossar
utan ord

i myrlandet
der han etterlet seg spor
tydelege spor
og brunt vatn som renn inn og fyller
..................................

Dei gav honom eit stykke steikt fisk og noko av ei honningkaka, og han tok det og aat for augo deira.  Luk 24.42-43

Dagane fylte til randa, fløymer over
Alt som har hendt vender attende
Det er her
Det har hendt
og hender
og skal halde fram med å hende
alltid

Eit saltkorn som gjennomtrenger alt
med smaken av salt

Kroppens vesle etui. Hylster
gjennomlyst som vatn
Midt i det verkelege
Tvers gjennom det uverkelege
Han fyller hendene
med det som er

og lufta flyt mellom oss
som mjølk
som honning




tirsdag 15. oktober 2013

Teresa av Avila

I dag 15. oktober feirar vi  minnedagen for Den heilage Teresa av Avila(1515 - 1582). Ho vart i 1970 utnevnt til kyrkjelærar, og dagen er såleis viktig for Kyrkja generelt men ikkje minst for alle som føler seg tiltrekt av den karmelittiske vegen.
Den tyske-jødiske filosofen Edith Stein er på 1920 talet ei søkjande sjel, under vitjing hos vener kjem ho ein kveld over Teresas sjølvbiografiske verk "Boken om mitt liv." Edith les boka i eit strekk denne natta, neste morgon står det klart for henne: " Dette er sanninga!" Ho følgjer sjølv i Teresas fotspor som karmelittnonne, seinare martyr og helgen og ein av Karmels store andelege vegleiarar.
Edith Stein såg sanninga i Teresas skrifter slik uttalige andre ukjente har gjort det.
Teresa er ikkje alltid like lett å følgja, ho er ordrik, springande og gjentek ofte seg sjølv.  Likevel er ho ein sikker vegleiar inn i mystikken og den indre bønas landskap. Vi ser det ikkje alltid med ein gong når vi les og les og føler oss lettare forvirra. Men så brått oppsummerar ho det heile i ei enkel setning som alle kan forstå. " Den indre bøna  synest for meg ikkje å vera noko anna enn venskapeleg omgang  og flittig samtale i einsemd med den vi veit elskar oss." (kapittel 8.5)

Antifon til Magnificat: La ikke hjertet bli grepet av angst. I min Fars hus er det mange rom, og jeg går for å gjøre i stand et sted for dere.

mandag 14. oktober 2013

Soeur Marie Keyrouz

I 1989 kom Marie Keyrouz sin debut CD "Chant byzantin" og vart  fekk strålande kritikk i store delar av Europa. Repertoaret var mildt sagt orginalt, den eldgamle byzantinske liturgiske songen , vel så stort inntrykk gjorde hennar virtuositet som songar. Seinare har det blitt ei rad rekkje innspelingar og turnear saman med "L`ensemble de la Paix" som akkompangerar henne.
Søster Marie Keyrouz vart fødd i Libanon i 1963, ho vaks opp som maronitt men høyrer no til ein orden knytta til Den melkittiske gresk katolske kyrkja. Både den maronittiske og melkittiske kyrkja er orientalske, unerte kyrkjer , dvs. at dei har austleg liturgi men er formelt katolikkar.
Søster Marie Keyrouz er ikkje bare nonne og songar men har også grundig vitskapeleg skolering innan musikk og antropologi frå Sorbonne. Ho har eit vidt repertoar som spenner frå gammal maronittiske og melkittiske song, via gregoriansk og ambrosiansk liturgisk song til vestleg klassisk musikk. Dette prøver ho å formidla til eit moderne vestleg publikum. For Marie Keyrouz er dette og ei formidling av evangeliet. " Når du syng ber du to gonger" seier ho og viser til kyrkjefedrene.


 Linke til You tube der Søster Marie Keyrouz syng tradisjonell maronittisk liturgisk song.

https://www.youtube.com/watch?v=nwNUzCxxB2Y


Soeur Marie Keyrouz med L`ensemble de la Paix.

søndag 6. oktober 2013

Den andre mannen

Det er mange som har hatt  stort utbytte av å fordjupa seg i lyrikaren Olav H. Hauges ( 1908-1994) diktsamlingar. Fleire av dikta har vorte klassikarar som vert siterte i ulike samanhengar. Då han døydde  var det nok få som tenkte ein skulle få enno fleire verk av denne særmerkte diktaren. Men så kjem dagbøkene hans i fleire omfangsrike bind, og for eit par år sidan også samling med brev. Olav H. Hauge førte dagbøker frå han var femten år og til like før han døydde våren 1994. Dagbøkene er dels skildring av daglegdagse aktivitetar, dels djuptfløyande kommentarer og analysar av litteratur. Men her er og djupt personlege tekstar, ord og setningar som framstår nakne og sårbare. Det heng   saman med forfattarens livslange psykiske plager som medførte ei rekkje kortare og lengre opphald på Valen psykiatriske sjukehus i Sunnhordland. Sjukdomen byrja i 20 års alderen, etter siste sjukehusopphaldet på byrjinga av 1960 talet klarte han å takla plagene slik at han unngjekk nye sjukehusopphald. Sjukdomen prega så vel livet som diktinga hans, han talar om "den andre mannen" inne i seg. 27.mai 1961 har han eit lengre innlegg i dagboka der han går nærare inn på sjukdomsåra  og analyserar "den andre mannen". Olav H.Hauge skriv: " I diktet "Skriket" har Uppdal sagt noko om den andre mannen i oss. Eg kjenner godt den andre mannen, men eg har ikkje late han tala. For det er gut som kan tala det. Han trivlar ikkje etter ordi. Alt er absolutt og avgjort, for han veit, som Dante visste. Uppdal let honom sleppa til stundom, ja ofte, og det er gut som har syner og dikt. Eg har vore altfor redd." 
"Den andre mannen" er utgongspunktet for, og dessutan tittelen på teaterstykket som går på Nationalteateret. Det har tidlegare vorte framført i ein radioteaterversjon. Stykket er samansett av utdrag frå Olav H. Hauges dagbøker og eit par av dikta hans. Henrik Mestad er "den andre mannen", han formidlar desse sterke tekstane på ein framifrå måte. Han er åleine på scenen berre akkompangert av saksofonisten Trygve Seim . Musikken undertrekar det nakne og sårbare i teksten. " Nakent, nært og nådeløst" skrive Aftenposten og eg kan slutta meg til det.
Olav H.Hauge er ein diktar eg aldri vert ferdig med, eg kan stadig venda tilbake til han og finna noko nytt. Teaterstykket "Den andre mannen" understreka dette, sjølv om orda vart kjente fekk Henrik Mestad oss til å oppleva dei på ein heilt ny måte.
Diktsamlinga "Ørnetuva" kom kom ut på den tida "Den andre mannen" konsentrerar seg mest om (1961), eg vil avslutta med eit velkjent dikt frå denne samlinga."Kom ikkje med heile sanningi."

Kom ikkje med heile sanningi,
kom ikkje med havet for min torste
kom ikkje med himmelen når eg bed um ljos,
men kom med ein glimt, ei dogg, et fjom,
slik fuglane ber med seg vassdropar frå lauget
og vinden eit korn av salt.

Frå førestillinga "Den andre mannen" med Henrik Mestad og Trygve Seim.

torsdag 3. oktober 2013

Babylonsk harpe

Angelus.

Lett og stille
står du i døra
eit ljos
ein ange
eit vinddrag
frå den andre verda
går føre deg
fylgjer etter deg

Ave !

djupt bøyer eg meg
samlar alt i eitt punkt

andlet
mot andlet
står vi

alt er mogleg no


Slik innleiar den nyleg utgjevne diktsamlinga "Babylonsk harpe" av avdøydde pater Arnfinn Haram. Angelus
-Mariabøna som føl oss gjennom dagen og som samlar oss i eit punkt, samlar oss om det viktigaste er   ein vakker start på boka og  er er nok heller  ikkje tilfeldig vald.
Det var eit stort tap då Arnfinn Haram døydde brått i fjor sommar, eit tap for Dominikanarordenen, for Den katolske kyrkja i Noreg, men og for alle andre som han klarte å nå ut til. For Arnfinn Haram var eit på alle måtar engasjert menneske som nådde lengre utover kyrkjemurane enn dei aller fleste. Han var ein skatta foredragshaldar i ulike samanhengar, og ein klart talande samfunnsdebattant. Han hadde så mykje å gje til så mange, difor kjentest tomromet desto større. Men Arnfinn Haram hadde meir på lager, brått dukkar det opp ei diktsamling. Han var ikkje berre prest, munk, skribent og samfunnsdebattant, men også poet. Han let etter seg ei rekkje dikt som  Eskil Skjeldal og Ronny Spans har redigert, og som er gjeve ut på Efrem forlag i haust. Kulturredaktør i Aftenposten Knut Olav Åmås har skreve etterord. Eg opnar boka med forventning og vert ikkje skuffa, her er fine djuptloddande tekstar å ta med seg vidare. Tittelen på boka spelar på salme 137: "Ved elvane i Babel sat vi og gret når vi tenkte på Sion. Vi hengde lyrene opp i piletrea." Treet sørgjepil har navn etter denne bibelske referansen - " salix babylonica pendula".
Det ligg ei djup lengting og sorgkjensle under dette, som jødane i eksil kan vi lengta heim, lengta etter ein djupare fred. Men kanskje kan vi og erfara litt av denne freden her og no ? Arnfinn Haram skriv:

Fred
kvar kom du frå ?

du kom
ikkje som sum
av mine tankar
ikkje som nei
til mine lengsler
ikkje som ja
til mine rop
ikkje som trøyst
til mi fortviling
eller som eit ljos
i mørkret
du berre kom

som ein stor fugleveng
og dekte meg
bar meg
inn i eit høgare rom
inn i noko anna
som ingen kan nå
eller skiple

er det
Du?

Arnfinn Haram skriv i eit enkelt og lettforståeleg språk. Han skriv om venskap, kjærleik, språk, natur, om Maria , Frans  og sankt Mikael. Angelus opnar boka og eg opplever at dette er ei diktsamling inneslutta og bore fram av dei liturgiske bønene, tidebønene, officiet ( eit dikt har han og kalla Officium ved havet). Kva er då meir naturleg enn å avslutta med  Vesper, kveldsbøna. Det er kanskje og det vakraste diktet i denne samlinga.

Å kveld
som gøymer alt
i di djupblå kappe
gøym meg også er du snill

kvifor skal åsane
trea og markene
få krypa under dyna di
og ikkje denne vesle kroppen
av angst
og lengsler ?

også eg vil gå i eitt
med himlen
slik som du
gli inn i ei blå æve
av fred.

                                          Salix babylonica pendula - syrgjepil ved elvebreidda.

tirsdag 1. oktober 2013

Thérèse de Lisieux.



Vi feirar i dag 01. oktober minnedagen for St .Thérèse frå Lisieux.

I boka ”Natten är mitt ljus” skriv karmelittpater Wilfrid Stinissen  om ”Lilla Teresas ”revolution”. Han skriv at vi i dag kanskje har betre forutsetningar for å bli mystikarar enn våre forfedre. Den som vi meir enn nokon har å takka for dette er Thérèse. Ho har skapt en ny ”helighetstyp” seier Stinissen, men legg så til at det vel snarare er slik at ho gjenoppdaga evangeliets syn på det å vera heilag. Forfattaren Gunnel Vallquist går så langt at ho i ein artikkel hevdar at det var akkurat Thérèse som la grunnen for den teologi som kom til å prega Det andre Vatikankonsilet!

Kva er det som gjer Thérèses bodskap så spesiell ? Kanskje er det akkurat det at det ikkje er spesielt og komplisert, det er enkelt og liketil. Stinissen samanfattar
Thérèse sin bodskap i tre punkt:
1.Det å vera heilag består ikkje i å vera feilfri, men i å ha total tillit til og gje seg heilt over til Gud. Det er ikkje snakk om å bli betre og finare, men å veksa i tillit.

Å vera heilag er ikkje krav men gåve. Ikkje det at eg må gjera sånn og sånn men at ”jag får lita på Gud.”

2.Det krevst ingen spesielle forutsetningar for å bli helgen. Ingen sterk vilje, ingen god karakter, ikkje særskilt mot. Det gjeld ikkje å bli stor men liten, ikkje vaksen  men barn, ikkje rik men fattig. ” At kyrkan i vår tid medvetet prioriterar de fattiga har säkert  samband med Lilla Teresas upptäckt” skriv Stinissen.

3.Det trengst ikkje  lenger ekstraordinær askese for å bli heilag. Thérèse kjem med eit heilt nytt syn på askese. Det er ikkje gjennom  kroppslege botsøvingar at ein blir eit betre menneske. ” I stället för at riskera att bli ”stor” genom hård kroppslig askes gäller det att bli av med sin egenvilje.”

Thérèse viser oss veg gjennom alt det uklare og komplisert til det enkle og innlysande, ho viser oss ”ein liten veg” basert på kjernen i Evangeliet.

 


Bønn til laudes for dagen: Gud , vår Far du som åpner ditt rike for små og ydmyke, hjelp oss tillitsfullt å følge den salige Tereses lille vei.Før oss på hennes forbønn til den evige salighet.