mandag 29. oktober 2018

Den heilage Oscar Romero

Sist helg vart sju personar heilagkåra av pave Frans, mellom dei pave Paul VI og erkebiskop Oscar Romero frå El Salvador. Oscar Romero var ein uredd forkjempar for sosial rettferd og mot vald og undertrykking i heimlandet. Han måtte bøta med livet for det, 24. mars 1980 vart han myrda medan han feira messe i eit lite kapell. Det brutale mordet vekte intenasjonal oppsikt og fordøming. På 1980 -90 talet vart fleire land i Mellom-Amerika herja av brutale borgerkrigar med tusenvis av offer. Borgerkrigane vart utkjempa mellom brutale USA støtta regime og venstreorienterte geriljarørsler som heller ikkje stod tilbake når det kom til brutalitet. Mellom-Amerika var  i mykje større grad enn i dag i medias søkelys. Etter som det vart inngått avtalar mellom dei stridande var ikke valdshandlinga lenger så åpenlyste, men det er stort sett ikkje gått til det betre, i dag er desse landa offer for narkotikakriminalitet og har  nokon av dei høgste drapsratene i verda! Dette er og noko av bakgrunnen for flyktningestraumen nordover mot den amerikanske grensa.

Oscar Romero er utan tvil det mest framståande offer for  valden i Mellom-Amerika. Alt tidleg vart han eit viktig symbol i kampen  mot vald og urettferd. Det inspirerte mellom anna FN til  å erklæra hans dødsdag 24. mars til " Internasjonal dag for retten til sannhet om alvorlige brudd på menneskerettighetene og for ofrenes verdighet."

Oscar Romero vart fødd 15. august (Maria himmelfartsdag!) 1917, han byrja på det jesuittdrevne presteseminaret i San Salvador i 1937 og vart prestevia i 1942 under studieopphald i Roma . Tilbake i heimlandet i 1944 arbeidde han som sokneprest, han dreiv såvel pastoralt som sosialt arbeid, og fekk ry som ein fengslande predikant. I 1970 vart han utnemd til hjelpebiskop og i 1970 til biskop, han vart oppfatta som politisk konservativ så det var i tråd med styresmaktene sine ønske. Dette skulle snart forandra seg, særleg etter at  han i 1977 vart utnemd til erkebiskop av San Salvador. Oscar Romero fekk gradvis augene opp for den sosiale urettferd og  undertrykking som herska i landet, ikkje minst vart dette tydeleg etter det brutale drapet på hans nære ven jesuitten  Rutilio Grande SJ som arbeidde for rettane til dei fattige landarbeidarane. Han kom med sterk kritikk av undertrykking og vald i sine ukentlege preiker som og vart kringkasta til heile landet. Han fekk ein stor tilhengar -skare, og vart og kjent i utlandet. Det skulle visa seg å ikkje vera eit vern mot dei brutale dødsskvadronane leia av Roberto d`Aubuisson.

Det salvadoreanske  folket oppfatta han tidleg som ein heilag martyr. Under si vitjinga i El Salvador i 1983 ba pave Johannes Paul II ved grava til Romero. I 1990 vart det opna ein heilagkåringsprosess for Oscar Romero. Lenge vart det diskutert fram og tilbake om han var ein martyr, dvs drept pga "hat til trua - in odium fidei " ,  men i 2012 like før han abdiserte gav pave Bendikt grønt lys for å føra saka vidare. i 2015 vart  han saligkåra på plassen El Salvador del Mundo med 280.000 personar tilstades, mellom dei både politikarar og geistlege frå ei rekkje land.  Etter det obligatoriske mirakelet
var det så klart for at han 14. oktober formelt kunne kårast til Den heilage Oscar Romero.

Oscar Romero er ein martyr og helgen som når langt utover Den katolske kyrkjas grenser. Eg har alt nemnd korleis han har inspirert FN, eit anna døme er statuene på vestporten av Westminster Abbey i London der han er ein av ti martyrar frå ulike kyrkjesamfunn som vart drepne på 1900 talet. Oscar Romero er i dag ein forbedar og inspirator for alle som inspirert av evangeliet arbeider mot vald og urettferd og for fred og rettferd!



     Det er og naturleg at han er skytshelgen for den katolske hjelpeorganisasjonen Caritas





onsdag 24. oktober 2018

Relikviar og økumenikk

Innlegg i Vårt Land 13. oktober:


Relikviar og økumenikk. Thérèse av Lisieux – ein økumenisk helgen ?

I oktober – november i år kjem relikviar av Den heilage Thérèse av Jesusbarnet (av Lisieux) og hennar helgenkåra foreldre Louise og Zélie Martin  på ei rundreise til kyrkjelydar og kloster i heile Norden. I St. Svithun katolske kyrkjelyd vart relikviane teke imot av ei fullsatt kyrkje mandag 08. oktober, og var sentrum for bøn og messefeiring før dei held fram nordover til St. Paul kyrkje i Bergen dagen etter.

Vørdnad for relikviar er vel noko av det i katolsk religiøsitet som er mest fjernt for protestantiske kristne. Kanskje er det pardoksalt, for dette er noko som har sin bakgrunn i oldkyrkja der dei første kristne samlast til gudsteneste på martyrgravene. Det er og klart omtala i Bibelen, jmfr. Apgj. 19. 11-12. Men det har og vorte misbrukt og fått tildels makabre uttrykk. Biskop i Stockholm og kardinal Anders Arborelius poengterar at vørdnad for relikviar må forståast utfrå inkarnasjonen og den oppvurderinga av alt materielt det inneber. Men relikviar  har ingen funksjon dersom dei ikkje peikar mot personen Jesus Kristus.

Kven var så Thérèse av Lisieux( 1873 – 97) og kvifor har ho fått så stor betydning og vorte det som enkelte kallar ei «katolsk superstjerne»?  Ho døydde ung og ukjent i eit karmelittkloster i Lisieux i Normandie, teologisk uskolert, og i det ytre skilde ikkje livet hennar seg frå andre unge nonner på den tida. Likevel er ho blitt den meste populære helgen i moderne tid, og  i 1997  vart ho av pave Johannes Paul utnemd til kyrkjelærar og er dermed sidestilt med dei viktigaste teologane i kyrkjas historie. Korleis kunne dette gå til ? Thérèse skreiv, ho skreiv ei mengde brev, små dikt og skodespel, men framfor alt ein sjølvbiografi (En sjels  historie) som kom ut året  etter hennar død, og på kort tid vart spreidd i store opplag og omsett til over femti språk. Dersom vi går bak 1800 talets blomerike form møter vi her ei ung  kvinne med djup innsikt i evangeliet og det andelege livet. På denne tida stod katolisismen og protestantismen steilt mot kvarandre, og økumenikk var ikkje ein aktuell problemstilling heller ikke for Thérèse, men hennar innsikt var likevel økumenisk!

Både Martin Luther og Thérèse søkte ein rettvis Gud, og begge reagerte på uheldige utslag i samtidas religiøsitet med vekt på gjerningar, askese, bot og soning. Men reaksjonsforma var ulik, den svenske forfattaren Gunnel Vallquist  skriv om dette:
«Så smånigom skulle det stå klart att denne lilla nunna, utan några teologisk spekulationer og utan någon polemik….. gjort rent hus med precis detsamma som Luther med så mycket buller og bång gått til storm emot: kravet att man måste prestera något för att bli förtjänt av Guds kärlek.” (Svenska Dagbladet 1973)

Luther søkte ein nådig og rettvis Gud og fann svar i Paulus brev til Romarane.For Thérèse var og Paulus viktig, og ho noterte dei same versa som Luther la vekt på i sitt breviarium.  Vel så viktig for henne var ein del tekstar frå Det gamle testamentet, framom alt  Jesaja 66. 12-13: « De skal suga, berast på armen og voggast på fanget. Som ei mor trøystar barnet sitt, slik vil eg trøysta dykk.»  Er Gud primært rettvis eller miskunnsam? Thérèse skjer igjennom og skil ikkje mellom desse eigenskapane, Gud er alltid miskunnsam og rettvis, ein kan ikkje skilja desse eigenskapane på same måte som vi ikkje kan skilja tru og kjærleik. Hos Thérèse er trua ein av kjærleikens eigenskapar. Kjernen i Thérèses bodskap blir ofte kalla « den vesle vegen» - vi er heilt avhengige av Guds nåde, vi står framom Han med «tomme hender», vi er små og svake og har ingen prestasjonar å visa til. 
Thérèse har hatt enorm betydning for mange katolikkar, i Frankrike er det knapt ei kyrkje utan eit alter vigd til henne, vi er mange som er glade i «vår vesle Thérèse». Hennar økumeniske innverknad  er ikkje så klar, men då Den katolske og lutherske kyrkja kom med felleserklæringa om rettferdiggjeringa i 1999 trur eg Thérèse hadde «eit ord med i laget». Ho ville utan tvil gått god for følgjande sitat:
«Ene og alene av nåde og ved troen på Kristi frelsesverk og ikke på grunn av noen fortjeneste i oss selv blir vi godtatt av Gud og mottar den Hellige Ånd som fornyer hjertene, kaller og setter oss istand til å gjøre gode gjerninger». (Erklæringen 3.15)

Karmelittmunk Wilfrid Stinissen ocd skriv: «Thérèses økumeniske betydning er nok mykje større enn vi har innsett, og på dette området har vi sikkert store overraskingar i vente.»
Relikvievalfarten til Thérèse og hennar foreldre blir difor  ikkje eit bisart
 skodespel frå barokken, men eit høve til å setja fokus på det sentrale i evangeliet: «Ordet vart menneske», vi er kalt til bøn og omvending, vi blir frelst og heilaggjort av Guds nåde  åleine og ikkje ved  eigne prestasjonar.

                                                                Relivieskrinet

Poetica: Melderskin

Dikt om fjellet Melderskin (1426 moh) som stod i lokalavisa Grenda i september.


søndag 14. oktober 2018

Vår Frue av Rosenkransen

13. oktober feira vi "Vår Frue av Rosenkransen" med messe og Mariaprosesjon etterpå. Fullsatt kyrkje og stor deltaking i prosesjonen med kors og Mariastatue og alle med sine små lys som dei løfta opp når vi i felleskap song Ave Maria !. Vi ba Rosenkransen og Fatima bønene på ulike språk representert i vår menighet. Det gav ei sterk kjensle av fellesskap på tvers av nasjonar og språk. Planen er at dette skal bli ein årleg tradisjon 13. oktober som er dagen for den siste Mariaopenberringa i Fatima med det såkalla solunderet. Oktober er Rosenkransmånaden og vi blir oppfordra til å be og meditera over dei evangeliske mysteria med Marias hjelp.


                                            Engelen brakte Maria det glade budskap

                                                   Hill deg Maria, full av nåde

Je vous salue Marie, pleine de graces
                                             
                                       Ave Maria, cheia de graca, o Senhor e convosco

onsdag 10. oktober 2018

Relikvievalfarten

I løpet av oktober - november i år vil relikviane til Den heilage Therese av Jesusbarnet (Lisieux) og hennar heilage foreldre Louis og Zelie Martin vitja kyrkjelyder og kloster i heile Norden. Mange pilegrimsmål er knytta til ein særskilt helgen/helgegrav, og vi er vant med dra heimanfrå på pilegrimsreise, no opplever vi det motsatte, dei heilage kjem til oss!

Å æra relikviar er fjernt for alle protestantiske kristne og nok og for mange katolikkar, iallfall norskfødde konvertittar ( kanskje har vi her  noko å læra av våre nye katolske landsmenn ?). Relikviekulten skriv seg frå oldkyrkja, dei kristne samlast på martyrgravene til bøn og feiring av eukaristien. Det er og omtalt fleire stadar i Bibelen, Relikviar kan bare forståast i lys av inkarnasjonen og den oppgraderinga av alt jordisk det innebar. Likeeins har relikviar ingen funksjon dersom dei ikkje peikar mot Jesus Kristus og leiar oss til ein djupare relasjon med Han.

Relikvievalfarten starta i Stockholm 29. september, og kom til Oslo 6-7 oktober , til Stavanger 8-9. oktober og vidare nordover til Bergen.
Feiringa i St. Svithun kyrkja om kvelden og ettermiddagen  mandag 08. oktober vart ei vakker og nåderik oppleving for ei fullsatt kyrkje. Om natta var det bønevake, før ein sa farvel til dei heilage neste formiddag med rosenkransandakt og messe.


"Hellige Therese, Louis og Zelie, vi hilser dere velkommen til vår menighet og ber om deres forbønn for oss."

"La oss hilse helgenenes relikvier velkommen ved å lovsynge Gud sammen med de hellige"








" Må Gud, de helliges glede og ære, som har stilt dere under de hellige Thereses, Louis og Zelies mektige forbønn, velsigne der med evig velsignelse."



" Vi må forstå denne valfarten, hvore relikviene av Therese og hennes foreldre kommer til oss, som et synlig, ja, legemlig uttrykk for Guds uendelige barmhjertighet mot sitt folk. De minner oss også om vårt eget kall: å la oss forvandle av Guds nåde i Jesus Kristus. Da kan  vi gi Evangeliets budskap videre til alle vi møter på vår jordiske vandring. Siden Therese kommer hit sammen med sine foreldre, blir vi også minnet om familiens store betydning. Therese vokste opp i en dypt troende familie, og fikk der ta imot sin tro og sitt kall. Vi ber om at relikvievalfarten blir til velsignelse for alle familier. Måtte Therese og hennes foreldre hjelpe oss alle å åpne oss for Faderens kjærlighet, så vi med Den hellige ånds hjelp kan følge Jesus stadig mer trofast. Slik blir vi troverdige vitner som kan dele vår tro med andre. Det finnes så mange mennesker i vårt land som, bevisst eller ubevisst, venter på budskapet om Guds uendelige barmhjertighet og vår verdighet som hans elskede barn."

( fra den nordiske bispekonferansens hyrdebrev)

tirsdag 2. oktober 2018

St.Volodomyrs katedral

Vi føl Ivana Franka gata frå høgdedaget bak, og så dukkar brått katedralen opp, St. Volodomyr med vakre blå kuplar, okergule murar som varmer i kveldssola. Inne er det ikkje stille, ein jamn straum av truande går ut og inn av katedralen, lys  blir tent, ikonar æra med kyss og bøygde hovud, krossteiknet frå høgre mot venstre og ikkje motsatt som hos oss. Ved inngongen fleire utsalg av ikonar, lys og andre religiøse gjenstandar. Vi undrast kva gjorde 70 års propaganda for ateismen ?

St. Volodomyr katedral overlevde bolsjevikstyret i motsetnad til mange andre kyrkjer i Sovjet-Unionen. Kyrkja fungerte som museum for ateismen frå 1920 talet til etter krigen då kyrkja på ny vart opna.Katedralen vart fullført i 1882 og er altså ikkje gammal, bakgrunnen for det var 900 års jubileet for storfyrste Volodomyr av Kiev (Vladimir eller Valdemar) kristning av Kiev. Katedralen vart for ein stor del bygd for innsamla midlar.  Dette vart etter kvart eit senter for den urainsk - ortodokse kyrkja og er det på ny no. Igjen lyder ortodokse bøner og hymner på ukrainsk under dei mektige kuplane.
Men det er ein bakside av politisk art, det går før seg ein bitter strid mellom ortodoks truande som er lojale mot Moskava patriarkatet og dei som føl den uavhengige ukrainske kyrkja- Kiev patriarkatet.

Volodomyr( 958 - 1015) var storfyrste av Kiev, han blir og kalla den heilage eller den store alt etter samanhengen. På mange måtar har han ein tilsvarande funksjon i Ukraina som Olav den heilage hos oss. Volodomyr hadde også sterke band til Norge, i striden etter farens død måtte han flykta og søkte då hjelp hos Håkon jarl som hjelpte han med ein hæravdeling. Sonen Jaroslav som styrte landet frå 1019 - 1054 var vertskap for Olav den heilage då han drog i eksil. Jaroslav hadde ei dotter Elisaveta (Ellisiv på norsk) som vart gift med Harald Hardråde og altså dronning av Norge ein periode på 1000 talet!




           På ein utstilling fann vi denne moderne versjonen av dronning Ellisiv



mandag 1. oktober 2018

MInnedagen for Den heilage Therese

I dag 01. oktober 2018 feirar vi minnedagen for Den heilage Therese av Jesusbarnet og det heilage andlet (av Lisieux) med særleg stor glede. Dette er naturlegvis på bakgrunn av at relikviane av Therese og hennar heilagkåra foreldre Luise og Zelie Martin kjem på ei rundreise til kyrkjelydar og kloster i heile Norden. Det har alt starta i Sverige men frå 06. oktober kjem relikviane til Norge. Først St. Johannes i Oslo, deretter Stavanger, Bergen, Hønefoss, Trondheim, Narvik, Harstad, Hammerfest og ikkje minst Tromsø der dei blir fem dagar i karmelittklosteret Totus Tuus. Det er lagt opp til omfattande program med messer, tidebøner, rosenkrans, meditasjon og foredrag. Det er mykje å sjå fram til ! Dette blir ein inspirasjon til å fordjupa oss i Thereses bodskap som også er det sentrale evangeliet. Thereses innsåg at ho var liten og hjelpelaus, ho hadde ikkje noko anna å møta Gud med, ho var heilt avhengig av Hans miskunnsame  og rettvise nåde !




LITANI TIL DEN HELLIGE THÉRÈSE AV JESUSBARNET
Herre, miskunn deg. Herre, miskunn deg.
Kristus, miskunn deg. Kristus, miskunn deg.
Herre, miskunn deg. Herre, miskunn deg.
Kristus, hør oss. Kristus, bønnhør oss.


Gud Fader i himmelen, miskunn deg over oss.
Gud Sønn, verdens Frelser,
Gud Hellige Ånd,
Hellige Treenighet, én Gud,


Hellige Maria, be for oss.
Hellige Thérèse av Jesusbarnet,
Du som er kirkelærer i kunnskapen om kjærligheten,
Du som lærer oss den åndelige barndom,
Du som fikk innsikt i Faderens kjærlighet og barmhjertighet,
Du som visste å velge alt det Gud ville,
Du som ble tiltrukket av Jesus alene,
Du som ble kjærligheten i Kirkens hjerte,
Du som ikke strebet etter det som er oppsiktsvekkende,
Du som glemte deg selv for å glede Guds hjerte,
Du som var trofast mot Gud selv i de minste ting,
Du som viet deg selv som offer til den Barmhjertige Kjærlighet,
Du som lot Guds styrke stråle i din svakhet,
Du som var enkel både i gleden og i lidelsen,
Du som ydmykt tok imot alt som Guds nåde,
Du som levde i Karmel for sjelenes frelse og prestenes helliggjørelse,
Vernehelgen for førstekommunionsbarn,
Vernehelgen for misjonen,
Søster til de ikke-troende og til de som tviler,
Søster til de som er såret av livet, til de motløse og fortvilede,
Forbilde på nestekjærligheten som ser Gud i hvert menneske,
Forbilde på barnlig tillit til Gud,
Forbilde på en hellighet som er oppnåelig for alle,


Guds Lam, som tar bort verdens synder, skån oss, Herre.
Guds Lam, som tar bort verdens synder, bønnhør oss, Herre.
Guds Lam, som tar bort verdens synder, miskunn deg over oss.


V: Se hvor stor kjærlighet Faderen har vist oss.
S: Vi får kalles Guds barn, ja, vi er det!


La oss be: Gud, du åpner ditt rike for de små og ydmyke. Hjelp oss trofast å vandre på den hellige Thérèses lille vei. På hennes forbønn ber vi, styrk vår kjærlighet og tillit til deg, slik at vi blir helliggjort her nede og kan lovprise din barmhjertighet i all evighet i himmelen. Ved Kristus, vår Herre. Amen.




Si le bon Dieu exauce mes desirs, mon Ciel se passera sur la terre jusqu`a la fin du monde. Oui, je veux passer mon ciel a faire du bien sur la terre.