lørdag 29. september 2012

Mikkelsmesse

I dag 29. september er minnedagen for dei heilage erkeenglane Mikael, Gabriel og Rafael.
Etter gammal norsk tradisjon Mikkelsmesse, Mikeli eller buferdsdagen. Opprinneleg var  det erkeengelen Mikael(Kven er som Gud ?) som vart minna denne dagen, men etter kalenderrevisjonen i 1969 vart minnedagane for erkeenglane slegne saman slik at det vart ein felles dag for Mikael, Gabriel og Rafael i vesten. Dei ortodokse har fleire festdagat for englane.
Iflg. tradisjonen var Mikael den erkeengelen som var leiar for dei englane som var trufaste mot Gud. Han hadde fire ansvarsområde. Det første var å slåss mot Satan, det andre å redda dei truandes sjeler frå fienden. Det tredje  var som forkjempar for Guds folk, difor er han også skytshelgen for Kyrkja.
Den siste oppgåva var å henta sjelene  frå jorda og bringa dei fram for domen. Det siste finn vi skildra  i norsk folkeleg tradisjon i "Draumkvedet."
Gabriel (Guds kraft) kjenner vi frå Daniels bok og frå Lukas evangeliet der han kjem med bodskap både til Sakarias og Josef, og ikkje minst bodskapen til Maria om at Gud skulle bli menneske.
Rafael (Gud har lækt) er etter tradisjonen den engelen som steig  ned å rørte opp vatnet i dammen der dei sjuke kunne stiga ned og verta lækt slik det er skildra i Joh 5,4. I Tobits bok er han den engelen som føl Tobias på reisa hans og slik er han knytta til pilegrimsreiser.

Antifon: "Havet bruste og jorden skalv da erkeengelen Mikael steg ned fra himmelen."

Antifon: "Engelen Gabriel viste seg for Sakarias og sa: Din hustru Elisabet skal føde en sønn og han skal kalles Johannes."

Antifon: "Jeg er engelen Rafael som står for Guds åsyn, men dere, takk Herren og fortell om hans underverk."

 

onsdag 26. september 2012

"Den forseglede engelen"

"Det er umulig å finne ord for å prise disse hellige ikoners kunstneriske fullkommenhet! Så du de livløse trærne bøye seg dypt for Himmeldronningens renhet, da skalv ditt hjerte i inderlig henrykkelse... Så du på Skytsengelen, følte du trang til å juble..... Sannelig, ubeskrivelig skjønn var denne engelen, et rent under...
Ennå kan jeg se for meg hans åsyn....lyse og forjettende... med milde øyne og med strålebunter ved ørene - et tegn på at han hørte alt overalt.... Hans folderike kledning skinte av gull og edle stener, han brynje var prydet med fjær. På brystet bar han et billede av Jesusbarnet. I den høyre hånden holdt han korset og i den venstre et flammende sverd. Visst var han et under, denne vår engel, et under av skjønnhet! "
Sitatet er frå den russiske diktaren Nikolai  Leskovs (1831- 1895) forteljing " Den forseglede engelen" som handlar om eit arbeidslag som reiser rundt til ulike anleggsplasser i Russland . Forteljinga byrjar når dei kjem til elva  Dnjepr for å bygga ei bru  der, like  ved  byen Kiev. Arbeidslaget er såkall
"gammaltruande", ei sekt som braut med Den ortodokse kyrkja på Peter den stores tid. Overalt ber dei med seg sine ikonar som dei set svært høgt, særleg ikonet som framstiller skytsengelen(Mikael ?) og som sitatet viser til. Det seier mykje om kor viktige ikonkunsten var for den vanlege russar like opp til revolusjonen. Nikolai Leskov levde omtrent samtidig med Tolstoj, Dostojevskij og Turgenjev og kom nok noko i skuggen av desse store mesterane. Det betyr ikkje at han er mindre verdt å lesa, og det betyr iallfall ikkje at han hadde mindre innsikt i russisk folkeliv og religiøsitet. Leskov var ein mangesidig mann med markerte meiningar, han kom  på kant med såvel dei liberale som dei konservative. På same måte som Tolstoj var han også skeptisk til det  organiserte religionsvesen representert ved Den russisk ortodokse kyrkja, han viste desto større sympati med den folkelege religiøsiteten. Her fann han det opprinnelege og sanne evangelium. Han var spesielt oppteken av dei "gammaltruande" som ikkje godtok liturgireformen på byrjinga av 1700 talet, og braut med den ortodokse kyrkja. Dei levde seinare som ei ustøtt sekt og vart til dels forfølgde.
I "Den forseglede engel" møter vi desse fromme og hardt arbeidande "gammaltruande". Det er ei historie om sterk tru men og ei historie om ikonkunsten i seg sjølv. Her er mange detaljar om både tradisjon og teknikk når det gjeld ikonmåling. Leskov hyllar  dei enkle bøndene sin innsikt i kunsten:
" Blant de enkleste bønder hos oss finnes kjennere som skjelner nøyaktig mellom de forskjellige skoler og retninger innen ikonmaleriets kunst. De tar ikke feil og vet straks om et helgenbillede er av en mester fra Ustjug eller Novgorod, fra Moskva eller Vologda, om de er fra den sibirske eller den stroganovske skole."


Erkeengelen Mikael . Ikon tilskreve den store mesteren Andrej Rublov.

Snart skal vi feira Minnedagen for erkeenglane (Mikkelsmess - 29. september), og då er historia om "Den forseglede engel" ei passande førebuing !



torsdag 20. september 2012

Guds mor Hodegetria

Sanneleg er det verdig
å prisa deg sæl,
Gudføderske,
du evig sæle og allreine
og Mor til vår Gud;
høgare æra enn kjerubar
og uendeleg meir herleg
enn serafar,
som urørd fødde Guds Ord,
sanne Gudføderske,
deg høglovar vi.

Frå Johannes Krysostomos liturgien


Guds Mor Hodegetria (vegvisar) er ein av dei mange variantane av Maria med barnet ikon. Ikonet understrekar det formelle forholdet mellom mor og barn. Iflg. tradisjonen skal evangelisten Lukas ha måla den første versjonen av dette ikonet og Maria skal ha sagt." Mi velsigning vil alltid  fylgja dette ikonet."
Maria held barnet med sin venstre arm og viser til han med den høgre armen (vegvisar), ho presenterar på denne måten sonen for verda. Jesusbarnet  velsignar med den høgre handa(den komande frelsaren) og held  skriftrullen med den høgre(det preeksistente Ordet). Enno ein gong ser vi at tekst og bilete har den same bodskapen.




tirsdag 18. september 2012

Poetica:Mitt bilete av Selja


                                 Selja

Ikkje vindkast og uroleg sjø mot Stadt

men havet krystallklårt og speglande

som ei flate vi kunne stiga ut på

gje oss på vandring mot horisonten

og gå dei i møte dei som kom over Nordsjøen

for over tusen år sidan

bore fram av trua og bølgjene

Den heilage Sunniva og Seljumennene

steig i land og vart verande

næra av vona og nåden

himmelen vida seg ut over dei

og over stormen, havet og fjella

heilt til det uskapte ljoset

braut igjennom og viste veg

for alle dei som kom etter

over havet eller langs ulendte stiar

for å æra skrinet med Sunnivas lekam

det som bar i fem hundre år

for så å dekkast med gløymsle

i fem hundre nye år

berre ein og annan vandringsmann

kom her i kuling eller solgylt sommardag

drakk av kjelda og det var nok

men så ein dag skulle det uskapte ljoset

på ny bryta igjennom og visa veg

til mysteriet så nært så levande

at  vi berre kunne strekkja ut handa

og verta møtt av gjennombora hender

frå den andre sida

som eit forsiktig kjærteikn

som ein lovnad som ber gjennom natt og einsemd

aldri åleine den lange vegen heim.





mandag 17. september 2012

Bodskapen til Maria

Då Gabriel ropte ut:
Fryd deg, Jomfru!
tok vår Herre lekamleg bustad i deg,
som ei heilag ark,
slik den rettferdige David sa,
for du viste deg vidare enn himmelen
då du bar din eigen skapar.
Ære vere han som tok bustad i deg,
ære vere han som steig fram frå deg,
ære vere han som ved sin fødsel
fridde oss ut!

Frå Theotokion i ortodoks vesper før søndag.


Eit mykje nytta ikon motiv er engelen Gabriel som kjem med bodskapen til Maria om Guds kome til verda.
Iflg. ortodoks tradisjon heldt ho på å spinna på ein handtein då engelen dukka opp. Kroppstillinga hennar avspeglar ei audmjuk og mottakande haldning slik vi og finn i bibelteksten i Lukas 1.46 som vi i vestleg tradisjon kjenner som Magnificat - Marias lovsong. Igjen ser vi korleis bilete og tekst har den same bodskapen.

Mi sjel høglovar Herren
og mi ånd frydar seg i Gud
min frelsar.

For han har sett til si tenestekvinne
i hennar fattigdom.
Og sjå frå no av skal alle
prisa meg sæl.

for store ting har han gjort
mot meg
han den mektige
heilagt er hans navn.

torsdag 13. september 2012

Kristus Pantokrator

Kristus Pantokrator motiv av Solrun Nes, ikonmålar busett i Bergen. Ho har og skreve boka "Mysteriets formspråk" (Alma Mater 2000) som er ei kortfatta og oversikteleg innføring i ikonkunsten, både teknikken, teologien og symbolikken. Kristus Pantokrator er eit av dei sentrale ikon motiva. Kristus er framstilt i frontal halvfigur, augene er vidopne og ser direkte på oss. Frontalitet, augekontakt og det omvendte perspektiv framhevar det personlege eg-du forholdet i dette ikonet. Det er rikt på symbolikk, den raude og blå klesdrakta viser til Kristis to naturar. Det same gjer dei to kryssa fingrane i venstre hand, som samstundes viser  til døden på krossen. Dei tre samla fingrane symboliserar treeininga. Den høgre handa velsignar, den venstre held Den heilage skrifta. Glorien som omsluttar andletet er av bladgull  og viser til ein heilaggjort tilstand. Bladgullet har ein sentral estetisk fuksjon i ikonkunsten, men det er og eit bilete på det " uskapte lyset". "Gud bur i eit lys dit ingen kan koma." (1.Tim 6.16) "Gud er lys." (1.Joh 1.5) I glorien er dei greske bokstavane for "den verande" eller "den som alltid er".( 2.Mos 3.14).
På kvar side av glorien er initialane for Jesus Kristus på gresk.
Pantokrator tyder allherskar eller allmektig og ordet er nytta fleire stadar i Johannes openberring.
Slik ser vi korleis bilete og bibeltekst er knytta uløyseleg saman i ortodoks tradisjon.

søndag 9. september 2012

"Om de hellige ikoner"

"Han er biletet(eikon) av den usynlege Gud" (Kol 1.15)


Vi har dei siste åra sett ei aukande interesse for Den ortodokse kyrkjas ikoner også i vestlege land. Det finst i dag både protestantiske og katolske ikonmålarar. Forfattaren  Aasmund Brynildsen var på femti og sekstitalet ein av dei få som interesserte seg for dei austlege kyrkjesamfunna generelt og ikonkunsten spesielt.I essayet " Om de hellige ikoner" gjer han greie for tradisjonen bak og det dogmatiske grunnlaget for ikonkunsten. Det er freistande å sitera litt av det han skriv her.
" I og med inkarnasjonen er Ordet også åpenbart som jordisk billede. Menneskesønnen er det levende ikon, det hellige billede av blod og kjød  -  alle ikoners urbillede. Og han er kommet for å gjenopprette på jorden menneskers sanne urbillede, det Gudsbillede i mennesket som ved fallet er tilsmusset, gjemt og glemt. Menneske er selv som et gammelt ikon, dekket av tykke lag av støv og smuss, overmalt av en slett kunstner med alskens  falske og illusjonære billeder  -  men den store Mester som skapte verket, er selv kommet for å rense det og gjenopprette det guddommelige
urbillede."
Ikonkunsten er uløyseleg knytta til inkarnasjonen. Det mosaiske biletforbodet  er grunngjeve i Guds absolutte transcendens, men i Kristus blir Gud tilgjengeleg og sansbar. No kan mennesket sjå og ta på det inkarnerte Ordet men hendene sine og dermed også forma bilete av det. (1.Joh 1.1)
Det materielle er blitt berar av det guddommelege, og det å måla eit ikon kan oppfattast som ein avglans av den same prosessen. Ikonet vert eit fysisk teikn på at det heilage er tilstades her og no.
Det er sjølvsagt ei etterlikning av det det framstiller men det har samstundes  ein vesenslikskap som skil det frå annan kunst. Bodskapet kan formidlast såvel gjennom det talte eller leste ordet som gjennom biletet.

Kristus Pantokrator. Ikon i St. Katarina klosteret på Sinai. Sannsynlegvis frå det 6. eller 7. hundreåret.


Postludium

"Postludium" er lyrikaren Arnold Eidslott si tjuesjuande diktsamling. Han er 86 år så kanskje tittelen antydar at dette vert den siste diktsamlinga  hans ? Arnold Eidslott debuterte i 1953 og har vore ein sentral person i norsk etterkrigslyrikk trass i at tematikken hans bryt med det som har vore opplest og vedteke i toneangjevande kretsar i norsk kulturliv. Eidslott sin poesi har frå første stund vore klårt forankra i den kristne bodskapen, men heile tida med eit bakteppe av verdshistorie og europeisk kunst og kultur i vidaste forstand. Sånn sett har han nok likevel nådd lenger ut enn meir innadretta og direkte forkynnande lyrikk.  Den siste diktsamlinga føl i same sporet som dei foregåande. Her er eit par døme som talte til meg.

Den tause

Gud er taushet men i tausheten
skal du finne svar når du vet dette

Slik er Han som ikke vil skremme deg
med lyden av sin stemme Han allherskeren

Kom barn Han har talt i Jesus vitnet
som talte og daglig taler til oss alle.


Ein annan stad skriv han om kunsten og det heilage, poesien, musikken, biletkunsten og så filosofien ein stad midt i mellom. Som poet er det naturleg at han set poesien nærast det heilage, men musikken og poesien er tvillingar. Ei fin formulering dette, eg føler og at poesi og musikk er uttrykk for det same, det djupaste i mennesket.

Kunsten og det hellige


Musikken
er det nærmeste

Poesien
like nær like nær

Maleriet
og skulpturene nær

Jeg poeten
tror poesien nærmest

Musikken
et ekko av poesien

Nær tvillinger
disse to av urgrunnen

Billedspråket
også av det nærmeste

Filosofien
ikke kunst ikke viten

Ikke som kunsten
av urgrunnen alene

Grigorij
Potemkins kulisser

Som Descartes
bli i søvnen brødre.


fredag 7. september 2012

Johannes - Brudgomens ven.

" Den som har brura, er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, han gleder seg stort når han høyrer røysta til brudgomen. " Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. Han skal veksa, eg skal minka."
(Joh. 3. 29-30)
"Brudgomens ven:om den ortodokse vørdnaden av forløparen" er tittelen på den russisk teologen og religionsfilosofen Sergej Bulgakovs ( 1871-1944) verk om døyparen Johannes. Der  legg han fram eit perspektiv på Johannes, ikkje bare som Jesu forløpar og døypar men og  som hans  første ven.
Sergej Bulgakov vart fødd i 1871, han tilhøyrte ein familie med mange ortodokse geistlege. "Eg vart fødd i ein prestefamilie, og seks generasjonar levittisk blod rann i årene mine." I ungdomsåra gjorde han opprør mot trua han var oppdregen i , og rekna seg som marxist og materialist. Seinare fann han tilbake til den russisk ortodokse trua, han skildrar dette i boka "Frå marxisme til idealisme." Han vart utvist frå Sovjet Unionen etter revolusjonen og slo seg ned i Paris. Der var han med på å grunnleggja   eit teologisk institutt som fekk stor betydning ( L`Institut de Theologie Orthodoxe Saint Serge)
Bulgakov var inspirert av ikonostasen som ein finn i alle ortodokse kyrkjer, her er Kristus omgjeven av Maria, Johannes og englar som alle går i forbøn for oss menneske. På same måte som Maria gjennom sitt "La det gå meg som du har sagt" (Luk.1.38) gjorde det mogleg for Jesus å verta fødd som menneske, innviar Johannes han gjennom dåpen i Jordan til hans jordiske virke. Johannes svar er det same som Marias: "Då gjorde Johannes som Jesus ville"(Matt. 3.15). Iflg. Bulgakov er Johannes ikkje bare Jesu forløpar og den som døyper han, han er og Jesu første ven. Jesus blir menneske gjennom Maria, men som menneske  må han og få oppleva venskap. "Herren blei møtt i verda. Han var ikkje einsam, for ein ven som var klar og verdig til å motta han, kom ut og møtte han." Venskap er ein form for kjærleik, og sann kjærleik inneber at ein blir løfta ut av seg sjølv og får sitt sentrum i ein annan. Det er det Johannes innser når han seier." Han skal veksa, eg skal minka." Johannes venskap med Jesus blir då ikkje ein sentimental historie, men eit føredøme for alle kristne.Likesom Maria hjelper Johannes oss til å bli medaktørar i frelsesverket gjennom si forbøn og sitt eksempel.
Sergej Bulgakov talar til det moderne mennesket og gjev oss spennande nye perspektiv på evangeliet.
Det kan han som ein som  er djupt rotfesta i ortodoks spiritualitet, men som og har erfaring med den moderne tidas materialistiske livssyn.




Mikhail Nesterovs maleri "Filosofer". Pavel Florenskij til venstre og Sergej Bulgakov til høgre. Begge var filosofar med djup forankring i russisk ortodoks tru, og begge vart forfølgde av bolsjevik regimet. For ti år sidan stod eg lenge i Tretyakov galleriet i Moskva og studerte  biletet. Eg ser for meg desse to i djup samtale om eit eller anna religionsfilosofisk spørsmål mot ein bakgrunn av uendelege russiske skogar.
.

lørdag 1. september 2012

Bilder som griper

Nasjonalgalleriet har i sommar hatt ein ustilling med maleri av Christian Krogh(1852-1925) under tittelen " Bilder som griper." Vel verdt å få med seg .
Sjølv skreiv han om  om kunstens rolle i samfunnet: " Du skal male slig at du griper,rører, forarger den store hop nettopp ved det samme som har gledet, rørt, forarget eller grepet deg selv, for det er vel derfor du har malt ditt bilde vil jeg håpe."
Det var vel også det han oppnådde som ein av dei meste sentral norske kunstnarane rundt forige århundreskifte. Han var samfunnsengasjert, ein politisk interessert mann som skape debatt og som rørte ved følsomme tema i samtida som fattigdom og prostitusjon. Eksempel på det er boka og bileta  som skildrar den prostituerte fattig jenta Albertine.



                                                         "Albertine" 1884

Ein annan motivkrets er den som går nær inn på individet ikkje bare frå hans eigen omgangskrets, men og frå dei lågare samfunnslag, avisbudet, fiskaren garnbøtaren. Hos Christian Krogh  glir sjangermotiv og portrett over i kvarandre.

                                          " Visergutt drikker kaffe" 1885
                                          


                                          "Bestefar vugger" 1883


Den siste motivkretsen frå 1880-1890 åra som denne utstillinga avspeglar er familiemotiva. Christian Krogh
var ein samfunnsdebattant med ein politisk visjon for sin kunst, men han var også ein familiens mann med blikk for dei nære relasjonar. Mange av dei vakraste bileta avspeglar dette. Slutten av 1800 talet kjem brått
underleg nært!


                                          "Østenfor sol og vestenfor måne" 1887

                                                 "Håret flettes" 1888

Filokalia - Gregor Palamas

"Mine medkristne, ingen må tenka at det bare er prestar og munkar og ikkje lekmenn som skal be uavlateleg.
Nei, nei , kvar kristen utan unntak bør alltid be. Gregor teologen underviser alle kristne om at Guds navn må kommast ihug i bøn like ofte som vi pustar.
Når apostelen tilrår å "be uavlateleg" (1.Tess 5.16) meinte han at vi skulle be i vår indre, og det er noko vi alltid kan gjera. For når vi er sysselsatte med hendenes arbeid, når vi går eller sit i ro, når vi et eller  drikk, kan vi alltid i vårt indre utøva indre bøn, sann bøn som er Gud til glede. Lat oss arbeida med kroppen og be med sjela. Lat vårt ytre menneske  utføra fysisk arbeid, og lat det indre mennesket heilt og fullt helgast til Guds tjeneste og aldri svikta i den indre bønas andelege arbeid."

Slik skriv ein annan av  Filokalias forfattarar om den indre bøna, nemleg Gregor Palamas (1296-1359).
Gregor Palamas var munk på klosterøya Athos, og seinare  biskop i Tessaloniki.
Han var talsmann og eksponent for hesychasmen, ein mystisk, asketisk retning som oppstod på Athos berget og som var kontroversiell i Gregors samtid. Så kontroversiell at han vart fordømt og ekskommunisert i 1344, men  etter keiserskiftet eit par år seinare vart han rehabilitert og utnevnt til biskop. Gregor Palamas er helgen både i den ortodokse og katolske kyrkja. Hesychasmen er som praksis og doktrine  blitt integrert i ortodoks teologi og har spelt ei viktig rolle ikkje minst i russisk ortodoks tradisjon. Filokalia er ein sentral del av hesychasmen teologisk grunnlag slik Jesusbøna( Herre Jesus Kristus miskunn deg over meg ein syndar)
er det i praksis.