torsdag 26. februar 2015

Success is counted sweetest

"Success is counted sweetest
By those who ne`er succeed.
To comprehend av nectar
Requires sorest need.

Not one of all the purple host
Who took the flag to-day
Can tell the definition,
So clear, of victory,

As he, defeated, dying
On whose forbidden ear
The distant strains of triumph
break, agonized and clear."

Eit av mine favorittdikt av Emily Dickinson (1830-86), det seier så mykje om siger og nederlag på få linjer. Emily vart fødd i den vesle byen Amherst i Massachusetts  og levde der det meste av livet sitt. Kvitkledd og etter kvart meir og meir tilbaketrekt og sosialt isolert. Ved sin død var ho totalt ukjent utover den næraste familiekretsen, men ho etterlet seg ein skatt, ein skatt som innan få år skulle gjera
henne verdskjent.1800 upubliserte dikt vart funne etter Emilys død, i dag vert ho rekna som den ein av dei store i amerikansk litteraturhistorie.



                                                         Emily i 16-17 års alder

                                                 "Surgeons must be very careful
                                                   When they take the knife !
                                                   Underneath their fine incisions
                                                   Stirs the culprit, - Life!"
                                                
                                                 Første utgåva av dikta hennar frå 1890

Mange av dikta er naturskildringar med utgongspunkt i daglegdagse opplevingar slik som dette:

"The sky is low, the clouds are mean,
A travelling flake of snow
Across a barn or through a rut
Debates if it will go

A narrow wind complains all day
How some one treated him;
Nature, like us, is sometimes caught
Without her diadem."
                                                

tirsdag 24. februar 2015

Å verta sett som den vi er

"Cogito, ergo sum" (Eg tenker, altså er eg til). Karmelittprest Wilfrid Stinissen vrir litt på dette kjende sitatet av filosofen Descartes i ei preike for askeonsdag. Utsagnet skulle heller stått i passiv form:" Cogitor, ergo sum", eg er tenkte eller eg er kjent, difor er eg til.
" Det er Guds blikk som gjer oss til det vi verkeleg er." Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss"( 1.Joh 4.10). Det er ikkje eg som vel, eg er valt. Det er ikkje eg som kjenner, eg er kjent. Det er ikkje eg som elskar, eg er elska. "Men den som elskar Gud, er kjend av han" skriv Paulus(1 Kor 8:3)." Liknande utsagn finn vi både i brevet til Galatarane og brevet til Filipparane.
Br.Wilfrid avsluttar med det som vel er ei felles erfaring for oss alle nemleg ei djup lengting etter i kjærleik å verta sett og kjent av ein annan . " Å verta sett, med både våre ljose og mørke sider, og i alt dette vera elska og akseptert som vi er, det er ein draum vi alle ber på, medvite eller umedvite."
Kanskje kjem vi ein gong til å oppleva det, " at draumen skal opna seg/at me ein morgonstund skal glida inn/ på ein våg med ikkje har visst um" som Olav H.Hauge uttrykkjer det.


torsdag 19. februar 2015

Poetica: Snart nittitre.

                   Snart nittitre

Snart nittitre somrar og like mange vintrar,
men årstidene er ikkje lenger samanhengande,
slik minna heller ikkje er det
eit etter eit blir dei borte
nokon  blir verande lengre enn andre
ikkje klårt,  meir som eit avtrykk  
lik merka på veggen etter bileta
som vi hengte opp for lenge sidan
og no vert plukka ned og  pakka i plast og kartong
dei siste dagane før huset skal fråflyttast .
Desse minna som berre er dine 
teke vare på i uforståelege nevronnettverk
inntil no når strukturane bryt saman
synapsane tømmest  og tavla  blir stroken rein
bileta pakka og klar for å hentast
men ingen kjem og ingen dreg
slik mørknar dagen  det blir  kveld
natta kjem med stjernepryd og æveleg ro
så føl du kjende stiar heile vegen heim.



Rosendal ein vinterdag for eit par år sidan. Malmangernuten (889meter), fjellet like bak der eg vaks opp.
Teksten ovanfor er om ein aldrande far som tankane og minna gradvis forsvinn for. Stien opp på fjelltoppen var kjend for han men likevel er det ein heilt annan sti vi skal alle skal følgja det siste stykket  heim ?
Kanskje finst det andre  nettverk enn nevronnettverka og synapsane eg skriv om ? Dei vil uansett gradvis bryta  saman  og bli borte for oss alle, men ein stad finst det likevel andre nettverk meir uforståelege, meir varige ? Nettverk som held når vi fell inn i solnedgongen for aller siste gong !

mandag 16. februar 2015

Eit nytt jødehat

Antisemittismen er på frammarsj i Europa. Dei som er i tvil om det burde verta overtydd etter attentata retta mot kosherbutikken i Paris og mot synagogen i København. I kveld slår danskane ring om sine jødar, det er og i tråd med Danmarks ærefulle historie på dette området. Under andre verdskrigen vart nesten alle danske jødar redda over til Sverige og unngjekk dermed deportasjon til utryddingsleirane. Dette i sterk motsetning til både Norge og Frankrike, der lokalt politi  organiserte  arrestasjon og deportering av den jødiske folkegruppa. Frankrike har ei lang antisemittisk historie, Dreyfus saka rundt forige hundreårsskifte og Vichy regjeringas jødediskriminerande lover er vitnemål om det. Deportasjonane under andre verdskrigen organisert av franske borgarar er det verste eksempelet på fransk antisemittisme. I Frankrike er det i dag 500.000 jødar, mange av dei kom frå franske koloniar i Nord-Afrika som vart sjølvstendige på 1960 talet. I dag lever mange i frykt og er redde for å visa sin jødiske identitet. Sammy Ghozlan leiar byrået som overvaker antisemittismen i Frankrike, Bureau national de vigilance contre l`antisemitisme seier i eit intervju: " Et barn som gjør sin bar mitzvah i dag, har ikke annet valg enn å være oppmerksom. Han tar av sin kippah, tar av sin medalje, skjuler seg, hentes og bringes fra skolen av foreldrene. Han har alltid denne frykten."
Mange franske jødar held ikkje ut denne situasjonen og emigrerar til Israel. I fjor var Frankrike det landet Israel fekk flest immigrantar frå !
I Sverige har ein sett litt av det same, det jødiske samfunnet i Malmø er sterkt redusert av di mange har reist som følgje av ein uttrygg situasjon. I Norge oppgjev 54% av jødane at dei har opplevd antisemittisme, 12 % av nordmenn har sterke fordomar mot jødar!
Å stikka under ein stol og ikkje innsjå at europeiske muslimar står for mykje av jødehatet i dag er både naivt og lite konstruktivt. Det er inga enkel løysing på dette! Sikkerhet både for den jødiske minoriteten og samfunnet generelt er sjølvsagt viktig , men vel så viktig er førebyggande arbeid mot radikalisering av unge muslimar. I Danmark er det eksempel på svært vellukka lokale prosjekt som går på akkurat dette.

Difor i dag : Sjå til Danmark - "Jeg  er dansk ! Je suis juif !"



                               Minnesamling for terroroffera i  København i kveld

onsdag 11. februar 2015

De tilskodarar


Under 70 års feiringa av frigjeringa av konsentrasjonsleiren Auschwitz no nyleg heldt ein av dei overlevande Roman Kent ( 85 år) ein appell der han foreslo eit ellevte bod: « Du skal ikkje vera ein av dei som står og ser på!» Eit sterkt uttrykk for at ei grunnleggjande synd i dette tilveret er å stilla seg likegyldig til andres liding. «Du skal ikke så inderlig vel tole den urett som ikke rammer deg selv» som det heiter i Arnulf Øverlands dikt.

Sjølv om ein ikkje kan få inntrykk av det, var det faktisk mange som under andre verdskrigen sette livet på spel for å redda jødar og andre som vart forfølgde av nazistane. I Jersusalem er det eit eige minnesmerke for desse i holocaust minneparken Yad Vashem, det har fått navnet «Righteous Among the Nations» og innheld navnet på nær 25.000 personar frå 45 ulike land.

Den jødiske poeten Nelly Sachs som eg tidlegare har sitert har også eit dikt om desse som står og ser på. «Ni åskådare» heiter det.




 
«UNDER VARS BLICKAR man dödade.

Så som man känner en blick också i ryggen,

Så känner ni innpå kroppen

De dödas blickar.

 

Hur många bristande blickar skall betrakta er

När ni från glömslane bryter en viol ?

Hur många vädjande lyfta händer

I den gamla ekens martyrlikt                                                                               

Flätande grenverk ?

Hur många minnen växer

I aftonsolens blod ?

 

O de osjungna vaggsångerna

I turturduvans nattrop –

Mången kunde ha hämtat ner stjärnor,

Nu får den gamla brunnen göra det åt honom !

Ni åskådare,

Som icke hotats av mördarhand,

Skudda ändå icke stoftet från er längtan,

Ni som blev stående där den

förvandlas till ljus.»

 

 




                    

                                Frå minnestaden "Righteous Among the Nations"

søndag 1. februar 2015

" Det store bruddet " - reformasjonen i Norge.

"Det store bruddet" er tittelen på teologens Karl Gervins bok frå 1999 om reformasjonen i Norge.
Det er om ikkje lenge fem hundre år sidan dette store religions- og kulturskifte i Norge, og for dei fleste er det vel bare fjern og uinteressant historie. Karl Gervin har skreve ei rikt illustrert og lettlest bok om denne spennande og dramatisk epoken i norsk historie. Reformasjonen handla hovudsakleg om politikk og maktkamp, i mindre grad om religion. Eit av resultata var at den siste rest av norsk sjølvstende forsvann, norske bispar inkludert erkebispen i Nidaros vart erstatta av danske superintendentar  som skulle styra den nyetablerte lutherske kyrkja men som og var ein del av danskekongens maktapparat.
Korleis opplevde vanlege folk det dramatiske skiljet ? Sannsynlegvis einsidig negativ, det er mange vitnemål om sterk folkeleg motstand, inkludert drap på prestar.
Det er to område den nye trua slo tydelegast ut for folk flest, det som skjedde med kyrkjeromet  og det nye ritualet for "Hvorledes man skal Jorde Lig".
Kyrkjeroma vart rensa for heilage bilete, statuar og alter vigde til helgenar. Det var det talte ordet som skulle vektleggast, og resultatet var at kyrkjeromet stod nokså nake tilbake. Luther rekna bare nådemiddela som heilage og dermed var ikkje kyrkjeromet heilagt slik det hadde vore. Det heilage var no ikkje knyta til det konsekrerte  nattverdsbrødet som vart oppbevara på alteret, slik at folk kunne koma til kyrkja ein  vanleg kvardag for å tenna ljos og be framom alteret. Gervin uttrykkjer det slik:" Reformasjonen var opptatt av "Guds ord", og i forlengelsen av dette gikk kirkerommene frå å være skueplass for et liturgisk drama til nesten å bli foredragssaler. Det skjedde en forskyvning frå tilbedelse og offervilje til belæring og undervisning."

Det andre viktige punktet er gravferdsritualet. I flg. luthersk lære skulle ein ikkje lenger be for og feira messer for dei døde. Frå å vera ein avskjed der omsorgen for den døde vart uttrykt gjennom forbøn og overlevering i Guds omsorg, er poenget no i større eller mindre grad retta mot dei gjenlevande som ein vekkjingstale.  Det må bønder rundt om i Norge ha opplevd svært negativt og bøner for  døde slektningar må nok ha blitt praktisert i lang tid etter at det vart forbode.
Pilegrimsreiser til heilage stader vart det helle ikkje så fort slutt på, til dømes vart det først slutt på den årlege jonsok-valfarten til stavkyrkja i Røldal først i 1835. Folk hadde ei sterk tru på at krusifikset som hang i kyrkja hadde undergjerande eigenskapar.
Dei gamle katolske messedagane held seg og lenge, dei vart inngravert på primstaven som var den kalenderen ein nytta heilt opp til moderne tid. Bestemora mi som var fødd i 1894 refererte til Kyndelsmess, Vårfruemesse(Voffremyss) og Mikkelsmesse  (mikkjelmyss). Men ho høyrde nok til den siste generasjonen på landsbygda i Noreg som gjorde det.

Den katolske Kyrkja opplevde nok i tida før reformasjonen ei generell nedgongstid. Reformasjonen vart møtt med motreformasjonen med utgongspunkt i Tridentinarkonsilet som byrja i 1545. Mykje kan seiast om dette, men eg vil kort nevna konsilets erklæring om rettferdiggjeringa som hadde vore noko av Luthers hovudankepunkt mot Kyrkja. Konsilet la seg faktisk nær opptil det lutherske standpunktet og uttalte at dersom nokon seier at ein kan bli rettferdigjort for Gud gjennom gjerningar som er gjort ved naturleg kraft og utan guddommeleg nåde, då skal ha vera "anathema"(forbanna). Det skulle likevel gå over 450 år før katolikkar og lutheranarar kom til semje om dette spørsmålet og kunne underteikna ei felles erklæring i 1999.
                                                                                                                                                                                                Århundra Århundra etter reformasjonen var  prega av uforsonleg og til dels blodig strid mellom protestantar og katolikkar i Europa. I 1624 vart det til dømes innført dødsstraff for katolske prestar og munkar i kongedømet Danmark-Norge. Men verda gjekk framover, åtte år etter den sist valfarten til Røldal i 1835 fekk vi lova som tillet andre kyrkjesamfunn å etablera seg i Norge, dermed kunne den katolske messa igjen feirast lovleg i landet.




Steinviksholmen  i Trondheimsfjorden der erkebiskop Olav Engelbrektsson let oppføra ei festning i åra før reformasjonen.
Då Olav flykta frå landet stod skrinet med St.Olavs levningar att i festninga, først i 1564  fekk han ei umerka grav i Nidarosdomen.