torsdag 29. september 2011

Mikael

I dag er minnedagen for ekeengelen Mikael,i katolsk tradisjon også for Gabriel og Rafael. I gammal norsk tradisjon var dette merkedagen Mikkelsmess.
Erkeengelen Mikael blir æra både i kristen, jødisk og islamsk tradisjon.
Antifon til laudes : La oss lovprise Herren som englene lover med kjeruber og serafer og roper: Hellig, hellig,hellig.

søndag 25. september 2011

Duino

I diktsamlinga  "Til ord skal du bli" frå 1973 har lyrikaren Åse Marie  Nesse dikt som i få ord gjev ein tydeleg karakteristikk av ei rekkje av litteraturhistoriens store navn mellom dei også Rainer Maria Rilke.
Diktet om han lyder slik :

"Nirvana-blikk. Dei lange skuggars lende.
Med overlys.Og gjennomskinleg hud.
Innover-smilet, vendt mot ein gud.
Eit stoffleg konsentrat av Welt i hende.

Ein framand gjest.Ein utsend ingen sende.
Eit sniglehus av elfenbein til skrud,
på støvet veg.Men hjarta var eit sud,
ein mild monsun, ein regnskog utan ende.

Sjølv tinga gav du mjuke namn.Og døden.
Bak solnedgangen såg du morgonrøden.
I kvinna: røter,sevje,blomegrein.

Du sanka ord, den stille førstegrøden.
Og alt var song, og alle songar ein,
slik liv og død er eitt i dette:Sein."

Det er som ein ser han for seg der han går langs klippene ved Duino borga ein vinterdag i 1912. Han har lenge hatt problem med å finna igjen sin dikteriske inspirasjon, men så kjem det til han på nytt og han skriv det som skal blir første delen av Duino elegien. Borga er stilt til disposisjon av fyrstinne  Marie von Thurn und Taxis, slik han også mange gonger både før og seinare måtte søka husly hos aristokratiske vener.
Eg går langs klippene ved Duino borga ein solfylt vårdag mange år seinare, men likevel er det som bølgene fører med seg dette same ropet Rilke brått høyrde gjennom storm og bølger: " Hvem, om jeg ropte, hørte meg da i englenes kretser."(Wer, wenn ich schriee, hørte mich denn aus der Engel Ordnungen ? )
Inspirasjonen forsvann igjen, han vandra kvilelaust rundt i Europa og først ti år seinare klarte han å fullføra Duino elegien, også då etter at ei aristokratisk veninne hadde lagt dei ytre forholda til rette i  Chateau de Muzot.
Fire år seinare døyr Rainer Maria Rilke av leukemi, men då har han skreve seg inn i verdslitteraturen som ein av dei aller største. Rilkes var ein kvilelaus og ulukkeleg mann, men få  er det som  har hatt større innsikt i livet, og ikkje minst i døden.
Noko av det siste Rilke skriv er eit dikt til den store russiske lyrikaren Marina Tsvetajeva.
"Elegi til Marina Tsvetajeva-Efron." Dei møttest aldri men brevveksla hyppig dei siste åra Rilke levde. Poesien vart deira møtestad , ei felles oppleving av tilveret som gjekk utover det det dagligdagse språket kan romma.

"Bølger, Marina, vi hav ! Dyp, Marina , vi himmel.
Jord, Marina, vi jord, vi tusenganger vår, lerker
når de bryter ut i sang, som fra det usynlige."



torsdag 22. september 2011

La lugubre gondole


Kan sorg  best uttrykkast i kunsten og då spesielt i musikken ?
Musikken som speglar dei kjenslene og det saknet vi ikkje finn ord for.
I desember 1882 dreg  den 71 årige komponisten Franz Liszt (1811-1886) til Venezia for å vitja dattera Cosima og svigersonen Richard Wagner som held til i Palazzo Vendramin ved Canal Grande. Under dette opphaldet skriv han eit pianostykke som seinare fekk tittelen ” La lugubre gondole”, det vart omskreve fleire gonger før den endelege versjonen frå 1885. Liszt ser utover Canal Grande  der gondolar med gravfølge  glir forbi, det fascinerar og inspirerar han. Men det vekkjer og andre kjensler, svigersonen er ikkje frisk og Liszt ser for seg at snart skal hans lik og førast med gondol nedover kanalen.
Det ligger nærare i tid enn han kan førestilla seg, Wagner døyr 13. februar året etter og han blir ført med gondol til St. Lucia jernbanestasjon før den siste reisa heim til Bayreuth. ”La lugubre gondole” blir sånn sett Liszt sin sørgemusikk over venen og svigersonen Richard Wagner.
Det er eit melankolsk stykke med tunge akkordar, den svenske poeten  Tomas Tranströmer skriv lett humoristisk om dette:
”Liszt har skrivit ner några ackord som är så tunga att de borde skickas
til mineralogiska institutionen i Padua för analys.”
Tomas Tranströmer som kanskje er sveriges viktigaste nolevande poet har blitt inspirert av Liszt sin musikk, diktsamlinga hans frå 1996 har karakteristisk nok tittelen ” Sorgegondolen”.
Diktet  ”Sorgegondol nr.2” som henspeglar på den siste versjonen av musikkstykket har eit vidt perspektiv , det vekslar mellom Liszt og Wagners Venezia i 1882 og forfatterens samtid. Det er eit langt dikt som blir innleia slik:
” Två gubbar, svärfar och svärson, Liszt och Wagner, bor vid Canal Grande
Tilsammans med den rastlösa kvinnan som er gift med kung Midas
han som förvandlar  allting han rör vid til Wagner.
Havets  gröna  köld tränger upp genom golven i palatset.
Wagner är märkt , den kända kasperprofilen är tröttare än förr
ansiktet en vit flagg.
Gondolen är lastad med deras liv, två turer och retur och en enkel.”





Sorga som bare kan rommast av musikken og poesien.
http://www.youtube.com/watch?v=-YYCg2Bhh1Y

fredag 16. september 2011

Til minne om ein engel

Komponisten Alban Berg døyr julafta 1935 av blodforgiftning vel 50 år gammal. Han arbeider på operaen Lulu som han aldri klarer å fullføra , kanskje avdi han tok ein pause i arbeidet med denne for å fullføra ein fiolinkonsert. Fiolinkonserten gjev han undertittelen :" Til minne om ein engel." Seinare har dette vorte Alban Bergs mest populære og oftast spelte verk."Engelen" han tileignar musikkstykket er ein konkret person nemleg Manon Gropius, datter av arkitekten Walter Gropius og Alma Mahler, enka etter komponisten Gustav Mahler. Manon døydde av polio berre 18 år gammal, det gjorde eit sterkt inntrykk på Alban Berg  som let minne om denne unga jenta leva vidare i musikken.
Etter å ha høyrt Alban Bergs fiolinkonsert framført skreiv eg for eit par år sidan denne vesle teksten:
                           

                            Til minne om ein engel
             (Alban Bergs konsert for violin og orkester 1935)

Andletet i spegelen
dogga og uklårt
likevel til stades i tida
som blikket ditt
når du ser på dei døde
ingen overgang
men dette nye
du ikkje kan snu deg frå
og stryka ut
lik gårsdagens samtalar
byrjinga enkel
framhaldet disharmonisk
i mellomromet
små spor av lyset
som gjesta oss
es ist genug.

Manon Gropius, Walter Gropius og Alma Mahler 1918.

                                                          Alban Berg

torsdag 8. september 2011

The Tree of Life

"Where were you when I laid the earth`s foundation...... while the morning stars sang together and all the sons of God shouted for joy?"
Terrence Malicks mektige filmepos "The Tree of Life" byrjar med dette sitatet frå Jobs bok. Filmen har blitt oppskrytt og fekk gullpalmen ved Cannes festivalen i år.
Like etter å ha sett filmen er eg litt i tvil om kva eg skal meina, er dette prega av fraser på grensa til det svulstige og sentimentale eller er det eit av filmhistoriens geniale mesterverk ? Etter at filmen har sege inn over eit par dagar hallar eg til den siste vurdering. Filmen er dvelande og poetisk i formspråket og skiftar frå storslått , kosmiske naturscenar til det nære og daglegdagse. Tildels  er forma eksperimenterande og nesten surrealistisk. " The Tree of Life" handlar om dei aller største spørsmåla i tilværet, kvar kjem vi frå, kva er meininga med livet, kva er svaret stilt overfor meiningslaus død, korleis blir vi forma av barndomen og våre foreldre, korleis finn vi vegen vidare i tilværet? Hovudpersonen Jack føl vi dels i vaksenlivet som arkitekt i eit urbant storbymiljø, dels i oppveksten i ein middelklassefamilie i ein småby i Texas. Faren , genialt spelt av Brad Pitt, er streng og autoritær, mora  spelt av Jessica Chastain er mild og tildels sjølvutslettande. Filmen viser alt dette frå barnets synsstad og måten det er fått fram på er genial. Innimellom dette blir vi ført ut i dei store kosmiske visjonane, ein lang sekvens dvelar ved skapinga av universet, evolusjonen og livet som oppstår. Dette blir følgd av at hovudpersonen kviskrar  eksistensielle spørsmål som det store sentrale spørsmålet : "Where were you?"
Som vaksen verkar Jack deprimert og framandgjort. Han tenker daglig på broren han var knytt til og som døydde brått som 19 åring. Er han eit bilete på det moderne, einsame og forvirra mennesket utan mål eller meining ? Kva gjorde han i såfall slik? Barndomen med  autoritære faren og sjøvutslettande mora ? Foreldrene som  føl oss og  er i oss lenge etter at dei er døde ?
Slutten er forsonande, kanskje optimistisk. Finst det likevel svar, er det så enkelt at "You were there."
"The Tree of Life" er storslått og tankevekkande, ulikt alt anna som er produsert og kanskje akkurat defor verd å få med seg.
http://www.twowaysthroughlife.com/

mandag 5. september 2011

Notre Dame de Paris

Paris i august. Vi avsluttar den medisinsk faglege delen av dagen og tek toget til Chatelet. Det er ikkje langt å gå til Notre Dame og det er alltid like godt å tre inn her. Katedralen er stappfull til kveldsmessa denne søndagen. Lik forfattaren Paul Claudel (1868 - 1955) føler eg at dette er min plass.  For Claudel vart Notre Dame eit vendepunkt som kom til å prega han resten av livet. Første juledag 1886 gjekk den attenårige Claudel til messe og seinare til vesper i katedralen, han kom ut igjen som ein ny person. I det koret syng Magnificat trur han , og det med ei så sterk overtyding at ingenting seinare kan rokka ved denne trua. Dette er markert med ei innskrift i ein av golvhellene ved søylene til høgre ved inngongen til koret. Eg tenkjer alltid på Paul Claudel og denne avgjerande trusopplevinga hans  i det eg nærmar meg koret i Notre Dame.
Til høgre for koret er det også eit sidealter vigd til Den heilage Therese av Jesusbarnet, der det  er naturleg å tenna eit lite lys.

Magnificat
Magnificat anima mea Dominum. Et exultavit spiritus meus in Deo salutari meo.
(Min sjel opphøyer Herren, min ånd fryder seg i Gud, min frelser)