søndag 27. august 2023

Dronning Christina av Sverige

 Kva forbind vi med 1600-talet? Eit mørkt hundreår prega av blodige religionskrigar, harde straffer for bagatellar, massehysteri som førte til hekseprosessar med mange uskuldige offer. Ja, kanskje var det mørke og brutale det som viste mest igjen, men det var og eit hundreår med kultur ikkje minst musikk som og blir spelt i dag, spennande personar stod fram og prega si tid. Ei av dei mest mangesidige og spennande  menneska frå denne tida var ei kvinne, ei dronning som sa ifrå seg trona - dronning Christina av Sverige ( 1626 - 1689). Ho var ei kvinne med ei livshistorie heilt utanom det vanlege like frå ho vart fødd på slottet Tre Kronor i Stockholm til ho døydde i Roma 63 år gammal. Sverige var på denne tida ei krigersk stormakt og Christinas far Gustav Adolf var ein krigarkonge som fall i slaget ved Lützen då Christina berre var seks år gammal. Mora Maria Eleonora var fjern og ustabil, så i praksis var ho utan foreldre, og vart oppdregen av andre i tråd med farens intensjonar som ein prins som ein dag skulle overta trona. Frå ho var 18 år var ho regjerande dronning fram til ho sa frå seg trona og abdiserte ti år seinare i 1654.

Den unge Christina var svært intelligent og læreviljug, ho tileigna seg mange språk og hadde interessar i såvel kultur som vitskap. Som dronning inviterte ho ei rekkje vitskapsmenn frå heile Europa til slottet i Stockholm, den meste kjent er filosofen René Descartes som diverre var sjuk og døydde der. Han hadde stor respekt for Christinas evner. På denne tida var motsetningane mellom katolikkar og protestantar på sitt mest intense, i Sverige var det dødsstraff for å bli katolikk. Det var difor i største løyndom at Christina fekk interesse for katolisismen, først gjennom den franske ambassadøren, seinare av jesuittprestar som kom i forkledning frå Italia. Ho var naturlegvis fullt klar over at det var umogleg å halda fram som dronning dersom ho konverterte. Det var nok den viktigaste grunnen til at ho abdiserte, sjølv om hennar trong til å leva livet slik ho sjølv ville nok og spelte inn. Christina var ei eigenrådig  kvinne som ikkje så lett let seg bestemma over, ho sette eigen fridom høgt!

Etter å ha forlate Sverige  og overlatt krona til fetteren Carl Gustav, sette ho kursen mot Hamburg , så til Nederland der ho vart teken opp i Den katolske kyrkja 23.desember. Året etter dreg ho sørover og var innom Innsbruck der ho offisielt konverterte. Dette var naturlegvis noko som vekte stor oppsikt, og vart brukt for det det var verdt av paven.  På slutten av året kom ho til Roma der det var ei storslått mottaking. Både paven og kardinalar, ikkje minst Decio Azzolino, som hadde ein tett relasjon tilheile livet. Kanskje vel tett, og det gjekk mange rykte om dei to. Etter kvart var ho ikkje like populær i Roma, det vart reagert både på hennar utsjånad og åtferd, og ikkje minst det at ho ikkje framstod som spesielt from! Christina har politiske ambisjonar og ho dreg to turar til Frankrike de4 ho mellom anna møter Ludvig 14. Ho har høge tankar om seg sjølv, og har ambisjonar om å bli dronning i såvel Polen som Napoli.Ho er og to gonger tilbake i heimlandet , men ho er uønskt der. Ho er ei dronning utan land, ei dronning med stadige økonomiske problem, og nok større ambisjonar i storpolitikk enn det som var realistisk!

I november 1668 er Christina tilbake i Roma og blir der no for godt fram til ho døyr 19.april 1689. Ho blir under stort sermoniell gravlagt i krypten i Peterskyrkja, ved inngongen blir det seinare og sett opp eit stort minnesmerke. Christina var eit barn av si tid, men ho var og ei moderne, frigjort kvinne med meiningar som peikte framover. Ho var tilhengar av religiøs fridom og toleranse overfor såvel jødar som protestantar.  Då Ludvig 14 trakk tilbake edikteti Nantes som gav protestantiske hugenottar religionsfridom protesterte ho høglydt!

Var Christina ein from konvertitt? Om det strides dei lærde. Ho hadde liten sans for ytre former og ritual, og romarane reagerte som sagt på at ho ikkje oppførte seg så fromt som forventa. Men det er ingen grunn til å tru at hennar konversjon ikkje var vel gjennomtenkt og av overtyding. På slutten avlivet skal ho ha fått ei meir inderleg tru, og ho ska ha vist interesse for mystikk! Kanskje inspirert av vår store helgen Teresa av Avila?

Christina var nok ein vanskelig konvertitt som Elisabeth Aasen skriv i sin biografi. Ho var stolt og eigenrådig, og hadde nok problem med å innretta seg under Kyrkjas autoritet. Men på slutten av livet var nok hennar tru meir avklara og ho skriv: «Gud forklarer sin vilje gjennom sitt eneste orakel, som er Den katolske romerske kirken.Utenfor den finnes det ikke noen frelse.»


Litteratur:

Elisabeth Aasen: Barokke damer.Dronning Christinas europeiske reise. Pax forlag 2005.

Peter Englund: Silvermaskan: en kort biografi över drottning Kristina. Albert Bonniers förlag 2007.




tirsdag 15. august 2023

Assumptio Beatae Mariae Virginis

 15.august og vi feirar festdagen til minne om Jomfru Marias opptaking til himmelen. Mange protestantar reagerte på at dette vart proklamert som eit dogme av pave Pius 12 1.november 1950, men dette var ikkje noko paven proklamerte ut å ha støtte i tradisjonen og utbreidd katolsk tru. Sjølv om dette ikkje er omtala i bibelske skrifter finn vi det på 300-400 talet i fleire apokryfe skrifter. Alt på 500 talet skal den galliske liturgien ha hatt ein festdag for Marias opptaking i himmelen.I Mellomalderen var dette ei utbreidd oppfatning både i den vestlege og austlege kyrkja.

Fin feiring av dagen med messe i St.Ansgar kyrkje i kveld.Følgde så sending frå Lourdes, der så mange pilegrimar var samla denne dagen.Evangeliet for dagen frå Lukas skildring av Marias vitjing hos Elisabeth, med Magnificat - Marias lovsong. Lourdes der Maria viste seg for Den heilage Bernadette og dermed la grunnlag for byen som eit av dei viktigaste pilegrimsmåla.

Maria har ein sentral plass hos dei fleste praktiserande katolikkar, ikkje minst for oss i Karmelittordenen. Meir enn nokon gong treng vi hennar forbøn og moderlege omsorg!




mandag 7. august 2023

Herrens forklaring

 I går 6. august feira vi festen for Herrens foklaring til minne om at Jesus tok Peter, Jakob og Johannes med opp på  eit berg, sannsynlegvis Taborberget. Der vart utsjånaden hans forandre og ei røyst frå himmelen stadfesta at Jesus er Guds son, han som er elska, lytt til han! Vi finn dette omtala i alle dei tre synoptiske evangelia.Dagen til minne om dette høgdepunktet i Jesu offentlege liv har vorte markert sidan 300 talet!

I år fann festen for Herrens forklaring saman med avslutninga av Verdsungdomsdagen ( WYD) som i år var lagt til Lisboa. På avslutningsmessa leia av pave Frans var omlag 1,5 millionar ungdomar tilstades, dei representerar så godt som alle land i verda. Paven tala til dei unge og oppmoda dei til “å skinna, lytta og ikkje vera redde.” Det siste gjentok han fleire gonger, når Kristus er med oss treng vi ikkje vera redde. Dei unge lytta andektig, og ved avslutninga var dei synleg begeistra over pavens deltaking i dette arrangementet som har vorte arrangert med eit par års mellomrom, første gang etter initativ av pave Johannes Paul! Det var ei sterk oppleving å følga denne messa digitalt, ein trusstyrkande manifestasjon av at det verda over er millionar av ungdomar som tek si katolske tru på alvor!