Påskenatt
Linkleda sirleg samanrulla
med
hovudduken for seg
angen av
myrra og aloe
Nikodemus i
løynd
Maria enno
forvirra og gråtande
har
gartnaren bore han bort ?
men Peter
ser og forstår 
når dei titusen
små lysa
tennest frå
det eine store
og vi ser
som gjennom eit nytt landskap
skysøyla -  eit lysande mørkre
om vi ikkje
hadde sett
men likevel
ville tru
Rabbuni  - Meister !
Antifon til vesper påskedag: Jesus sa:Frykt ikke ! Gå og si til mine brødre at de skal dra til Galilea;der skal de se meg. Halleluja !

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar