onsdag 5. august 2026

Santa Maria Maggiore

 I dag feirer vi vigslingsfesten for basilikaen Santa Maria Maggiore. Basilikaen skal ha blitt vigsla av pave Liberius 5. august 366. Iflg. tradisjonen skal Jomfru Maria ha vist seg på Esquilin høgda i Roma  eit par år før. Hennar bodskap var at det skulle byggast ei kyrkje til hennar ære ein stad der det hadde falt snø. Basilikaen blir difor også kalla Maria av snøen (Santa Maria ad Nives). Det blir kvart år markert ved  at det blir slept ned kvite roseblad over hovudalteret.Ved sida av Roma blir denne festen særskilt markert i La Palma på Mallorca. Santa Maria Maggiore er ein av Romas fire hovudkyrkjer , dei andre er  Lateranbasilikaen, St. Peterskyrkja og St. Paulus utanfor murane. 26. april i fjor vart pave Frans gravlagt i Santa Maria Maggiore etter eige ønskje.


Pave Leo i bøn ved pave Frans grav i Santa Maria Maggiore

Foto:EWTN





torsdag 30. juli 2026

The Wild Iris

 Eg har tidlegare skreve om den amerikanske poeten og nobelprisvinnaren Louise Glück som døydde i 2023, 80 år gammal. Eg les om igjen diktsamlinga The Wild Iris frå 1992, den vert rekna som eit høgdepunkt i hennar litterære produksjon.

Boka er ei poetisk vandring gjennom ein hage i sommarhalvåret frå «End of Winter» til « September Twilight». Men det er og ei vandring gjennom døgnet og tida, gjennom menneskelivet med dei sår, gleder og minne vi ber med oss. Boka er forma som ein dialog , ein indre dialog  og ein dialog mellom gartnaren og forfattaren, men og mellom forfattaren og John som arbeider i hagen og vel viser til hennar partner? Så er her ein andeleg dialog mellom gartnaren/forfattaren og ein skapar. Boka startar med dikt «The Wild Iris» som legg an ein håpefull tone: « At the end of my suffering there was a door» og sluttar med ei stadfesting av det vakre og stadfestande som kan strøyme ut frå vårt indre: « from the center of my life came/ a great fountain,deep blue/ shadows on azure seawater.»  Boka avsluttar med diktet «The White Lillies», hagen kan bli gjort til « a bed of stars» mellom ein mann og ei kvinne, men og «capable of devastation». Så oppsummerar forfattaren denne hagevandringa med følgjande:

« Hush, beloved. It doesn’t matter to me/how many summers I live to return:/this one summer we have entered eternity./ I felt your two hands/bury me to relase its splendor.» Denne sommaren er lik alle andre, men likevel unik. I diktet «Presque Isle» minnest Glück desse minnefulle augneblinkar som ein kan ta vare på vidare. «In every life ,there’s  a moment or two/ In every life, a room somewhere,by the sea or in the mountains.» Det sanselege og konkrete som vekkjer desse minna til live: « Around your face,rushes of damp hair,streaked with auburn./Muslin, flicker of silver.Heavy jar filled with white peonies.»

Kva er denne tida som kjem eller går, eller begge deler? I diktsamlinga Averno finn vi diktet « Landscape»,der  knyter ho tid og landskap saman i det sanselege. « I lived in the present,which was / that part of the future you could see./The past floated above my head,/like the sun and moon,visible but never reachable.» Vi kan ikkje nå fortida, men notida som framtid vi kan sjå kan vi gripa.Valgetber vårt når sjansen byr seg. lenger ute i diktet skriv ho: « All your life,you wait for the propitious time./ Then the propitious time/reveals itself as action taken.»






tirsdag 28. juli 2026

Arne Garborg

Eg les Tor Obrestads biografi om Arne Garborg frå 1990.Ei fin skildring av einav dei store i norsk litteratur. Boka er svært detaljert med lange sitat frå Garborgs mange artiklar og brev,eg må vedgå at eg hoppa over ein del av desse.Etter å ha lese biografien sit eg att med eit inntrykk av at Garborg var større enn eg har tenkt som forfattar,men og som tenkjar, samfunnsdebattant, avismann og ikkje minstsom forkjempar for nynorsk målføre! Arne Garborg var fødd i Time på Jæren, og debuterte med roman Bondestudentar i 1883, seinare følgde dei naturalistisk prega bøkene Mannfolk, Hjaa ho mor, Trætte Mænd.Hovudpersonane er unge rotlause menn,prega av meningsløyse og med nihilisme og dekadens som livssyn.Garborg sleit heile livet med dei store eksistensielle spørsmåla med utgangspunkr i ein oppvekst i eit strengt pietistisk miljø.Faren Eivind var prega av fanatisk religiøsitet og tok livet sitt då Arne Garborg var 20 år,han kom til å slita med livslang skuldkjensle for dette. Så kjem i 1895 det storslåtte og mest elska og lest av Garborgs verk,nemleg Haugtussa. Eit poetisk verk på 160 sider om den unge jenta Veslemøy også kalla Haugtussa.Etter å ha lese Garborg biografien hentar eg fram Haugtussa og les på nytt. Det er eit utruleg rikt verk, det er vel ikkje tilsvarande i norsk litteratur korkje før eller etter? Her er vakre poetiske naturskildringar frå Jæren,lengt, kjærleik, svik og sorg.Vi møter dei vonde maktene i folkeleg førkristen tru, men og dei gode reprentert ved Veslemøy, mor hennar og på slutten også den døde søstera.Kampen mellom det gode og vonde føregår så vel inne i oss,men og i verda og samfunnet rundt oss.Garborg var klar på den etiske fordringa som ligg i kristendomen. " ...det var noko i kristindomen- kyrkjetrui- som alltid drog meg og drog meg meir og meir, etterkvart som eg såg at heilt ut kunne ikkje vitskapen gjeva bot for ei tru, livet hadde, kor som var,ei moralsk side,som hadde ein rett,og attum alt stod no som alle dagar dei store spørsmålsteikn;me var ikkje so ferdige som mange av oss i ungt mod hadde tenkt." Hovudpersonen i Trætte Mænd Gabriel Gram gjev tapt for dei livsøydeleggande kreftene og endar i livstrøytt resignasjon, medan Haugtussa vinn over dei mørke kreftene med kraft frå kjærleiken og det gode.Innleiingsdiktet til Haugtussa er det kjende "Til deg du hei og bleike myr", det avsluttar optimistisk slik: " Men lerka stig frå gløymde grav med sigers ljod; og vinden stryker inn av hav so frisk og god. Og um me kjenner gråt og gru og saknad sår, so må me lerkesongen tru, som lovar vår." Heile verket avsluttar i same tone når Veslemøy ser søster si "fager og ljos og ålvorsblid med smil av heilag glede." " Kom,fylg oss på din nye veg, som upp or myrkheim fører deg til ljos og klåre dagar! Den stig er bratt,den veg er lang.Men ingin angrar denne gang.Um trøytt du stundom klagar,til sist seg allting lagar."

Olsok

29.juli og vi feirar Olsok,dagen til minne om Olav den heilage som fall på Stiklestad.Sjølv om kristninga av Norge gjekk over fleire hundre år både før og etter Olavs død,kan vi ikkje underslå den store betydning dette fekk for kristninga av vårt land.Olav vart heilagkåra lokalt,det var enno ikkje krav om at dette skulle skje i Vatikanet,lekamen hans vart skrinlagt og stod på høgalteret i Nidarosdomem fram til reformasjonen. I Mellomalderen var olsok ein av dei viktigaste høgtidsdagane, og Nidarodomem med Olavsskrinet var det viktigaste pilegrimsmålet i Nord-Europa.Sjølv om Reformasjonen gjorde slutt på dette, held den folkelege feiringa av Olsok fram like til moderne tid.På slutten av 1800 talet vart det teke til orde for Olsokfeiring som nasjonalt symbol, mellom anna Bjørnstjerne Bjørnsson tok til orde for dette.900 års jubileet i 1930 vart markert på Stiklestad med fleire titusen tilstades.I vår tid har det vorte auka fokus på Olsok med pilegrimsvandringar, Olavsspelet og Olavsdagane i Trondheim.                                                                                                                            Frå katolsk hald har vi lagt vekt på Olav som Norges evige konge og skytshelgen. Vi førebur ei stor markering i 2030 då det er 1000 år sidan Olav fall på Stiklestad.                                                                                                Heilage Olav, Norges evige konge be for oss!
Foto: Den katolske kirke

mandag 20. juli 2026

Den heilage Thorlákr

I dag feirar vi minnedagen til Den heilage Thorlákr Thorkallsson av Skálholt.Han er Islands føtste helgen og vart i 1984 utnemd til Islands vernehelgen av pave Johannes Paul.Thorlákr vart prestevigd som heilt ung.Han studerte ved St.Victor klosteret i Paris frå 1156 til 1159 lik mange andre geistlege frå Nord-Europa.Han var tilbake på Island 1161.I 1168 grunnla han det første Augustinarklosteret på Island,og var den første abbed.Seinare grunnla han også eit nonnekloster.Han vart utnemd av Alltinget til biskop av Skálholt i 1174, året etter vart han vigd til biskop av erkebiskop Eystein i Nidaros. Island vart kristna tidleg på 1000 talet, landet hadde to bispedømme,Skálholt i sør frå 1056 og Hólar i nord frå 1106.Thorlákr var biskop fram til han døydde 23. desember 1193, seksti år gammal.Han vart omtala som audmjuk men handlekratig med særskilt omsorg for dei vanskelegstilt.Han forsvarte Kyrkjas lære noko som første til konflikt med stormenn på Island.Etter sin død vart han oppfatta som ein heilag mann,mirakel tilskreve hans forbøn vart samla i ei Jærteiknsbok som vart opplest på Alltinget.Hans relikviar vart overført til høgalteret på Skálholt 20 juli som vi minnes i dag. Det vart kalla Thorlákrmesse om sommaren, 23. desember var Thorlákrmesse om vinteren som også er markert på den norske primstaven. Det utsmykka relikvieskrinet forsvann ettert reformasjonen, men minne om denne heilage mannen vart halde i hevd lenge etter reformasjonen, og med ny aktualitet i vår tid. Ei rekkje kyrkjer i Nord-Europa, også i Norge vart vigd til Den heilage Thorlákr. Heilage Thorlákr av Skáholt be for oss! Kyrkja på Skálholt. Foto: Island travel

lørdag 18. juli 2026

Dag og Tid

 

26. mars 1962 fylte den folkekjære amerikanske poeten Robert Frost 88 år. Livet går mot slutten, men først skal han bli æra som landets store poet. President Kennedy tek  imot Frost i Det kvite hus og tildeler han Congressional Medal, ein høgt verdsett utmerking. Seinare på dagen er han æresgjest ved middagen i The Pan American Union i Washington. Den siste diktsamlinga hans «In the Clearing» vert publisert. USA  på byrjinga av 1960-talet visste å verdsetja sine forfattarar!

20. januar året før vart John F. Kennedy innsett som president. Robert Frost er blitt spurt om å framføra eit dikt under seremonien, det er første gong ein poet får ein slik ærefull førespurnad. Han har skreve eit lengre dikt, men skarpt sollys og iskald vind fører til at den aldrande Frost les det kortare diktet “The Gift Outright”. Omsett til norsk av Karin Haugane med tittelen “Den fullstendige gaven”.

Eg ser ikkje for meg at til dømes Joy Harjo eller Joyce Sutphen, to framståande amerikanske poetar, vert invitert til det Det kvite hus i dag. Men kanskje kjem det  nye tider? Diktet Frost hadde tenkte å framføra denne januardagen i 1961 sluttar slik: “ Firm in our free beliefs without dismay/ In any game the nation want to play/A golden  age of poetry and power/ Of which this noonday's the beginning hour”.

Innlegg i vekeavisa Dag og Tid 17.juli



fredag 10. juli 2026

Katolisisme i Persiagulfen

 Landa på Den arabiske halvøya er alle muslimske og ein finn ikkje gamle kristne minoritetar slik tilfellet er i Irak, Syria og Libanon. Det var kristne her på 300 talet, men då islam overtok på 600 talet forsvann dei gradvis. Dei siste tiåra har mange arbeidssøkjande kome til arabiske land, mange av dei har katolsk bakgrunn. Dei kjem frå Fillipinene, India, Libanon, afrikanske og europeiske land, men har eit  felles ønskje om å praktisera si katolske tru. Spesielt Dei sameinte arabiske emirata har vist seg positive til  nye kyrkjebygg og kristen aktivitet. Ein reknar med at det er omlag ein million katolikkar i landet, det svarer til omlag 10% av innbyggarane. Det er over ti kyrkjer og eit rikt liturgisk liv med daglege messer på ulike språk. Pave Frans vitja landet i 2019, og hadde samtalar med muslimske leiarar og landets kronprins. 5. februar feira han messe på sportsstadium med 135000 truande tilstades.

Utlenlandske kristne kan altså fritt praktisera sin religion i dette muslimske landet, men kva med innfødte som ønskjer å konvertera? Det er nok også her vanskeleg kanskje i større grad i forhold til familien enn styresmaktene. Det er likevel mange historiar om tidlegare muslimar som søkjer ei kristen tru. Interessant er det at Jomfru Maria som og blir æra av muslimar og er nevnt fleire stader i Koranen, har blitt ein inngangsport til ei levande tru på sonen Jesus Kristus. Maria gjer det ho alltid har gjort, ho viser oss vegen til frelsa i Kristus! La oss be om Marias hjelp for alle i muslimske land som søkjer kristen tru!


Vår Frue av Lourdes utanfor kyrkja St. Mary i Dubai.

Foto: EWTN

tirsdag 30. juni 2026

St. Hans

 

St. Hans

24. juni feirer vi St. Hans til minne om døperen Johannes fødsel. Det er nøyaktig seks måneder før festen for Jesu fødsel. Ved siden av Jomfru Maria er Johannes den eneste helgen som feires på fødselsdagen ikke dødsdagen. Dagen har ulike betegnelser fra gammelt av og var avmerket på primstaven: Jonsok – Jonsvake – Jonsmesse. Det er også den eneste helgendagen som fremdeles blir markert i det sekulære Norge, om enn ribbet for religiøst innhold. Johannes er profeten som går foran og peker på han som skal komme med frelse til verden. Allerede i sin mor Elisabets liv fryder han seg over Jomfru Marias hilsen da hun kommer til Elisabet og Sakarjas bolig i Juda. Senere uttaler han seg i klare ord: «Vend om for himlenes rike er nær. – Se der er Guds lam som bærer verdens synder.» Johannes ble fengslet og henrettet under kong Herodes, en hendelse hyppig fremstilt i kunsthistorien.

St. Hans har vært en populær festdag helt fra 300 tallet. Navnet Johannes i ulike former er et hyppig brukt guttenavn, i Norge: Hans, Jon, Johan, i England: John, I Frankrike; Jean, i Spania: Juan, i Italia: Giovanni.

(St. Ansgar nytt juni 2026)




fredag 19. juni 2026

Servant of God Pedro Ballaster

 Vi har i det siste  sett ein markert auke i unge menn og kvinner som søkjer Den katolske kyrkja. Rekordmange vart døypt sist påskenatt, såvel i Australia, USA og Europa. Dette har nok fleire årsaker, i ei verd der alt flyt og moralske grenser forsvinn føler nok mange på eit stort tomrom, og dei leiter etter eit fastare fundament i livet sitt.Som katolske kristne trur vi og at Den Heilage Ande er verksam blant alle  dei som søkjer ei meining i livet. Fleire nye unge helgenar som føredøme og forbedarar fører og unge til Kyrkja. I fjor heilagkåra pave Leo to unge italienske menn, Pier Georgio Frassati og Carlo Acutis, og for fleire andre er det opna ein saligkåringsprosess og dei er erklært som Guds tjenar, det første steget til å bli helgenkåra.Eit døme på det er ein ung mann frå England, Pedro Ballester Arenas. Han vart fødd i Manchester 22. mai 1996 som den eldste av tre brødre. Foreldrene kom frå Spania, dei var djupt truande katolikkar og medlemmer i organisasjonen Opus Dei. Opus Dei vart  grunnlagt i Madrid i 1928 av  presten Josemaria Escriva, og har som målsetting at dagleglivets arbeid skal åpna opp for å møta Gud og tjena sine medmennesker. Pedro vart og medlem av Opus Dei frå 2013.

Lik Den heilage Carlo Acutis viste Pedro seg tidleg som eit uvanleg fromt barn. Han var sosial , vennekjær, og viste alltid uvanleg omsorg for alle rundt seg. Han var klar på si tru, og påverka andre i sin omgangskrets til å ta trua på alvor. I 2014 byrja han å studera kjemi, men fekk etter kort tid kraftige ryggsmerter som viste seg å vera langtkomen beinkreft i bekkenet. Dei neste åra vart prega av behandlinga og sjukdomen som i lange periodar var svært smertefull.Pedro klarte å halda fast på trua og sjå ei meining i det han mått gjennomgå.Han opplevde at hans liding var for Kristus og Kyrkja som Paulus skriv i brevet til Kolossarane 1:24.

“No gleder eg meg over det eg må lida for dykk, og det som enno manglar i Kristi lidingar, det utfyller eg med min eigen kropp; eg lid for hans kropp, som er kyrkja.”

Pedro døydde av sjukdomen 13. januar 2018. Som for dei to andre eg innleiingsvis nemnde vart han etter kvart sett på som ein heilag mann av mange. I mai i år vart det så starte ein heilagkåringsprosess.

Guds tjener  Pedro Ballaster be for oss!

                                                   Foto:WordPress.com




torsdag 18. juni 2026

Poesi i det kvite hus

 Eg har alt skreve litt om den folkekjære amerikanske poeten Robert Frost. 26. mars 1962 fyller han 88 år, og har knapt eit år igjen å leva. Han blir æra som den store amerikanske poeten denne dagen, president Kennedy tek imot han i Det kvite hus og tildeler han Congressional Medal, ein høgthengande utmerking. Seinare på dagen er han æresgjest ved middagen i The Pan American Union i Washington.Ikkje nok med det, hans første diktsamling på 15 år “In the Clearing “, som og blir hans siste, kjem ut. Alt dette viste at USA  på byrjinga av 1960-talet visste å verdsetja sine forfattarar!

20. januar året før vart John F. Kennedy innsett som amerikansk president. Robert Frost som den første amerikanske poet er blitt spurt om å resitera eit av sine dikt denne viktige dagen.Han har skreve eit lengre dikt for dette høvet, men skarpt sollys og iskald vind fører til at den aldrande Frost må lesa det kortare diktet “The Gift Outright”- “Den fullstendige gaven” i Karin Hauganes norske omsetjing. Det byrjar slik:” Dette landet var vårt før vi var landets/Det var vårt land i mer enn hundre år/Før vi var landets folk”.

Eg ser ikkje for meg at til dømes Joy Harjo eller Joyce Sutphen, to framståande kvinnelege poetar, vert invitert til det Det kvite hus i dag. Men kanskje kjem det eingong nye tider. Diktet Frost hadde tenkt å framføra den kalde januardagen i 1961 sluttar slik: “ Firm in our free beliefs without dismay/ In any game the nation want to play/A golden  age of poetry and power/ Of which this noonday's the beginning hour”.



tirsdag 9. juni 2026

The Road Not Taken

 "The Road not taken" av den amerikanske poeten Robert Frost ( 1874 -1963) er eit av dei meste kjente dikt frå forige hundreår. Det er omsett til norsk av  Karin Haugane med tittelen "Veien jeg ikke tok". Diktet vart skreve i 1915 under eit opphald i England, han skal ha blitt inspirert då han var ute og gjekk tur i skogen med venen Edward Thomas som seinare fall i krigen. Symbolikken er enkel og allmenn, Frost skildrar dei val vi alle gjer i livet. Kva om vi tok ein annan veg då for lenge sidan ? Robert Frost var ein jordnær og kunnskapsrik poet som levde på den amerikanske landsbygda der han henatr mykje av sin tena frå. Han var ein populær forfattar som fekk ein stor lesarskare  alt frå først diktsamlinga "A Boy`s Will" som kom i 1913.

The Road not taken.

Two roads diverged in a yellow wood,
And sorry I could not travel both
And be one traveler, long I stood
And looked down one as far as I could
To where it bent in the undergrowth;

Then took the other, as just as fair,
And having perhaps the better claim,
Because it was grassy and wanted wear;
Though as for that the passing there
Had worn them really about the same,

And both that morning equally lay
In leaves no step had trodden black.
Oh, I kept the first for another day!
Yet knowing how way leads on to way,
I doubted if I should ever come back.

I shall be telling this with a sigh
Somewhere ages and ages hence:
Two roads diverged in a wood, and I—
I took the one less traveled by,
And that has made all the differerence.


(Veien jeg ikke tok.

To veier skilte lag i høstgul skog

Og lei for valget mellom de to
Vandrer som jeg er, stod jeg en stund
Og fulgte en så langt øye så
Til den svingte av mot lyngkledd mo;

Så tok jeg den andre, like godt,
Og hadde kanskje trukket beste lodd
For den var tilvokst og ønsket tråkk;
Selv om folk hadde gått begge to
Var sporene her blitt overgrodd,

Begge lå i samme morgenlys da
I løv ingen hadde tråkket ned.
Å, jeg tar den første en annen dag!
Siden jeg vet at veier ofte tar av,
Tvilte jeg på om vi møttes mer.

En gang, et sted, årevis fra nå
Vil jeg sukke og si hva som gjaldt:
En vei delte seg i en skog, og så -
Valgt jeg den som var gått av få,
Og den forskjellen har avgjort alt.)



Dåpen

 6.juni hadde vi den store gleda å få feira Gustav Sverres dåp og dermed innlemming hans i det store katolske fellesskapet. Dåpens sakrament er grunnvollen i det kristne livet. Det er døra inn til eit liv i Anden og det er porten til dei andre sakramenta som Kyrkjas gjev oss som  støtte i dette livet. I dåpen blir vi gjenfødte og ein del av Kristi lekam. Dåp - baptizein på gresk som tyder neddykking og opprinneleg vart dåpskandidaten dykka ned tre gonger for deretter å bli ikledd dåpsdrakta som symbol på at ein vart blitt eit Guds barn.” Dåpen er den vakreste og vidunderligste av Guds gaver” står det i katekismen.

Ritualet byrjar med prestens spørsmål til foreldrene og deretter korsteiknet over barnet først ved presten så  foreldre og fadrar.  Så bibelord og kort preike.” Gjør alle folkeslag til disipler: døp dem til Faderens og Sønnens og Den Hellige Ånds navn.” Så forbønner, eksorsismebønn og salving med katekumenolje, velsigning og påkalling over dåpsvatnet. Forsaking og trusvedkjenning:” Dette er vår tro. Dette er Kirkens tro som vi stolt bekjenner i Kristus Jesus vår Herre.Amen.”

Så følgjer sjølve dåpshandlinga der dåpsvatnet  blir hella over barnets hovud. Deretter salving med heilag krisma, iføring av den kvite dåpsdrakta og overrekking  av dåpslyset som vart tent frå det store påskelyset.

Til slutt Herrens bønn før avslutning med velsigning og bortsending. Ein vakker og meningsfull sermoni for hovudpersonen og for familien.


Dåpsdagen til Gustav Sverre

Ventetida boren av

kjærleik og tru

til du i vogga låg

med varme kinn

ljos frå augo

og smil om munn.

Denne underlege reisa

ditt fartøy ikkje din bustad

eit vindpust mot jorda

eit ljos over skya

når dåpsvatnets nåde

skal lysa over di lei og din sti.

Kledd i vernande kvitt

og alt som blir hjå deg

no og for all di tid.

torsdag 28. mai 2026

Indre bønn - sjelens helse

 Om kvlden 26. mai var det Karmel og indre bønn som stod i fokus på Litteraturhuset i Oslo. St.Olav forlag ved forlagsredaktør Kristine Dingstad presenterte to ny bøker om karmelittisk spiritualitet. Sekularkarmelitt Anne Samuelsen ocds store verk om Karmel, Karmels store helgenar og Karmels andelege tradisjon kom i vinter, og er iflg. kardinal Anders Arborelius eit unikt verk også internasjonalt. Ho har jobba i over ti år med denne boka og det er eit imponerande arbeid. Underteikna som også høyrer til Karmels sekularorden og som har vore ven og støttespelar i denne prosessen kan stadfesta det. Den andre boka som vart presentert er i mindre format, men omhandlar det som er Karmels varemerke nemleg indre bønn. Kardinal og biskop Anders Arborelius ocd har skreve ein fin og lettlest presentasjon av dette sentrale aspektet av karmelittisk spiritualitet. Boka er no omsett til norsk og gjeve ut på St. Olav forlag.Kvelden vart innleia av broder Clemens ocd frå klosteret i Norraby som gav ei innføring i Karmels tradisjon. Deretter leia Kristine Dingstad kardinal Anders og Anne Samuelsen i refleksjonar omkring bøn generelt og indre bøn i Karmels tradisjon spesielt. Ein nesten fullsatt sal følgde andektig med og eg trur alle gjekk heim med litt større innsikt i vår spiritualitet og kanskje og eit ønskje om å setja av meir tid til bøn. Amanda Kalmara sett ein spiss på kvelden med framføring av tonesette tekstar av Teresa av Avila og Thérèse av Lisieux.

Eg har kardinal Anders bok på orginal språket. Han innleiar med følgjande i forordet: “ Ja kan inte be.Hur ofta måste inte den som tar bönen på allvar beklaga sin nöd. Det är helt i sin ordning.Paulus säger själv att vi 8nte vet hur vår bön bör vara. Det är i stället den helige Ande som genom ordlösa sucker skal föda fram den äkta och sanna bönen i oss.”







torsdag 21. mai 2026

De hellige Thérèse Martin og Théophane Vénard.

 

De hellige Thérèse Martin og Théophane Vénard.

Vi er mange som har våre favoritter blant helgenene, men også helgener har sine favoritter. Thérèse Martin hadde et nært forhold til den hellige Cecilia og den hellige Jeanne d’Arc, mindre kjent er det at hun på slutten av sitt liv fikk kjennskap til «en bror i ånden», presten, misjonæren og martyren Théophane Vénard (1829-61). Han døde flere år før Thérèse ble fødd, og ble helligkåret av pave Johannes Paul først i 1988.I november 1896 knapt et år før hun går ut av dette livet får Thérèse kjennskap til Théophanes biografi og korrespondanse, og hun ser nokså snart hvor nær de står hverandre. «Min sjel er lik hans. Han er den som best levde min åndelige barndoms veg.» Hun siterer videre Théophane når hun uttrykker at Herren valgte de små for å forvirre de sterke i denne verden. Jeg stoler ikke på min egen styrke, men på styrken til Han som på korset overvant helvetets krefter.

Hvem var denne Thérèses «bror i ånden»?  Han ble født 21. november 1829 i landsbyen Saint- Loup-sur Thouet i bispedømmet Poitiers sentralt i Frankrike. Han fikk døpenavnet Jean-Théophane. Faren var skolelærer, mor døde i barsel da han var 13 år, to yngre søsken døde som spebarn. Han fikk tidlig tanker om misjonærkallet etter å ha lest om martyren Karl Cornay som ble drept i Vietnam. I 1847 begynte han på presteseminaret, tanken om å bli misjonær vokste i han, men han røpet det bare til søsteren Mélanie som han hadde et nært forhold til. I 1851 sluttet han seg til «Mission Etrangères de Paris», og året etter ble han presteviet. Samme år forlot han Paris sammen med fire ledsagere med kurs for Hong Kong. Planen var å drive misjon i Kina, men av ulike grunner endte han opp i Vietnam. Dette var et farefullt oppdrag da det hadde brutt ut harde forfølgelser av kristne et par år tidligere. Mange hadde lidt martyrdøden. Théophanes tid i Vietnam ble ekstremt strabasiøst preget av sykdom, forfølgelse og flukt der han i lengre perioder måtte skjule seg i huler i jungelen. Han var svært språkmektig og lærte seg på kort tid flytende vietnamesisk. Trass i alle vanskeligheter klarte han å oversette Det nye testamentet dessuten flere andre religiøse bøker til vietnamesisk.

Théophanes misjonærkall forble uforandret og sterkt, og han skriver til broren Eusèbe: «Jeg har elsket og elsker fortsatt folket i Annam med en brennende kjærlighet. Hvis Gud hadde gitt meg mange år, tror jeg at jeg ville ha viet meg fullstendig, med legeme og sjel, til å bygge opp Kirken i Tonkin.»  I november 1860 blir Théophane angitt til myndighetene og arrestert. Han blir plassert i et bur av bambusgrener og bragt til Hanoi for å forhøres. Til tross for store lidelser holder han motet opp, og gjør et sterkt inntrykk på alle som møter han. 2. februar 1861 blir han henrettet ved halshogging. Nyheten om Théophanes død nådde Frankrike først på slutten av året, biskopen av Poitiers holdt da en stor markering av hans martyrium. I 1864 blir hans biografi og brev utgitt, og han blir kjent over hele Frankrike. Slik blir også Thérèse kjent med Théophane, han blir en bror og venn i ånden det siste smertefulle året i livet hennes. Hun hadde et billede av han festet til sengeforhenget, og hun gråt av glede da en relikvie av Théophane ble bragt til henne. 2. februar 1897 forfatter hun en hyllest på sju vers «A Théophane Venard». Thérèse hadde selv et sterkt ønske om å komme til Vietnam som klostergrunnlegger og misjonær, men det ble det naturlig nok ikke noe av på grunn av sykdommen. I Théophane så hun  en som hadde virkeliggjort hennes egen drøm, men Thérèses ønske kom likevel til å bli virkeliggjort på en annen og mer ærefull måte, hun blir utnevnt til skytshelgen for all verdens misjonærer!

Théophanes legeme ble bragt til kongregasjonens kirke i Paris, men hode er oppbevart i Tonkin.  En formell prosess ble åpnet i 1879, den ført til saligkåring i 1909, i 1988 ble han så helligkåret av pave Johannes Paul som en av 117 vietnamesiske martyrer. Minnedagen for alle disse martyrene er 24. november.



                                             Foto: Wikipedia

onsdag 13. mai 2026

Vår Frue av Fatima

 I Maria månaden mai markerar vi openberringane i Fatima i 1917. 13. mai er dei tre barna Lucia, Hyacinta og Frans i Cova da Iria litt nord for Fatima for å gjeta sauer. Ved middagstider er dei ferdig med å be rosenkransen då dei brått blir blenda av eit kraftig lys, ei ung og vakker kvinne viser seg så for dei tre barna. Ho opplyser at ho kjem frå himmelen og vil møta dei på same plass og dag kvar månad framover.Ho spør om dei er viljuge til å ofra seg til Gud og ta på seg dei lidingar som blir sendt dei som soning for menneskas synder som krenker Gud og Marias reine hjerte. Ho ber dei og om å be rosenkransen andektig kvar dag. Maria viser seg for barna kvar månad, det ryktes og ei stadig større folkemengde møter opp. Det kulminerar 13. oktober med mange titusen til stades som får oppleva det såkalla solunderet.

Hyacinta og Frans døyr tidleg av influensa, men Lucia som blir karmelittnonne lever til 2005. Ho får møta pave Johannes Paul som fleire gonger vitja Fatima. Attentatet på Petersplassen i 1981 fann stad 13. mai og paven meinte at det var Vår Frue av Fatimas forteneste at han overlevde drapsforsøket! Kula som traff han  finn vi i Fatima, ein liten del av Berlinmuren som fall eit par år seinare er og stilt ut her.

Fatima vart etter kvart eit av Europas viktigaste pilegrimsmål. Mange har opplevd å bli styrka og fornya i trua etter ei vitjing her. Fatima er ein del av portugisisk nasjonalkjensle, og utgjer saman med fado og fotball dei tre F.

I påsketida avsluttar vi messa med Regina Coeli så også i dag.


Regina caeli, laetare, alleluia,
Quia quem meruisti portare, alleluia,
Resurrexit, sicut dixit, alleluia,
Ora pro nobis Deum, alleluia.


Cardiotissa (eller Kardiotissa) er et gresk begrep som betyr «den som har et hjerte», og refererer til jomfru Maria (Panagia) som viser sympati, barmhjertighet og medlidenhet. Det er også et ikonografisk motiv, navnet på et kloster på Kreta, og en ubebodd gresk øy. 

Dåpsikon som i dag er formelt velsignet av p.Tien St. Ansgar.





onsdag 6. mai 2026

Det katolske Nigeria

 Nigeria er Afrikas mest folkerike land, og det åttande mest folkerike i verda med vel 230 millionar innbyggjarar. Landet utgjer vel 250 ulike etniske grupper, religiøst er landet del mellom det muslimske  nord som utgjer vel 50% av folketalet, og det kristne sør som utgjer over 40%. Dei fleste kristne tilhøyrer ulike protestantiske retningar, men vel 12% er katolikkar. Den katolske kyrkja i Nigeria er levande og aktiv med mange nye prestekall. Dette trass i eller kanskje utløyst av brutal forfølging av ytterliggåande islamistiske grupperingar. Nigeria er det landet i verda som har flest kristne martyrar. Katolikkar i Nigeria er også mellom dei mest ivrige når det gjeld å praktisera trua si. Kyrkja har vel 4000 sokn, 9500 prestar og 6500 ordenssøstre. Landet har mange presteseminar og ei rekkje klosterordenar er aktive i landet.

I 1998 vitja pave Johannes Paul landet og saligkåra då landets første helgen, trappistpresten Michael Iwene Tansi ( 1903-64). Han vart fødd i 1903 i landsbyen Igboezunu i det søraustlege Nigeria. Familien høyrde  Ibostamma og praktiserte stammas tradisjonelle religion, noko som fekk katastrofale følger i det ein medisinmann dømde Iwenes mor til døden for hekseri. I og med at faren også døydde tidleg vaks han opp hos slektningar og gjekk der på katolsk skole. Han vart døypt av irske misjonærar og fekk  dåpsnavnet Michael. Han var ein flittig elev og kvalifiserte seg til lærar og var det fram til 1925 då han kjente prestekallet og begynte  på seminaret. Han vart prestevigd i 1937 og verka som meinighetsprest i ulike sogn fram til 1950. Ein av hans katekumener var Francis Arinze som Michael døypte og gav førstekommunion og fermingas sakrament. Han vart seinare erkebiskop og kardinal og mogleg pavekandidat. Michael var ein oppofrande prest som sjølv levde asketisk, men såg rike frukter av sitt arbeid. 

I 1950 tok Michaels liv ein ny retning. Biskopen såg for seg at ein kunne bygga opp eit kontemplativt kloster i bispedømmet og Michael som lenge hadde sett for seg eit klosterkall meldte seg. Han vart sendt til trappistklosteret Mount St. Bernhard og fekk klosternavnet Kyprian. Han avla sine evige løfter i 1956, og levde dei neste åra eit stille klosterliv. Planen var at han skulle tilbake til Nigeria for å grunnlegga eit kontemplativt kloster, av ulike grunnar gjekk dette ikkje og klosteret vart lagt til nabolandet Kamerun. Det var eit hard slag for den fromme munken som etter kvart hadde fått eit ry som ein heilag mann. Dei neste åra forverra hans helsetilstand seg, og han døydde 20. januar 1964 av eit aortaaneurysme. Biskop Arintze tok initativ til å samla dokumentasjon om Michael, og i 1986 vart ein prosess mot saligkåring formelt begynt. Etter at ei ung nigeriansk kvinne med kreft på mirakuløst vi vart frisk tilskreve Michaels forbønn var vegen open for saligkåring. Pave Johannes Paul saligkåra han 22. mars 1998 under si vitjing i Nigeria. Landet fekk dermed sin første helgen.

Nigeria har som nevnt mange martyrar, ein av dei er den unge jenta Vivian Uchechi Ogu f. 1.april  1995. Ho var ei aktiv og from jente som var aktiv i den  lokale menigheten mellom anna i kor og som president i den  lokale Holy Childhood Association. I november 2009 vart ho og søstera bortført og forsøkt valdtekne, Vivian sette seg til motverge og vart drept, søstera lukkast i å unnsleppa takka vera Vivians motstand. Det vart teke initativ til ein saligkåringsprosess etter eit par år og i  2023 vart  den formelt starta og ho vart erklært som Servus Dei - Guds tjener.


                                               Foto: Mount St.Bernhard Abbey


tirsdag 28. april 2026

Healing Wounds

 Biskop Erik Varden er produktiv,han har kome med fleire bøker no sist  “Healing Wounds” for fastetida i 2025.Så vidt eg kan sjå enno ikkje omsett til norsk. I år var han som kjent invitert av pave Leo til å halda fasteretrett i Vatikanet. Boka er ein meditasjon over Kristi sårmerke frå føter til andlet med utgongspunkt i Mellomalder-hymnen “Rhythmica oratio” av cisterciensermunken Arnulf frå Leuven ( 1200-48) . Den lange hymnen er attgjeve på latin med Erik Vardes omsetjing til engelsk. Han tek utgangspunkt i dei sår vi alle bær på i større eller mindre grad, sår som vi oftast prøver å løyna både for oss sjølv og andre. Kva betyr Kristi liding for meg? Korleis kan Paulus ord til galatarane gje meining når han skriv at han er krossfesta med Kristus og det er ikkje lenger eg som lever men Kristus som lever i meg. Med utgangspunkt i Arnulfs hymne  prøver Erik Varden å gje svar på korleis vi kan forstå Kristi sår ikkje bare i juridiske termar som det middel Gud valgte for å ta bort synd, men “ as the living source of a remedy by which sin is cured and humanity's wounds, my wounds, are healed?” Korleis kan vi nå der at vi “ sees the world through the eyes of Christ crucified.” Dei sår vi ber blir ikkje nødvendigvis borte  men vi har ei trøst i :“ Faith does not take our pain away, but shows a use for it;it endows it with finality.”

Eg har ikkje tenkt over det, men den krossfesta Kristus som symbol var ikkje vanleg i den første kristne tida, det tok fleire hundre år før dei kristne adopterte dette symbolet. Eit av dei tidlegaste framstillingar av krossfestinga finn vi i basilikaen Santa Sabina i Roma frå 400 talet. Det er eit utskåre relieff på ein av dørene som Erik Varden viste ei gruppe eg var med i for fleire år sidan.Det gjorde inntrykk!  I 451 fekk vi så konsilet i Chalkedon som definerte Kristi to naturar, sann Gud og sant menneske. Krossfestinga kunne dermed gå frå eit meir perifert symbol til det i Mellomalderen hadde blitt det mest sentrale bilete på Kristi frelsesverk. Ein hymne og eit kapittel om føtter,kne, hender,side, bryst, hjerte, andlet, biskop Erik før oss gjennom det teologiske,men og med kulturelle og personlege referansar.  Det siste kapittelet “ Flourishing” oppsummerer og set hymnen inn i ei ramme.Her har han også med ein tekst  av biskop Erik Valkendorf i Missale Nidrosiense om tårer. Tårer som i moderne oppfatning blir sett eindimensjonalt på og ikkje i eit “ sadness- gladness” eller “ mournful- joyful” perspektiv som i  Erik Valkendorfs tekst. Jesus feller tårer ved Lasarus død, i biskop Eriks ord “ what causes Christ to weep is the sight of humanity weeping.” Dødens herrdøme over skapnadar meint for udødelegdom, etter å ha felt tårer går han “ up to Calvary to work our redemption”.

Som alltid i biskops Eriks tekstar er det mykje å ta med seg, men ikkje alltid like lett ved første gjennomlesing. Men bøker ein har kjøpt kan plukkast fram igjen og kanskje opnar det seg ny innsikt?






fredag 24. april 2026

April og stilla

 April og naturen opnar seg på nytt som alle år. Varme i lufta dei siste dagane, eg kunne sitja i sola etter jobb.Snart slutt på dagleg vandring til arbeidet, det kjennest rart etter 44 år. Dette måtte modnast men no står det klart for meg at det er rett tidspunkt! Vi ser på vesle Gustav på vel ein månad, det set alt i sitt rette perspektiv når eg sjølv går inn i den siste livsfasen. Ein aprildag for 69 år sidan i morgon, eg vart kasta inn i dette underlege vi kallar tilværet. Gradvis vaks medvitet og undringa fram, sterkare og sterkare vart det næra av naturen, stilla og mysteriet. Eg les dikt av Jon Fosse, den vesle boka “ Stein til stein”, der han skildrar stilla som veks ut av augneblinken, av det å vera tilstades her og no omslutta av naturen og dei/ det andre.

STEIN PÅ STEIN

stein på stein

og sjø på sjø

og ein himmel

veldig som havet

ein der ute kan sjå


nokre fåe hus

nokre båtar


og ei stille

heilt stille

Noko tek i mot og noko vinkar farvel. Det var så klart for oss for seks år sidan då min far forlet oss nesten samstundes som Mathilde kom til oss. Kanskje passerte dei kvarandre der ute ein stad? Eit vakkert bilete å finna trøyst og meining i.

ENGEL OG STJERNE

ein blå dag forkynner si kome

og dagens engel

vinkar deg til seg

med begge hendene sine


og du snur deg og du ser at ei stjerne

lyfter hendene sine

og vinkar deg farvel




søndag 5. april 2026

Påskevigilien

 

Påskelovsangen 

Fryd deg – du himlenes engleskare!
Juble av glede, Guds mysterier!
La frelsens basun kunngjøre den store konges seier!
Må også jorden – lysende i den evige konges klarhet,
glede seg i sin nye strålekrans,
og vite at mørket som omsluttet verden, er hevet.
Glede seg skal også Kirken, vår mor,
kledt i glansen fra så stort et lys,
mens denne hall gjenlyder av mengdens mektige sang.

(℣: Herren være med dere.
℞: Og med din ånd.)
℣: Løft deres hjerter.
℞: Vi løfter våre hjerter til Herren.
℣: La oss takke Herren, vår Gud.
℞: Det er verdig og rett.

I sannhet, verdig og rett er det
av hele vårt hjerte og sinn
å lovsynge den usynlige og allmektige Fader
og hans enbårne Sønn,
Jesus Kristus, vår Herre.
For oss innfridde han Adams gjeld til den evige Far,
og med sitt dyre blod utslettet han fortidens synd.
Ja, dette er påskefesten
da det sanne Lam blir ofret.
Med dets blod blir de troendes dørstolper vigslet.
Dette er den natt
da du i fordums tid førte våre fedre,
Israels barn, ut av Egyptens land
og bragte dem tørrskodde over Det røde hav.
Ja, dette er den natt
da ildstøttens lys fordrev syndens mørke.
Dette er natten og timen
som løser alle her nede som tror på Kristus,
fra verdens laster og syndens mørke,
gir dem din nåde tilbake
og skjenker dem del i din hellighet.
Dette er den natt
da Kristus brøt dødens lenker
og seirende stod opp fra de døde.
Så underfullt bøyer din godhet seg mot oss!
Uten mål eller grense er din kjærlighets miskunn:
For å løskjøpe trellen prisgav du Sønnen!
Sannelig: nødvendig var Adams synd,
den som Kristi død har utslettet.
Å, salige synd som vant oss så stor en gjenløser!
For denne natt driver med hellig makt
ondskap på flukt,
renser for synd, gjenreiser den falnes uskyld
og gir de sørgende gleden tilbake.
I sannhet salige natt
da himmelen forenes med jorden,
det guddommelige med det menneskelige.
Hellige Far! Ved nåden du skjenker oss
i denne hellige natt,
rekker jeg deg vår lovprisnings kveldsoffer
i denne brennende kjerte,
som de strevsomme bier har virket,
og som din hellige Kirke høytidelig frembærer
ved dine tjeneres hender.
Derfor ber vi deg, Herre:
La dette vokslys,
viet til din ære,
brenne videre uten opphør
og fordrive denne natts mørke.
Gi, at det blir tatt imot som søt vellukt
og blander seg med himmelens lys.
Må morgenstjernen finne det brennende,
den morgenstjerne som ikke kjenner nedgang:
Kristus, din Sønn,
som er stått opp fra de døde
og i sin klarhet lyser for menneskeslekten,
han som lever og råder fra evighet til evighet.
℞: Amen.

Det er alltid like fint og meiningsfullt å få ta del i liturgien på påskenatt. Vi feirar Kristi oppstode med tenning av påskelyset ute, påskelovsongen, fornying av dåpsløftene, ordets liturgi med sju tekstar frå Det gamle testamentet, eit frå breva og evangelium. Etter preika vart fire konvertittar teke opp i Kyrkjas fulle fellesskap og fekk del i sakramenta, ferminga og Kristi lekam og blod. Dei var spente og nervøse, men så glade og strålande av takksemd etterpå. Det er så tilfredsstillande og meiningsfylt å få vera med på dette som kateket og undervisar på troskurset og som fadder. Det inngår og i ein større samanheng som vi ser både i Europa, Australia og USA, overalt er det ein markert auke i talet på konvertittar og vaksen døypte.Som eg tidlegare har peikt på kan ikkje dette forklarast med noko som Kyrkja har foretatt seg, det har vakse fram av seg sjølv og heilt sikkert næra av Den Heilage Ande. Kyrkja har gjennom sine totusen år hatt nedgangstider og oppgangstider, kanskje ser vi no ein oppgang etter år med fråfall, sekularisering og overgrepsskandalar? Vi kan vona og be, og støtta oss på det einaste som er held i motgang og mørkre.

“ Kristus er stått opp  - ja han er sanneleg stått opp. Halleluja”







fredag 3. april 2026

Langfredag

 Langfredag er den einaste dagen i året der det ikkje vert feira katolsk messe, men vi har den den sterke langfredagsliturgien med fokus på Krist liding og død på korset. Lesningar  frå Jesaja, Hebrearbrevet og heile lidingshistorien frå Johannes evangeliet, ti forbøner, hylling av korset og kommunion med brød og vin frå Skjærtorsdag. Mellomalder hymnen Stabat Mater framført i orginal versjon av koret, eg gjev den att i nynorsk versjon under. Etter gudstenesta økumenisk korsvegs vandring i Kristiansand sentrum, noko som har blitt ein fast tradisjon. Dei 14 stasjonane der vi føl Kristus på Via Dolorosa til Golgata, i år vart tekstlesing og bønner understreka av at alle var våte og kalde etter kvart!

1938
Standande i gråt


1Standande i gråt og kvida / Herrens mor ser Sonen lida / høgt på kross og skjemdartre.

2Skjelvande, til dauden såra / og av sverdet gjenombora / stend ho i sin hjarteve.

3Ingi sorg er tung som denne / ingen hev so djupt fått kjenne / liding som Guds fagna mor.

4Men hjå Sonen vil ho vera / og med honom liding bera / til hans siste sukk på jord.

5Kan det nokon utan tåre / sjå ho i si liding såre / bogna under krossen ned –

6Kan det nokon hegda gråten / når han ser ho, jammerbroten / luta under pinsletre.

7All vår synd låg på den eine, / krossen tyngde på den reine, / han som utan synder var.

8Bøygd av sorg ho såg han lida / og i dauden eismal* strida; / djupt i sjeli sverdet skar.

9Kjærleiks kjelde, moder milde, / eg so gjerne gråta vilde / attmed krossen hans med deg!

10Lat din kjærleik i meg strøyma / so din son eg kan kje gløyma, / og han kjennast vil med meg.

11Sæle mor, vil du det gjera, / at i hjarta eg fær bera / her på jord min Frelsars sår?

12Mine synder hev han sona, / lat meg fylgja deg og vona / at til krossen hans eg når.

13Lat meg blandt hans vener finnast, / all hans ynk og liding minnast / medan eg på jordi fer.

14Lat meg attmed krossen standa, / tårone med dine blanda / til eg kjem hans hjarta nær!

15Møy, du reinaste av alle, / som deg her Guds mor fekk kalle, / vil du høyra bøni mi?

16Lat meg her hans liding bera / og i liv og daude vera / med deg i din tunge strid!

17Um av såri då eg bløder, / er det livsens flod som fløder / frå hans kross og hjarteblod.

18Når eg fer frå jordheims aude, / lat di bøn frå dom og daude / fria meg, ver då meg god!

19Kristus, lat på himmelstrender / hennar milde moderhender / retta meg min sigerpris!

20Ja, når moldi av skal siga, / lat då sjeli upp få stiga / til ditt sæle Paradis! Amen.


                                                  Maria alteret tildekka
                                    Korset tildekka og alteret nakent fram til påskevigilien

                                  Våte og kalde korsvandrarar.