tirsdag 28. juli 2026
Arne Garborg
Eg les Tor Obrestads biografi om Arne Garborg frå 1990.Ei fin skildring av einav dei store i norsk litteratur. Boka er svært detaljert med lange sitat frå Garborgs mange artiklar og brev,eg må vedgå at eg hoppa over ein del av desse.Etter å ha lese biografien sit eg att med eit inntrykk av at Garborg var større enn eg har tenkt som forfattar,men og som tenkjar, samfunnsdebattant, avismann og ikkje minstsom forkjempar for nynorsk målføre! Arne Garborg var fødd i Time på Jæren, og debuterte med roman Bondestudentar i 1883, seinare følgde dei naturalistisk prega bøkene Mannfolk, Hjaa ho mor, Trætte Mænd.Hovudpersonane er unge rotlause menn,prega av meningsløyse og med nihilisme og dekadens som livssyn.Garborg sleit heile livet med dei store eksistensielle spørsmåla med utgangspunkr i ein oppvekst i eit strengt pietistisk miljø.Faren Eivind var prega av fanatisk religiøsitet og tok livet sitt då Arne Garborg var 20 år,han kom til å slita med livslang skuldkjensle for dette.
Så kjem i 1895 det storslåtte og mest elska og lest av Garborgs verk,nemleg Haugtussa. Eit poetisk verk på 160 sider om den unge jenta Veslemøy også kalla Haugtussa.Etter å ha lese Garborg biografien hentar eg fram Haugtussa og les på nytt. Det er eit utruleg rikt verk, det er vel ikkje tilsvarande i norsk litteratur korkje før eller etter? Her er vakre poetiske naturskildringar frå Jæren,lengt, kjærleik, svik og sorg.Vi møter dei vonde maktene i folkeleg førkristen tru, men og dei gode reprentert ved Veslemøy, mor hennar og på slutten også den døde søstera.Kampen mellom det gode og vonde føregår så vel inne i oss,men og i verda og samfunnet rundt oss.Garborg var klar på den etiske fordringa som ligg i kristendomen.
" ...det var noko i kristindomen- kyrkjetrui- som alltid drog meg og drog meg meir og meir, etterkvart som eg såg at heilt ut kunne ikkje vitskapen gjeva bot for ei tru, livet hadde, kor som var,ei moralsk side,som hadde ein rett,og attum alt stod no som alle dagar dei store spørsmålsteikn;me var ikkje so ferdige som mange av oss i ungt mod hadde tenkt."
Hovudpersonen i Trætte Mænd Gabriel Gram gjev tapt for dei livsøydeleggande kreftene og endar i livstrøytt resignasjon, medan Haugtussa vinn over dei mørke kreftene med kraft frå kjærleiken og det gode.Innleiingsdiktet til Haugtussa er det kjende "Til deg du hei og bleike myr", det avsluttar optimistisk slik:
" Men lerka stig frå gløymde grav
med sigers ljod;
og vinden stryker inn av hav
so frisk og god.
Og um me kjenner gråt og gru
og saknad sår,
so må me lerkesongen tru,
som lovar vår."
Heile verket avsluttar i same tone når
Veslemøy ser søster si "fager og ljos og ålvorsblid med smil av heilag glede."
" Kom,fylg oss på din nye veg,
som upp or myrkheim fører deg
til ljos og klåre dagar! Den stig er bratt,den veg er lang.Men ingin angrar denne gang.Um trøytt du stundom klagar,til sist seg allting lagar."
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar