fredag 10. juli 2026

Katolisisme i Persiagulfen

 Landa på Den arabiske halvøya er alle muslimske og ein finn ikkje gamle kristne minoritetar slik tilfellet er i Irak, Syria og Libanon. Det var kristne her på 300 talet, men då islam overtok på 600 talet forsvann dei gradvis. Dei siste tiåra har mange arbeidssøkjande kome til arabiske land, mange av dei har katolsk bakgrunn. Dei kjem frå Fillipinene, India, Libanon, afrikanske og europeiske land, men har eit  felles ønskje om å praktisera si katolske tru. Spesielt Dei sameinte arabiske emirata har vist seg positive til  nye kyrkjebygg og kristen aktivitet. Ein reknar med at det er omlag ein million katolikkar i landet, det svarer til omlag 10% av innbyggarane. Det er over ti kyrkjer og eit rikt liturgisk liv med daglege messer på ulike språk. Pave Frans vitja landet i 2019, og hadde samtalar med muslimske leiarar og landets kronprins. 5. februar feira han messe på sportsstadium med 135000 truande tilstades.

Utlenlandske kristne kan altså fritt praktisera sin religion i dette muslimske landet, men kva med innfødte som ønskjer å konvertera? Det er nok også her vanskeleg kanskje i større grad i forhold til familien enn styresmaktene. Det er likevel mange historiar om tidlegare muslimar som søkjer ei kristen tru. Interessant er det at Jomfru Maria som og blir æra av muslimar og er nevnt fleire stader i Koranen, har blitt ein inngangsport til ei levande tru på sonen Jesus Kristus. Maria gjer det ho alltid har gjort, ho viser oss vegen til frelsa i Kristus! La oss be om Marias hjelp for alle i muslimske land som søkjer kristen tru!


Vår Frue av Lourdes utanfor kyrkja St. Mary i Dubai.

Foto: EWTN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar