tirsdag 9. juni 2026

Dåpen

 6.juni hadde vi den store gleda å få feira Gustav Sverres dåp og dermed innlemming hans i det store katolske fellesskapet. Dåpens sakrament er grunnvollen i det kristne livet. Det er døra inn til eit liv i Anden og det er porten til dei andre sakramenta som Kyrkjas gjev oss som  støtte i dette livet. I dåpen blir vi gjenfødte og ein del av Kristi lekam. Dåp - baptizein på gresk som tyder neddykking og opprinneleg vart dåpskandidaten dykka ned tre gonger for deretter å bli ikledd dåpsdrakta som symbol på at ein vart blitt eit Guds barn.” Dåpen er den vakreste og vidunderligste av Guds gaver” står det i katekismen.

Ritualet byrjar med prestens spørsmål til foreldrene og deretter korsteiknet over barnet først ved presten så  foreldre og fadrar.  Så bibelord og kort preike.” Gjør alle folkeslag til disipler: døp dem til Faderens og Sønnens og Den Hellige Ånds navn.” Så forbønner, eksorsismebønn og salving med katekumenolje, velsigning og påkalling over dåpsvatnet. Forsaking og trusvedkjenning:” Dette er vår tro. Dette er Kirkens tro som vi stolt bekjenner i Kristus Jesus vår Herre.Amen.”

Så følgjer sjølve dåpshandlinga der dåpsvatnet  blir hella over barnets hovud. Deretter salving med heilag krisma, iføring av den kvite dåpsdrakta og overrekking  av dåpslyset som vart tent frå det store påskelyset.

Til slutt Herrens bønn før avslutning med velsigning og bortsending. Ein vakker og meningsfull sermoni for hovudpersonen og for familien.


Dåpsdagen til Gustav Sverre

Ventetida boren av

kjærleik og tru

til du i vogga låg

med varme kinn

ljos frå augo

og smil om munn.

Denne underlege reisa

ditt fartøy ikkje din bustad

eit vindpust mot jorda

eit ljos over skya

når dåpsvatnets nåde

skal lysa over di lei og din sti.

Kledd i vernande kvitt

og alt som blir hjå deg

no og for all di tid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar