fredag 24. april 2026

April og stilla

 April og naturen opnar seg på nytt som alle år. Varme i lufta dei siste dagane, eg kunne sitja i sola etter jobb.Snart slutt på dagleg vandring til arbeidet, det kjennest rart etter 44 år. Dette måtte modnast men no står det klart for meg at det er rett tidspunkt! Vi ser på vesle Gustav på vel ein månad, det set alt i sitt rette perspektiv når eg sjølv går inn i den siste livsfasen. Ein aprildag for 69 år sidan i morgon, eg vart kasta inn i dette underlege vi kallar tilværet. Gradvis vaks medvitet og undringa fram, sterkare og sterkare vart det næra av naturen, stilla og mysteriet. Eg les dikt av Jon Fosse, den vesle boka “ Stein til stein”, der han skildrar stilla som veks ut av augneblinken, av det å vera tilstades her og no omslutta av naturen og dei/ det andre.

STEIN PÅ STEIN

stein på stein

og sjø på sjø

og ein himmel

veldig som havet

ein der ute kan sjå


nokre fåe hus

nokre båtar


og ei stille

heilt stille

Noko tek i mot og noko vinkar farvel. Det var så klart for oss for seks år sidan då min far forlet oss nesten samstundes som Mathilde kom til oss. Kanskje passerte dei kvarandre der ute ein stad? Eit vakkert bilete å finna trøyst og meining i.

ENGEL OG STJERNE

ein blå dag forkynner si kome

og dagens engel

vinkar deg til seg

med begge hendene sine


og du snur deg og du ser at ei stjerne

lyfter hendene sine

og vinkar deg farvel




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar