torsdag 18. juni 2026

Poesi i det kvite hus

 Eg har alt skreve litt om den folkekjære amerikanske poeten Robert Frost. 26. mars 1962 fyller han 88 år, og har knapt eit år igjen å leva. Han blir æra som den store amerikanske poeten denne dagen, president Kennedy tek imot han i Det kvite hus og tildeler han Congressional Medal, ein høgthengande utmerking. Seinare på dagen er han æresgjest ved middagen i The Pan American Union i Washington.Ikkje nok med det, hans første diktsamling på 15 år “In the Clearing “, som og blir hans siste, kjem ut. Alt dette viste at USA  på byrjinga av 1960-talet visste å verdsetja sine forfattarar!

20. januar året før vart John F. Kennedy innsett som amerikansk president. Robert Frost som den første amerikanske poet er blitt spurt om å resitera eit av sine dikt denne viktige dagen.Han har skreve eit lengre dikt for dette høvet, men skarpt sollys og iskald vind fører til at den aldrande Frost må lesa det kortare diktet “The Gift Outright”- “Den fullstendige gaven” i Karin Hauganes norske omsetjing. Det byrjar slik:” Dette landet var vårt før vi var landets/Det var vårt land i mer enn hundre år/Før vi var landets folk”.

Eg ser ikkje for meg at til dømes Joy Harjo eller Joyce Sutphen, to framståande kvinnelege poetar, vert invitert til det Det kvite hus i dag. Men kanskje kjem det eingong nye tider. Diktet Frost hadde tenkt å framføra den kalde januardagen i 1961 sluttar slik: “ Firm in our free beliefs without dismay/ In any game the nation want to play/A golden  age of poetry and power/ Of which this noonday's the beginning hour”.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar