torsdag 30. juli 2026

The Wild Iris

 Eg har tidlegare skreve om den amerikanske poeten og nobelprisvinnaren Louise Glück som døydde i 2023, 80 år gammal. Eg les om igjen diktsamlinga The Wild Iris frå 1992, den vert rekna som eit høgdepunkt i hennar litterære produksjon.

Boka er ei poetisk vandring gjennom ein hage i sommarhalvåret frå «End of Winter» til « September Twilight». Men det er og ei vandring gjennom døgnet og tida, gjennom menneskelivet med dei sår, gleder og minne vi ber med oss. Boka er forma som ein dialog , ein indre dialog  og ein dialog mellom gartnaren og forfattaren, men og mellom forfattaren og John som arbeider i hagen og vel viser til hennar partner? Så er her ein andeleg dialog mellom gartnaren/forfattaren og ein skapar. Boka startar med dikt «The Wild Iris» som legg an ein håpefull tone: « At the end of my suffering there was a door» og sluttar med ei stadfesting av det vakre og stadfestande som kan strøyme ut frå vårt indre: « from the center of my life came/ a great fountain,deep blue/ shadows on azure seawater.»  Boka avsluttar med diktet «The White Lillies», hagen kan bli gjort til « a bed of stars» mellom ein mann og ei kvinne, men og «capable of devastation». Så oppsummerar forfattaren denne hagevandringa med følgjande:

« Hush, beloved. It doesn’t matter to me/how many summers I live to return:/this one summer we have entered eternity./ I felt your two hands/bury me to relase its splendor.» Denne sommaren er lik alle andre, men likevel unik. I diktet «Presque Isle» minnest Glück desse minnefulle augneblinkar som ein kan ta vare på vidare. «In every life ,there’s  a moment or two/ In every life, a room somewhere,by the sea or in the mountains.» Det sanselege og konkrete som vekkjer desse minna til live: « Around your face,rushes of damp hair,streaked with auburn./Muslin, flicker of silver.Heavy jar filled with white peonies.»

Kva er denne tida som kjem eller går, eller begge deler? I diktsamlinga Averno finn vi diktet « Landscape»,der  knyter ho tid og landskap saman i det sanselege. « I lived in the present,which was / that part of the future you could see./The past floated above my head,/like the sun and moon,visible but never reachable.» Vi kan ikkje nå fortida, men notida som framtid vi kan sjå kan vi gripa.Valgetber vårt når sjansen byr seg. lenger ute i diktet skriv ho: « All your life,you wait for the propitious time./ Then the propitious time/reveals itself as action taken.»






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar