tirsdag 28. april 2026

Healing Wounds

 Biskop Erik Varden er produktiv,han har kome med fleire bøker no sist  “Healing Wounds” for fastetida i 2025.Så vidt eg kan sjå enno ikkje omsett til norsk. I år var han som kjent invitert av pave Leo til å halda fasteretrett i Vatikanet. Boka er ein meditasjon over Kristi sårmerke frå føter til andlet med utgongspunkt i Mellomalder-hymnen “Rhythmica oratio” av cisterciensermunken Arnulf frå Leuven ( 1200-48) . Den lange hymnen er attgjeve på latin med Erik Vardes omsetjing til engelsk. Han tek utgangspunkt i dei sår vi alle bær på i større eller mindre grad, sår som vi oftast prøver å løyna både for oss sjølv og andre. Kva betyr Kristi liding for meg? Korleis kan Paulus ord til galatarane gje meining når han skriv at han er krossfesta med Kristus og det er ikkje lenger eg som lever men Kristus som lever i meg. Med utgangspunkt i Arnulfs hymne  prøver Erik Varden å gje svar på korleis vi kan forstå Kristi sår ikkje bare i juridiske termar som det middel Gud valgte for å ta bort synd, men “ as the living source of a remedy by which sin is cured and humanity's wounds, my wounds, are healed?” Korleis kan vi nå der at vi “ sees the world through the eyes of Christ crucified.” Dei sår vi ber blir ikkje nødvendigvis borte  men vi har ei trøst i :“ Faith does not take our pain away, but shows a use for it;it endows it with finality.”

Eg har ikkje tenkt over det, men den krossfesta Kristus som symbol var ikkje vanleg i den første kristne tida, det tok fleire hundre år før dei kristne adopterte dette symbolet. Eit av dei tidlegaste framstillingar av krossfestinga finn vi i basilikaen Santa Sabina i Roma frå 400 talet. Det er eit utskåre relieff på ein av dørene som Erik Varden viste ei gruppe eg var med i for fleire år sidan.Det gjorde inntrykk!  I 451 fekk vi så konsilet i Chalkedon som definerte Kristi to naturar, sann Gud og sant menneske. Krossfestinga kunne dermed gå frå eit meir perifert symbol til det i Mellomalderen hadde blitt det mest sentrale bilete på Kristi frelsesverk. Ein hymne og eit kapittel om føtter,kne, hender,side, bryst, hjerte, andlet, biskop Erik før oss gjennom det teologiske,men og med kulturelle og personlege referansar.  Det siste kapittelet “ Flourishing” oppsummerer og set hymnen inn i ei ramme.Her har han også med ein tekst  av biskop Erik Valkendorf i Missale Nidrosiense om tårer. Tårer som i moderne oppfatning blir sett eindimensjonalt på og ikkje i eit “ sadness- gladness” eller “ mournful- joyful” perspektiv som i  Erik Valkendorfs tekst. Jesus feller tårer ved Lasarus død, i biskop Eriks ord “ what causes Christ to weep is the sight of humanity weeping.” Dødens herrdøme over skapnadar meint for udødelegdom, etter å ha felt tårer går han “ up to Calvary to work our redemption”.

Som alltid i biskops Eriks tekstar er det mykje å ta med seg, men ikkje alltid like lett ved første gjennomlesing. Men bøker ein har kjøpt kan plukkast fram igjen og kanskje opnar det seg ny innsikt?






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar