onsdag 30. mai 2018

Therese av Jesusbarnet ein økumenisk helgen ?

Er Therese ein økumenisk helgen ?  Det er vel få protestantisk kristne som har høyrt om henne og enno færre som kjenner til hennar liv og bodskap. Ho kan kanskje likevel fungera som eit møtepunkt mellom katolske og protestantisk kristne, sjølv om det vel ikkje heilt er slik enkelte har hevda at Kyrkja ved å helgenkåra Therese langt på veg har oppheva fordømminga av Luther ! Men det er meir enn eit snev av sanning i dette, den svenske journalisten Gunnel Vallquist uttrykkjer det slik i ein artikkel i Svenska Dagbladet i 1973: " Så småningom skulle det stå klart att denna lilla nunna, utan några teologiske spekulationer och utan någon polemik.... gjort rent hus med precis detsamma som Luther med så mycket buller og bång gått til storms emot: kravet att man måste prestera något för att bli förtjänt av Guds kärlek."

Både Luther og Therese søkte ein rettvis og barmhjertig Gud, og begge reagerte  mot  tendensar til å leggja større vekt på eigne prestasjonar enn Guds verk (pelagianisme).  For Luther var det store spørsmålet korleis finn eg ein nådig Gud, korleis kan eg bli frelst ? For han blir trua ein slags juridisk forsikring om å koma til himmelen (frelsesvisse). Han finn svaret i Paulus brev til Romarane.
Thereses tilnærming er noko ulik, for henne kan ikkje trua skiljast frå kjærleiken, trua er ein kjærleikens eigenskapar, den kjærleiken som ikkje seier "eg " men "du" ( l`amour qui ne soit plus moi mais toi, mon Jesus"). Bare kjærleiken får oss til å gløyma oss sjølve og gå opp i den andre, då blir ikkje lenger spørsmålet om eiga frelse så påtrengande. For Therese kan difor ikkje Guds rettvise skiljast  frå hans barmhjertige kjærleik. Der Luther går til Romarbrevet vil Therese gå til Jesaja:
"De skal suga, berast på armen og voggast på  fanget. Som ei mor trøystar barnet sitt slik vil eg trøysta dykk." (Jes 66. 12-13).  Men begge vil kunna bli samde om at dette er ikkje noko som vi får av eigne prestasjonar, det er Guds ufortente gåver til oss. Sånn sette kan dette bli eit økumenisk møtepunkt. Wilfrid Stinissen uttrykkjer det slik:" Thereses ekumeniska betydelse är nog mycket större än vi hittills insett och på detta område har vi säkert stora överraskningar att vänta oss."






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar