lørdag 26. mai 2018

Karmel Lisieux

Frå Les Buissonnets  går ein ut på Boulevard Herbet-Fourmet og vidare langs Boulevard  Jeanne d`Arc før ein kjem til  Rue du Carmel og Karmelittklosteret. Det er ikkje langt, 10-15 minuttars spasertur, her gjekk Therese med faren for å vitja dei to søstrene, Marie og Pauline, som alt hadde funne sin plass i Karmel, og her gjekk ho ein siste gong  9. april 1888.
Ho var femten år og eigentleg for ung til å bli karmelittnonne, men Therese var ei viljesterk ung dame som ikkje ville gje seg.  Med vår tids sekulære auge er dette fullstendig uforståeleg, ja  det reine vanvidd! Med Therese nyttar alle kanalar for å få igjennom sitt ønske heilt frå hos pinse 1887 ber faren om lov til å tre inn i Karmel som sine søstre. I oktober oppsøkjer ho og faren biskopen i Bayeux Hugonin for  å be om lov, og under ei pilegrimsreise til Roma seinare det året  fell ho på kne for pave Leo XII og ber om det same. Therese er ikkje bare viljesterk men også modig !

9. april året etter er den store dagen,Therese får gå frå heimen Les Buissonnets og tre inn i Karmel. Ho skriv:" Alt var bare skjønt, jeg følte jeg var blitt ført inn i en ørken; særlig syntes jeg vår lille celle var betagende, men den glede jeg følte var en stille glede, ikke det minste lille vindpust kruset det stille vannet hvor min lille  båt vugget så sakte, ikke en sky formørket min aurblå himmel......
Å , ja, jeg var blitt rikelig belønnet for alle mine prøvelser. Og med dyp glede gjentok jeg disse ordene:"Dette er for alltid, jeg skal være her alltid!..."

Vi har gått Thereses veg frå Les Buissonnets , og via kapellet i klosteret  trør vi forsiktig inn i siderommet med Thereses relikviar under ei marmorstatue av Therese på dødsleiet, Over det heile den orginale Maria statua frå Marie og Paulines rom som smilte til Therese då ho låg alvorleg sjuk.
Like bak ei tavle med navna til Thereses tre søstre som er gravlagt like utanfor.









Tilbake til vesper klokka seks. Søstrene tek plass i koret som ikkje er skilt frå resten av kapellet med gitter slik det er i mange karmelittkloster. Eg merkar meg og ei enklare drakt enn det til dømes søstrene i Tromsø ber.
Dei kjente ledda i vesper går greit når ein har fått utlevert den franske teksten. For 125 år sidan stod Therese i koret her saman med sine medsøstre og stemte i Magnifikat. I kveld er ho konkret eit par meter borte, i sine forbøner mykje nærare!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar