torsdag 24. mai 2018

Les Buissonnets

Det er august 1877 i Alencon, Louise Martin er akkurat blitt enkemann etter at kona Zelie som han elska så høgt døydde av brystkreft. Han er åleine med tre tenåringsjenter, Marie, Pauline og Leonie og dessutan Celine på åtte år og vesle Therese enno ikkje fem år. Han vel å forlata Alencon og flytta til Lisieux der svogeren Isidore Guerin driv apotek. I november  flyttar dei til eigedomen "Les Buissonnets" (buskas, krattskog) som ligg i eit landleg område eit pat minuttars gange frå sentrum  med St. Peter kyrkja der familien går dagleg til messe. Les Buissonnets er eit 1800 talls hus i raud murstein med ein liten hage både på framsida og bak huset. Her veks vesle Therese opp, og det er ein barndom ho beskriv som lukkeleg i sjølvbiografien "En sjels historie" trass i det store saknet etter mora.
Etter at alle søstrene hadde følgt sitt klosterkall og faren Louise er død gjekk huset ut av familien, men vart seinare kjøpt tilbake og restaurert slik det var då familien Martin budde her på 1870-80 talet.
Huset er i dag eit minnesmerke og pilegrimsmål for alle som er inspirert av Therese av Jesusbarnet.

Vi går det vesle stykket frå sentrum ein vakker mai morgon. Eg tenkjer at dette er den same vegen  familien gjekk dagleg etter morgonmessa. Ein liten port fører inn til ein blomerik hage framfor huset, går ein bak huset er det ein større hage og her dominerar statua av Therese og faren der  ho ber han om lov til å tre inn i Karmel slik dei eldre søstreen alt har gjort.

Går ein inn gjennom hovedinngangen kjem ein rett inn i kjøkkenet med den store peisen på høgre side. Her opplevde ho eit avgjerande augneblikk etter midtnattmessa julenatt 1886. Audiovisuell guide på ulike språk føl oss den korte vegen gjennom huset. Inn til høgre rommet der familien hadde sin måltid, ei klokke lagt av Louise Martin prydar veggen. Opp ei lita trapp til andre etasje kjem ein først til Marie og Paulines soverom der Therese låg alvorleg sjuk men opplevde å bli frisk då Jomfru Maria statua smilte til henne. Ei statue som faren hadde fått som ung og hadde følgt familien seinare.

"Da stakkars lille Therese ikke fant noen hjelp på denne jord, vendte hun seg mot sin Mor i himmelen, og hun bad av hele sitt hjerte om at hu nå endelig mått forbarme seg over henne. Plutselig så jeg den hellig Jomfru stå der, og hun var meget vakker, hun var så vakker at jeg aldri har sett slik skjønnhet. Hennes ansikt utstrålte eun utsigeleg godhet og ømhet, men det som trengte inn i dypet av min sjel, var den hellige Jomfruens betagende smil."

Vi forlet huset gjennom Leonies soverom der det er ein lite utstilling av Therese drakt til første kommunion, leiker og skulebøker. Det gjer inntrykk, ein kjem brått nær denne familien som var ein familie lik alle andre, lik oss, men likevel ikkje som oss.
Vi kan gå ut i solskinnet og vidare nedover gata der Therese gjekk ein aprildag i 1888 på veg til Karmel. Ho såg barndomsheimen for siste gong !

















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar