torsdag 24. mai 2018

St. Peters katedral i Lisieux

Sentralt i Lisieux ligg St. Peters katedral som var der Martin familien dagleg gjekk til messe,og der Therese avla sitt første skriftemål og fekk kommunion første gong. Kyrkja  vart påbegynt  på 1200 talet og fullført dels på 1300 talet dels på 1600 talet. Bak katedralen ligg biskopens park, eit vakkert lite område med mellom anna eit minnesmerke over falne soldatar i Frankrikes mange krigar.
Her er ellers spor av Martin familien, ikkje minst alteret som vart gjeve av Thereses far Louise Martin i 1888, kort tid før han vart alvorleg sjuk.
Til venstre like innanfor hovudinngangen finn vi skriftestolen der Therese avla sitt første skriftemål før første kommunionen 8, mai 1884.

"Kvelden før den store dagen mottok jeg absolusjon annen gang. Generalskiftemålet etterlot en fred i min sjel, og Gud tillot ikke den minste lille sky å forstyrre den. Om ettermiddagen bad jeg hele min familie om tilgivelse da de kom på besøk, men jeg kunne ikke snakke uten at tårene rant, jeg var så altfor beveget....."

Ei rekkje små sidealtar er plassert på begge sider av hovudaltaret, også eit dedikert til heile Martin familien. Bak hovudaltaret finn vi eit mindre kapell med monstrans med det heilage sakramentet.
Her var det Therese bad om omvending for  den dødsdømte mordaren Pranzini i 1887,  eit uttrykk for hennar intense ønske om å redda så mange sjeler som mogleg.

Går ein ut av katedralen og gjennom parken er det bare eit par minuttar å gå til Les Buissonnetss. Spesielt å gå her i vissa om at Therese og hennar familie gjekk her dagleg for 130-140 år sidan.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar