fredag 4. mai 2018

Liv andre har levd

Interessa for slekta, for alle dei som gjekk før oss og deira historie er vel for mange noko som kjem med alderen. Ein har valgt eller fått sin livslagnad,  og innser at ein  må akseptera det, sjølv om det like godt kunne vore ein annan lagnad, eit "liv andre har levd" som Edvard Hoem skriv i det siste bandet av den store slektkrøniken om hans eigne forfedre. Tidlegare har det kome tre bøker, "Slåttekar i himmelen", "Bror din på prærien" og "Land ingen har sett" der vi føl slekta frå slutten av attenhundretalet fram til omlag 1960. På slutten dukkar også forfattaren sjølv opp i persongalleriet og dermed er ringen slutta.
Bøkene er fiksjonromanar , men "based on a true story" og ber preg av eit grundig research arbeid undervegs. Det er utvandringa til Amerika som er hovudtemaet i bøkene, vi føl forfattarens grandonkel Eilert som utvandrar som sekstenåring, og parallelt med det forfatterens bestefar Anton Edvard som blir igjen i Norge og driv gard på heimplassen. I ei variert og fascinerande historie møter vi deira foreldre, søsken, barn og barnebarn. Bøkene er detaljert, men skrivne på eit levande og  enkelt nynorsk. Kanskje blir dei ståande som ein av dei store utvandrar krønikene? Tidlegare har Alfred Hauge skreve om dette, og ikkje minst svenske Wilhelm Moberg som eg nyleg skreiv om.

Det religiøse står sentralt i bøkene, både Eilert og Anton Edvard har ei sterk tru og er engasjert i lokale menigheter, ein fetter blir prest og sonen Knut, far til forfattaren, reiste i mange år som predikant i indremisjonen. Interessant er det når forfattaren kjem over  gamle brev og nattverdslister som tyder på at Eilert kom i sterk tvil på slutten av livet, han følte seg ikkje verdig til å ta imot nattverden. Kanskje vart han likevel forsona med Gud og livet han hadde levd før han døydde som ein gammal mann på slutten av femtitalet ?
Edvard Hoem som vaks opp med ein preikantfar fortel at heimen var prega av ein lys og varm kristendom. Sjølv fjernar han seg frå  kristendomen som ungdom, men finn tilbake til trua som godt vaksen, noko som ikkje minst har gjeve seg utslag i omlag femti salmar.

På slutten livet er det kanskje barndomslandet ein ser for seg ? Wilhelm Moberg  og Jon Fosse skriv om dette, og Edvard Hoem har også ein vakker passasje der han skildrar slutten på livet til Severt Olson som var fetter til Eilert og reiste med foreldrene til Amerika berre eit par år gammal:

" Var Severt så gammal da han reiste til Sør-Dakota med foreldra at han sidan kunne minnast det makelause utsynet frå Fjellgarden Slutåsen i Fræna i Romsdal ? Kom dette landskapet enda ein gong til syne for Severt Olsons indre auge ? Høyrde han i si siste stund korleis vinden susa der, og såg han korleis myrulla svinga og røslyngen så vidt rørte seg i vindkasta, og korleis skyene rulla over den store vesthimmelen når det gjekk mot uver med regn? Eller var det heilt andre landskap Severt Olson hadde for auge i si siste stund? Var det farens havreåker i dei gyldne tidene i Nutley på grensa til Roslyn, eller det eine året i Ravenscrag, Saskatchewan, da han sjølv fekk ei stor kveiteavling ? Uendeleg stort er menneskesinnet som gøymer minna om eit liv."


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar