søndag 21. desember 2014

Novene til Jesusbarnet

"Nos cum Prole pia benedicat Virgo Maria!" (Med ditt milde barn - velsign oss, Jomfru Maria)

I ni dagar (novene) før høgtidsdagar ber vi dagleg ei bøn med tekstar som peikar fram mot det vi skal feira. Det kan vera ein av dei store høgtidene  eller førebuing til ein helgenfest slik vi nyleg feira minne om Den heilage Johannes av Korset. I desse dagar er det ni dagar med "Novene til Jesusbarnet".

Teksten som innleiar 6. dag:

"Å høyt elskede vesle Barn,
mitt hjerte fylles med fryd når eg betrakter deg
som holder hele verden i din hånd.
Blant de uttalige skapninger som du har i din hånd,
er jeg en av dem.
Du ser på meg, bærer meg i hver en stund,
og verner meg som din egen.
Å Jesus, våk over meg, din ringe skapning,
og hjelp meg i all min nød."

Jesusbarnet i Praha ( Prazske Jezulatko - Il Bambino di Praga) er ein liten voksfigur av Jesusbarnet som vi finn i karmelittkyrkja "Vår Frue av sigeren" på Mala Strana.
I følgje tradisjonen skal figuren ha tilhøyrt Teresa av Avila, og blei henta frå Spania i 1628 og gjeve til Karmelittordenen. Då den svenske hæren inntok byen i 1631 vart kyrkja plyndra og voksstatua kasta ut. Fr.Cyril OCD skal eit par år seinare under bøn i kyrkja ha høyrt ei barnestemme som sa: "Dess større ære de viser meg, dess større velsigning vil eg gje dykk."
Jesusbarnet fekk tilbake sin rettmessige plass, og dessutan ny armar som erstatning for dei som vart øydelagt av svenskane. Då den svenske hæren på ny ville innta byen i 1639 tok dei skrekkslagne innbyggjarane si tilflukt til Jesusbarnet og byen vart spart. Også fleire andre mirakel skal ha blitt tilskreve denne knapt halvmeter store voksfiguren av Jesusbarnet med jordkloden i si venstre hand.



                                                           

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar