søndag 7. desember 2014

Jesaja - Adventstidas profet

"En kvist skal skyta opp frå Isaias stubbe, eit skot skal spira fram frå hans røter."  (Jes 11,1)
Jesaja er adventstidas profet framfor nokon, kvar dag les vi i dagens første tidbøn tekstar frå Jesajas profetiar om den frelsa som snart skal koma. Teologisk  blir det diskutert om ein eller fleire forfattarar er opphavet til desse tekstane, det er i og for seg ikkje så viktig når tematikken er den same, frelsa og forløysinga som skal bli folket til del. Det er vel stort sett semje om at profeten Jesaja levde på 700 talet før Kristus og er forfattaren til dei førti første kapittela. Her finn vi og dei kjente tekstane som peikar fram mot julehøgtida og Krist kome til jorda.
"For it barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste."  (Jes 9,6)

"Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta(jomfru) skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel. Rømme og honning skal han eta til han forstår å forkasta det vonde og velja det gode."

I kapittel 53 finn vi så dei orda som peikar fram mot påskehøgtida:
"Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, vi fekk fred, ved hans sår vart vi lekte."

Profeten Jesaja. Russisk ikon.

I kapittel 45 vers åtte finn vi innleiingteksten til Rorate som vert sunge til morgonmessa i Adventstida.
"Lat det drypa ovanfrå du himmel ! Rettferd skal strøyma frå skyene. Jorda skal opna seg, og gje frelse som frukt og la rettferd spira. Eg, Herren skaper dette."
(Rorate coeli desuper et nubes pluant justum. Aperiatur terra et germinet salvatorem.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar