onsdag 3. desember 2014

En duva sat på en gren




«En duva sat på en gren og funderad på tilvaron» er tredje og siste film i Roy Anderssons (f.1943) trilogi om det moderne menneskelivet. Dei to første var «Sångar från andra våningen» i 2000 og «Du levande» frå 2007. Årets film har blitt oppskrytt og Roy Andersson vart tildelt Gulløva ved festivalen i Venzia for filmen. Med det har han befesta sin posisjon som ein av Skandinvias store og orginale filmkunstnarar.
«En duva sat på en gren og fundera på tilvaron» er ein film det ikkje er så lett å gje eit resyme av, men i motsetning til dei to forige filmane er her to hovudpersonar som gjev ein slags raud tråd i filmen. Det er dei to omreisande selgarane i morosaker som masker og vampyrtenner, Sam og Jonathan. Det er to grå, ulukkelege og mislukka personar som søv på eit hybelhus om natta og om dagen vandrar rundt og prøver å selga sine produkt til butikkar som aldri gjer opp for seg. To forkomne og mismodige individ, men Andersson har skildra dei med stor varme, humor og sympati. Ei rekkje andre personar får vi og glimt av i filmen, dels i notid(som er ei blanding av notid og eit ubestemmeleg 50-60 tal) og tidlegare tider skildra med eit surrealistisk preg. Brått dukkar Karl 12 opp på sin hest og rir inn i eit moderne kafeinteriør medan hæren hans passerar forbi på veg mot slaget ved Poltava. Ei stund seinare ser vi kongen og dei miserable restane av hæren på veg heim etter å ha blitt grundig slegne av russarane. Surrealistisk ja, men her prøver nok  Andersson og ruska opp i svensk sjølvbilete og riva heltar ned av pidestallen ? Klart politisk er ein annan absurd scene der afrikanske slavar vert drevne inn i ein stor roterande trommel for så å bli gradvis varma opp medan ein samling aristokratiske peronar drikk champagne og applauderar. Men det er framfor alt det einsame, mislukka og stakkarslege einskild mennesket Roy Andersson skildrar med varme og humor. Mannen  med pistolen i handa klar til å gjera det slutt, den slitne vaskehjelpa eller  danselæraren med kjærleikssorg, i telefonen gjentek dei «Vad roligt at höra at ni har det bra» medan dei sjølve definitivt ikkje har det. Livet, døden og «sjelens ubotliga ensamhet». Døden dukkar opp i tre scenar i innleiinga til filmen, absurde og tragikomiske, men kanskje akkurat difor djupt eksistensielle. Kven er vi og kva er dette merkelege livet ?
Ein annan stor svensk kunstnar forfattaren Pär Lagerkvist set og ord på dette:
«Tillfällig som en vallmo, som vecket i ein vandrandes kläder,
en okänd vandrare
med ett okänt mål.
Ven är jag ?
Som ett grässtrås böjning i vinden.
När det reser sig igjen har ingenting hänt,
Ingenting som helst.
Men vem är han vandraren ?
Han som inte är tillfällig som jag.
Jag frågar. Men hur skulle han kunna förklara det för mig ?
Obegripligt är mig allting
under en himmel fullskriven med sjärnor.»
 
 

Ein av filmens surrealistiske scenar: Karl 12 er innom ein svensk kafe på veg til slaget ved Poltava.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar