mandag 15. desember 2014

Den salige Mariam Baouardy - Palestinas lilje

9.desember offentleggjorde Vatikanet tre nye helgenar, ein av dei var Den salige Mariam (Maria)
Baouardy(1846 -1875), karmelittnonne og mystiker. Ho er og kjent under sitt klosternavnet i Karmel, Soeur Marie de Jesus Crucifie (Maria av den krossfesta Kristus), hennar medsøstre kalla henne " den vesle arabiske", i heimbyen Abellin går ho  under navnet "Al Qiddisa" - den heilage. Ofte har ho blitt referert til som "Palestinas lilje", sjølv sa ho at ho var "ei lita søster for alle."
Mariam vart saligkåra i 1983 av pave Johannes Paul, minnedagen er dødsdagen hennar 26. august.
Historia om Mariam er fantastisk og har mange fellestrekk med oldkyrkjas helgenar.

Mariam vart fødd i landsbyen Abellin i Palestina i 1846, foreldrene var katolske kristne palestinarar, men med gresk-melkittisk liturgisk ritus. Før Mariam vart fødd hadde foreldrene mista 12 born (!) i spebarnsalder, nedtyngde i sorg drog dei på pilegrimsreise til fødselsgrotta i Betlehem for å be om Jomfru Marias forbøn. Det hjelpte tydeligvis, for både Mariam og broren som vart fødd ei stund etter vaks opp. Men begge foreldrene døydde då ho var tre år, og både ho og broren vart sett bort til slektningar. Mariam kom til ein onkel som tok seg vel av henne, og ho følgde med han til Alexandria i Egypt. Ho var eit fromt barn og hadde alt tidleg syner og ekstatiske visjonar, så då onkelen ville gifta henne bort til ein slektning reagerte ho sterkt. Det kom til konfrontasjon med onkelen, og Mariam vart strengt straffa. Ein tenar tilbaud seg å hjelpa henne, men hadde ein baktanke nemleg å omvenda henne til islam. Mariam skal då ha sagt:"Muslim, aldri ! Eg er ei dotter av Den katolske kyrkja. Ved Guds nåde vonar eg  inntil døden å halda fast ved min religion som er den einaste sanne !" Tenaren reagerte med raseri og prøvde å skjera over strupen på Mariam for deretter å kasta henne døyande ut på gata. Det er no det mirakuløse i Mariams liv tek til. Ho skal ha vakna opp i ei grotte der ei blåkledd kvinne tok seg av henne til ho hadde friskna til igjen, Mariam er overtydd om at kvinna er Jomfru Maria. Etter kvart kjem ho seg på ei skip til Palestina og via Jaffa kjem ho seg til Jerusalem, der ho møter ein ung mann som ho seinare skal møta igjen og for Mariam er han eit sendebod frå Gud, ein engel. I Beirut får ho arbeid som tenestejente hos ein europeisk familie og føl med dei til Marseille. I Marseille søkjer Mariam seg til St.Josephs søstrene, og vart teke opp som novise. På denne tida pregar det mystisk-ekstatiske meir og meir Mariams liv, ho har stadige visjonar av "den andre sida" og får etter kvart Kristi sårmerke, stigmata, og opplever levitasjonar! St.Josephs søstrene meiner ho passar betre i eit kontemplativt kloster, og i 1867 kjem ho til Karmel i Pau saman med Sr.Veronica, ei engelsk nonne som har hatt ansvaret for hennar novisiat hos St.Joseph søstrene.
Mariam forstår no Marias ord til henne: " Du skal bli eit barn av St.Joseph, før du blir St. Teresas dotter."
I 1870 reiser Mariam til Bengalore i India for å grunnleggja eit karmelkloster der. I Bengalore avgjev ho sine evige løfter i 1871, men må kort tid etter dra tilbake til Frankrike på grunn av dårleg helse.
I 1875 reiser ho saman med åtte andre søstre til Betlehem for å grunnleggja eit kloster der, noko dei lukkast med. Mariams draum er og eit karmelkloster i Nasaret, noko ho ikkje får oppleva.
Fysisk utslitt og nedbroten etter alt ho har vore igjennom døyr ho i Betlehem i 1878, 32 år gammal.

Mariams spiritualitet er naturlegvis sterkt fokusert på Jomfru Maria, både som eit resultat av hennar eigne erfaringar, og den sentrale plassen Maria har i Karmel. Men ho har og eit anna viktig fokus, nemleg bøn og andakt retta mot Den heilage Ande. Ho skriv til og med eit brev til pave Pius IX der ho ber om at Kyrkja må verta meir fokusert på Den heilage Ande. Ho får ikkje noko formelt svar, men få år seinare kjem paven med ein encyklika som tek opp akkurat dette. Eit resultat av Mariams bøner ?

Etter sin død fekk ho snart ry som ei heilag kvinne, og no skal ho snart formelt bli ein del av Kyrkjas helgenskare. Ei palestinsk kvinne oppvaksen i nærleiken av Karmel berget, jaga og mishandla for si tru, som så finn sin plass i Karmelordenen og er med på å grunnleggja kloster i heimlandet ! I desse tider med aukande forfølgjing av kristne i Midt-Austen er det neppe tilfeldig !
Det er grunn til stor takksemd for dette !




Den salige Mariam - Palestinas lilje- Al Qiddisa - Ei lita søster for alle
Be for oss!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar