tirsdag 30. desember 2014

Moder Maria Møy

Årets først dag er og ein av av Kyrkjas minnedagar for Maria. I  Karmel har Jomfru Maria ein spesielt viktig plass. Maria er "Decor Carmeli" - Karmels smykke og pryd. Alt i Mellomalderen vart Karmels marinanske identitet uttrykt med orda "Carmelus totus marianus" - Karmel er heilt mariansk.
Kyrkja lærer oss at Maria aldri kan skygga for Kristus, tvert imot Maria viser alltid mot Sonen. Ein av Karmels mystikarar seier at det er klokt å ikkje sjå direkte mot sola men heller la sola reflekterast i ein plettfri spegel, Maria. Den vesle Therese seier det på sin måte."Du kommer aldri til å elske henne tilstrekkelig - og Jesus kommer til å bli meget tilfreds ettersom Den hellig Jomfru er hans mor."
Maria-vørdnaden er naturlegvis ikkje avgrensa korkje til Karmel spesielt eller Kyrkja generelt. Overraskande nok har Maria alltid hatt ein sentral plass i muslimsk folkereligiøsitet. Både kristne og muslimar i Midt-Austen har oppsøkt Maria-heilagdomar, og har hatt visjonar av Maria. Muslimske kvinner har til alle tider  påkalla Maria i samband med svangerskap og fødsel (kanhende har erfaringa vist at det hjelper ?)
Og kanskje har ho heller ikkje heilt tapt sin plass i det protestantiske og sekulære Skandinavia ?
På ny vert eg overraska når eg finn spor etter henne hos ein norsk poet som Jakob Sande (1906-67).
Vanlegvis vert han ikkje oppfatta som ein spesielt religiøs forfattar, mange av dikta er groteske og makabre på grensa til det blasfemiske. Men  han skreiv  og den vakre julesongen "Det lyser i stille grender", og det mystisk-ekstatiske diktet "Då Gud held fest i Fjaler". Så dukkar det brått opp eit vakkert Maria-dikt (bøn ?) i den siste diktsamlinga "Det kveldar på Kobbeskjer". Diktet har tittelen
"Moder Maria Møy " og lyder lik:

"Vigde til moderkransen
i kjærleik til liv som gror
strålar i himmelglansen
Madonna og dyremor.

Her finst det ingen skilje,
Skaparens under skjer.
Inn for hans allmaktsvilje
livet om nåde ber.

Alle for liv er like,
livet skal aldri døy.
Be for oss i ditt rike
Moder Maria Møy !"



                                                Maria ikon frå 1300 talet, St. Katarina klosteret, Sinai.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar