lørdag 1. november 2014

Audiens med pave Frans

Formiddag onsdag 29. oktober. Audiens med pave Frans på ein fullsatt Petersplass. Ulike grupper og nasjonalitetar vert helsa og velsigna av paven, frå Frankrike, Tyskland, Brasil, Argentina, Slovakia, Polen , Italia.......
I ei kort preike peikar han på at det synlege og usynleg i Kyrkja ikkje er motsetnadar, men derimot ein integrert del av Kyrkjas einskap. Dette er og eit bilete på mysteriet i Kristi person, den menneskelege og den guddomeleg natur  kan ikkje skiljast frå kvarandre. Dette er eit uttrykk for den guddomelege plan om å bringa forløysing og frelse til alle.
Vi veit at Kyrkja og er ein synleg realitet uttrykt i sokn og felleskap og i dei institusjonelle strukturar. Men denne synlege realitet er ikkje avgrensa til biskopar og presteskap, den omfattar alle døypte som trur, vonar og elskar, og som gjer godt i Jesu navn. På den måten bring dei han inn i livet til brødrene sine. Kyrkja er kalt til å vera nær kvar einskild gjennom sakramenta og som vitnesbyrd om Kristus i verda.
Så peika pave Frans på som han ofte gjer, at dette må byrja med dei fattigaste, dei mest marginaliserte, alle dei som lir.
I bøna til slutt fokuserte han på det kallet vi alle har: "Lat oss be Herren om å gjera oss i stand til å veksa i heilagdom og bli stadig meir synlege teikn på hans kjærleik til alle menneske."
Heilt til slutt kom han med ein apell om forbøn og omsorg for Mexico og den valden som herjar i landet. Han nevnte spesielt dei 43 lærarstudentane som nyleg vart myrda.
Det heile vart avrunda med at  den store forsamlinga ba Pater Noster(Fader Vår) i saman.

Det vart ein fin formiddag i eit stort  katolsk fellesskap på Petersplassen. Pave Frans gav den same positive utstråling som vi har hatt inntrykk av gjennom media. Han er rette mann på Peters stol !



                               Pave Frans på Petersplassen 29. oktober 2014.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar