tirsdag 25. november 2014

Historia gjentek seg

"Kyrkjene skal bli utsletta og altera reve ned, feiringa av eukaristien skal opphøyra; hymnar, lovsongar og kall til bøn skal ikkje lenger lyda. Leiarane for dei kristne og leiarane for dei jødiske forsamlingane og alle store menn mellom dei skal drepast."

Eit sitat frå IS propaganda på sosiale medier ? Ja, det kunne det godt vore, den einaste forskjellen er at det skriv seg frå 700 år tilbake, men frå same område der IS har rykka fram dette året. Iflg. den assyriske patriarken Mar Yabballaha er dette eit edikt sendt ut av den mongolsk-muslimske herskaren Ghazan som hadde kome til makta i Iran i 1295. På denne tida  ekspanderte islam austover i Mesopotamia, Persia og Sentral-Asia. Dette var område som hadde vore kristne alt frå 200-300 talet. Byen Arbil (Erbil/Irbil) som er sterkt framme i media i dag som hovudstad i Kurdistan, var på denne tida eit sentrum for  dei assyriske kristne (arameisk talande). I 1310 vart byen utsett for ein frykteleg massakre på kristne, det same var tilfellet i den syriske byen Amid eit par år seinare. Biskopar vart myrda. kyrkjer brent ned, alle menn vart halshogga, kvinner og barn selde som slavar.
Tilsvarande opplevde dei koptisk kristne i Egypt i 1321 at ein  muslimske mobb gjekk til åtak på kyrkjer og kloster. Kristne og jødar som ikkje ville vedkjenna seg til islam vart kasta på bålet.
Dette opplevde kristne i heile Midt-Austen, og på slutten av 1300 talet var det bare mindre kristne grupper igjen i dette som var eit kristent kjerneområde i over tusen år. Desse minoritetane har overlevd til i dag, men no ser det ut til å vera definitivt slutt. Frå 1990 til i dag har vi sett ein dramatisk nedgong i talet på kristne kanskje særleg i Irak. Om få år er det ingen att !
Ein del moderne historikarar har hevda at dette var ein reaksjon på det kristne Europas korstog for å frigjera Jerusalem. Det er lite om korstoga i islamske kjelder frå denne tida, dei muslimske herskarane brukte ikkje dette i propaganda før i moderne tid. Det er og eit faktum at muslimsk ekspansjon skjedde i Nord-Afrika alt frå 700 talet på kostnad av dei kristne samfunna der, altså lenge før korstoga på 1100-1200 talet.
Så når IS i dag massakrerar kristne og andre minoritetar er dette definitivt ikkje noko nytt, det er eit grotesk bilete på at historia gjentek seg.

Sentrum i Arbil med den historiske borga. Byen er i dag hovudstad i den kurdiske provinsen i Nord-Irak. Ein moderne storby på ca 1,5 millionar inbyggjarar, men med ein mange tusenårig historie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar