mandag 17. november 2014

Guiseppe Moscati - lege og helgen

16. november er minnedagen for den heilage Guiseppe (Joseph) Moscati ( 1880 -1927), den første lege i moderne tid som  har vorte helgenkåra. Moscati var ein djupt from person som i sitt daglege arbeid såg heile mennesket ikkje bare kroppen, i sitt møte med pasientar.
Han vart fødd i Benevento i 1880, men vaks opp i Napoli der familien flytte eit par år seinare. Han tok medisnsk embetseksamen i 1903, og arbeidde resten av livet i Napoli. Her vart han stilt overfor store utfordringar i samband med vulkanutbrotet i 1906 og koleraepidemien i 1911.
Guiseppe Moscati var ein dyktig klinikar, det vart sagt at han hadde evne til å stilla diagnoser utover det vanlege. Han var nytenkjande og var mellom anna ein av dei første som tok i bruk insulin i behandling av diabetes. Det hadde gjort setrkt inntrykk på han då mora døydde av denne sjukdomen eit par år tidlegare. Moscati var ikkje berre klinikar, men  og undervisar og forskar. Forskninga hans var hovudsakleg innan biokjemi.
Guiseppe Moscati vart ingen gammal mann, kanskje tok han ut alle sine krefter i arbeidet for sine medmenneske ? 12.april 1927 vart han funne død sitjande i stolen sin mellom to pasientkonsultasjonar. Slik kan ein seia at han døydde på sin post.
Frå han var unge var Guiseppe Moscati ein mann vendt mot Gud, han byrja alltid dagen med messe og trakk seg ofte tilbake i bøn. Skriftemål og kommunion var for han "den første medisin,"
"Husk, du må ikkje bare ta deg av kroppane men og dei klagande sjelene som kjem til deg."
Han bar alltid ein rosenkrans i lomma for å minnast på Marias hjelp i vanskelege avgjerder.
Etter sin død fekke Guiseppe Moscati snart eit rykte om ein heilag mann. Han vart saligkåra i 1975 og kanonisert av pave Johannes Paul  25. oktober 1987.

Den heilage Guiseppe Moscati, forbedar og inspirator i arbeidet for dei sjuke og lidande !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar