onsdag 26. november 2014

How Doctors Die

Ken Murray er  allmennlege og professor i "Family medicine" ved University of Southern California . Han vart pensjonist for eit par år sidan, men det har ikkje redusert hans sterke engasjement i samfunnsspørsmål og etiske problemstillingar ikkje minst "end of life issues." For nokså nøyaktig tre år sidan publiserte han eit essay med tittelen "How Doctors Die", det vart på kort tid spreidd over sosiale medier og vekte enorm debatt i USA. Eg skreiv nyleg om legeassistert sjølvmord med utgongspunkt i Brittany Maynard saka, Ken Murray fokuserar på eit anna aspekt  ved  " end of life issues" nemleg moderne medisins tendens til å overbehandla i livets sluttfase.
Han byrjar essayet svært personleg i det han skriv om sin ven og kollega Charlie, ein ortopedisk kirurg som ein dagar kjenner ein klump i magen. Det viser seg at det er kreft i bukspyttkjertelen og utsiktene er dårlege. Kirurgen som undersøkjer han er ekspert på området og har utvikla ein metodikk som kan auka fem års overleving frå fem til femten prosent. Baksida er utsiktene til klart redusert livskvalitet. Charlie avslår, han ønskjer ikkje operasjon eller cellegift. Han avsluttar sin praksis, dreg heim for å nytta tida han har igjen med familien. Eit par månadar seinare døyr han fredeleg heime med familien rundt seg.
Ken Murray skriv vidare:
"It’s not a frequent topic of discussion, but doctors die, too. And they don’t die like the rest of us. What’s unusual about them is not how much treatment they get compared to most Americans, but how little. For all the time they spend fending off the deaths of others, they tend to be fairly serene when faced with death themselves. They know exactly what is going to happen, they know the choices, and they generally have access to any sort of medical care they could want. But they go gently."

Kanskje overraskande for mange, men Murray avslørar at legar stilt overfor eigen dødeleg sjukdom ikkje ønskjer å nytta seg av alle terapeutiske tilbod tilgjengelege, men tvert imot prioriterar kvalitet framfor kvantitet. Det er betre å leva seks månadar til med rimelege livskvalitet enn eit år med store plager frå ei  behandling som  uansett ikkje vil gjera ein varig frisk. Legar er som andre, dei ønskjer å leva vidare, men dei har og ei innsikt som folk flest ikkje har. Alle set pris på dei framskritt som moderne medisin har gjort dei siste åra, men framskrittet har og ei bakside om ikkje alltid er klar for folk flest. Det er på ingen måte sikkert at alt skal prøvast ut på alle. Det har vist seg at svært store ressursar blir brukt det siste halve leveåret når ein heller hadde vore tjent med ei tilnærming med vekt på lindring av plagene.
Murrays essay er hans personlege oppfatning basert på eigne erfaringar gjennom eit langt legeliv, og i møte med kollegaer med dødelege sjukdomar, men det finst og studiar som støttar hans oppfatning.
Med vår tids krav om autonomi og sjølv få avgjera når tid for å forlata livet er inne, er dette sjølvsagt ein vanskeleg balansegong. Vi må stå imot kravet om eutanasi og legeassistert sjølvmord på den eine sida, men samstundes kunna setta strek for meiningslaus terapi og la naturen gå sin gong når utsiktene til bedring ikkje lenger er tilstades.

Dette er og Kyrkjas syn. I Katekismen pkt. 2278 står det:
"Det kan være tillatelig å avslutte medisinsk behandling som er krevende, uvanlig eller utan forhold til de forventede resultat. Dette er å avvise "terapeutisk trass". Man ønsker ikkje dermed å fremkalle døden; men man godtar at man ikkje kan forhindre den. En slik beslutning bør tas av pasienten dersom han eller hun er skikket eller istand til det; hvis ikkje, av de pårørende, under forutsetning av at pasientens fornuftige vilje og rimelige interesser ivaretas."

Lenke til Ken Murrays essay:
http://www.zocalopublicsquare.org/2011/11/30/how-doctors-die/ideas/nexus/




Kyrkjegard i Kent, England. Eg la spesielt merke til at det på mange gravsteinar stod "Reunited" under navnet til den lengstlevande ektefellen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar