onsdag 12. november 2014

Alt er fåfengt ?


         «I hjartet mitt sa eg om menneska:

          Gud prøver dei så dei sjølve kan sjå

          at dei er som dyr.

         

          For det går slik med mennesket

          som det går med dyra,

          den eine som den andre:

          Begge skal døy,

          same livsanden har dei alle.

          Mennesket har ingen fordel framfor dyra.

          For alt er forgjengeleg.

         

          Alle går til same staden.

          Av støv er alle komne,

          og til støv skal dei bli på nytt.

          

          Kven veit om menneskeånda stig opp,

          medan dyreånda fell mot jorda?

         

        
        (Fork 3.18-21)

Den djuptloddande forfattaren av «Forkynnaren» stiller det grunnleggjande spørsmålet som menneska til alle tider har stilt seg. Er det noko meir eller er alt bare «fåfengt og forgjengeleg ? »(Fork 1,2) Kva er vitsen med alt strevet ? Det er uansett til fånyttes ?
Mange i vår tid tenkjer slik og sånn sett er dei bibelske tekstane stadig like aktuelle. Ein forfattar som set ord på dette og som eg stadig vender tilbake til er svenske Pär Lagerkvist. Han skreiv dikt som går tett inn på det djupe mørkret som omgjev oss og den eksistensielle angsten som fyller oss når vi tek dette mørkret inn over oss. Slik som dette frå 1932:



«Tanken har intet mål

bönen har ingen fader.

Smärtan har intet hem,

längtan har ingen moder.

 

Födde utan navelsträng.

Döende okända.

Komma ur ingenting

och til Intet återvända.»

 

Slik vender Pär Lagerkvist i dikt etter dikt tilbake til desse store spørsmåla som han aldri finn svar på. Kanskje kan vi stå der motlause , eller vi kan lesa vidare i «Forkynnaren» kapittel 9:

         «Så gå og et ditt brød med glede,

          og drikk din vin med glede i hjartet!

          For Gud har alt sagt ja til det du gjer.

         

          Ha alltid kvite festklede på,

          lat oljen flyta over hovudet ditt!

         

          Nyt livet med kvinna du elskar,

          alle dine kortvarige levedagar,

          dei som Gud gjev deg under sola,

          ja, alle dine kortvarige dagar.

          For dette er din del i livet,

          midt i alt strevet og arbeidet under sola.»

 

 

 

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar