mandag 7. april 2014

En prest og en plage

Fridtjof  Kjærengs dokumentarfilm om Børre Knudsen (f.1937) går for tida på norske kinoar. Børre Knudsen er kanskje ein av dei mest omtalte og forhatte personar i nyare norsk historie. Han framstår lett som ei blanding av Brand og Dr.Stockmann ( En folkefiende) hos Ibsen, dessutan ein god porsjon av dei gammeltestamentlege profetane som refsa med hard hand. Slik sette bryt han og fullstendig med den moderne og politisk korrekte statsideologien. Då han og Ludvig Nessa stod på som sterkast mot abortlova vart dei i media framstilt som forvirra og ytterliggåande fanatikarar. Kanskje var dei og det, i filmen stiller Børre Knudsen sjølv spørsmålet om det var galskap det dei dreiv på med. Men som sjuk og aldrande angrar han ikkje,  han såg det som nødvendig at nokon gjorde det han gjorde, og dessverre vart det han som vart pålagt denne oppgåva. Mest bitter er han nok på statskyrkja som han følte svikta denne viktige saka. Karakteristisk nok nekta han for at hans salmar skulle takast inn i den nye norske salmeboka.
I filmen til Kjæreng føl vi ekteparet Ragnhild og Børre Knudsen gjennom eit år i Balsfjord der dei framleis bur det meste av året. Filmen skiftar mellom notid og filmklipp frå abortkampen på sytti- og åttitalet. Naturen i Balsfjord rammar det heile inn på ein vakker måte. Det er ein sterk film som går så nært inn på Ragnhild og Børre Knudsen som det går an. Vi møter ein gammal og sjukdomsprega mann , men ein mann som framleis har sine meiningars mot og enno  mykje av sin retoriske kraft intakt.
Han forfektar like sterkt det han er overtydd om at er rett, det ufødde barnet sitt menneskeverd.
Samstundes er det noko sårt og trist over skikkelsen Børre Knudsen. "Det er en lidelse å leve. Mine ord skulle vært nagler , og den første skulle gått gjennom mitt eget hjerte." , seier han ein stad i filmen. Kanskje er det denne lidinga han påførte sin næraste han tenkjer på ? For det er ikkje tvil om at den kampen han førte gjekk utover kone og born. I ein sterk scene i filmen set dattera ord på dette,
kampen til faren vart tung å bera for barna. Filmen stiller her det grunnleggjande spørsmålet som og ein annan film eg nyleg kommenterte, "Tusen ganger godt natt" gjer. I kor stor grad kan ein la sitt samfunnsengasjement gå ut over eigen familie ? Filmen gjev ikkje svar på det, men ein sit att med ei kjensle av at dette er ei ope sår som ikkje så lett vil gro.
Abortlova vart vedteken i 1978, året etter la Børre Knudsen ned det statlege embete sitt. Dagens debatt om fastlegars reservasjonsrett viser at oppslutninga om abortlova står sterkare enn nokon gong.
Sånn sett kan ein seia at det var ein tapt kamp han kjempa.  Men han vistelikevelat det går an å stå opp mot den kompakte majoriteten, mot det politisk korrekte, mot ein statleg ideologi som har løfta rettigheitstekninga opp til eit dogme. I åra som kjem vil vi stå overfor ei rekkje etiske dilemma innan bioetikken. Grensene for kva som er akseptabelt vil gradvis bli flytta, først som folkemeining så som ein lovleg stadfesta rett. Kanskje vil vi då savna ein Børre Knudsen som med profetisk røyst
kan stå opp og refsa så vel folkemeining som statleg lovpraksis ?


Børre Knudsen var og ein stor salmediktar og ein kjennar av salmetradisjonen. Ein kan godt plassera
han etter Petter Dass, Kingo og Brorson.
I 1976 gav han ut ei samling salmar saman med Willy Abildsnes og Bjørn Bjørneboe. Tittelen var "Det hellige bryllup".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar