tirsdag 22. april 2014

Ida

Filmen IDA av den polske regissøren Pawel Pawlikowski går på norske kinoar. Det er eit filmatisk meisterverk som gjer eit sterkt inntrykk både estetisk og tematisk. Filmen er i forma nedtona utan dei store og dramatiske effektane. Svart-kvitt uttrykket og den sparsomme dialogen er med på å understreka dette. Det filmatiske er likevel så fullkome vakkert at ein får lyst til å printa ut filmscenane , ramma dei inn og henga dei opp på veggen som ein anmeldar uttrykte det.
Tematiske rører IDA ved dei store og mest følsomme emna, leiting etter sanninga, identitet, skuld og soning, kallet og målet for eige liv. Det personleg og eksistensielle grip så over i det historiske, krigen og etterkrigstida i Polen. Enno meir spesifikt handlar det om polakkanes overgrep mot den jødiske folkegruppa ikkje bare under krigen men og etterpå. Forhaldet mellom katolisisme og jødedom ligg der heile tida som eit smertefullt bakteppe.
Filmen byrjar med at sr.Anna (Agata Trzebuchowska) førebur seg til å avleggja sine endelege klosterløfter. Før ho kan det ber priorinna henne ta kontakt med sin einaste gjenlevande slektning, tanta Wanda( Agata Kulesza). Motviljug oppsøkjer Anna tanta. Wanda har vore dommar i det kommunistiske rettssystemet, og ho har levd eit mildest talt utsvevande liv. Møtet med tanta blir eit sjokk for Anna, ho får nøsta opp sin eigen ukjente identitet som jødiske Ida som vart foreldrelaus under krigen då ein polske bondefamilie først løynde henne og foreldra,  for så å ta livet av dei og gje vesle Ida til eit kloster. Ida og Wanda dreg saman ut for å finna sanninga om kva som skjedde med deira næraste. For begge blir dette eit vendepunkt som snur opp ned på livet. Wanda glir djupare inn i alkoholmisbruk og mismot og vel til slutt å avslutta livet. Ida blir i sterk tvil om klosterkallet og prøver ut livet "ute i verda". Filmen sluttar med at ho tek på seg nonnedrakta igjen og går langs vegen tilbake til klosteret. Ho vel kallet eller det trygge og kjente ?
Som all stor kunst gjev ikkje IDA nokon eintydig svar. Men ein kan gleda seg over estetikken i det filmatiske, og samstundes få stimulans til eksistensiell refleksjon. For meg blir likevel det viktigaste temaet dei kristne som deltok i eller bare var passive tilskodarar til den brutale forfølgjinga av jødane.
Som eg tidlegare har skreve på denne bloggen går det ein veg vidare, ein veg til forsoning som veks ut av erkjenninga av våre felles røter. Ikkje minst den polske pave, Johannes Paul II framheva dette, og kan også her tena som eit føredøme!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar