onsdag 13. juli 2011

Teresa de los Andes

I dag er minnedag for den kanskje minst kjente av Karmelittordenens mange viktige kvinner med Teresa navnet, nemleg Teresa de los Andes frå Santiago i Chile.(1900-1920). Som si navnesøster Teresa frå Lisieux døydde ho ung tilsynelatande utan å ha utretta noko, likevel fekk ho stor betydning  i Latin Amerika etter sin død. Hennar apostolat var det kontemplative livet i Karmel og  hennar veg var i likskap med alle Karmels heilage den indre bønas veg. Ho gjekk inn i karmelittordenen 19 år gammal men døydde alt året etter. Teresa vart saligkåra av pave Johannes Paul i 1987 og helgenkåra i 1993. Ho er Chiles første helgen og skytshelgen for ungdom. Teresa er gravlagt i Los Andes nord for Santiago og dette er etter kvart   blitt eit viktig pilegrimsmål.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar