fredag 1. juli 2011

Knoxville:Summer of 1915

Samuel Barber(1910-1981) er vel mest kjent for sin Adagio for strykere som mellom anna vart nytta som filmusikk i Oliver Stones vietnamfilm Platoon frå 1986. Men Barber har også komponert mykje anna som er verdt å lytta til. I fjor vart det gjeve ut ein jubileums CD på EMI i samband med at det var hundre år sidan Samuel Barber vart fødd. Her finn vi stykket Knoxville:Summer of 1915 framført av Barbara Hendricks og London Symphony Orchestra. Teksten er av forfattaren James Agee som skildrar sommaren 1915 då han er fem år gammal. Det er kjensla av "an evening in the American South" småbyen Knoxville i Tennessee. Tilsynelatande harmonisk men det er ei kjensle av sorg under det heile, Agees far døyr året etter. Barber var også fem år i 1915 og då han komponerar musikken i 1947 er hans far døyande. Verket blir ofte " considered to be Barbers most American work ." Amerikansk, ja , men og ei universell kjensle av barndomen, og sorga over alt som er forgjengeleg.


"Who shall ever tell the sorrow of being on this earth."
http://www.youtube.com/watch?v=xc-nx63w-6o

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar