søndag 10. juli 2011

Oldefar og Sør Afrika

På dette gamle biletet står oldefar Abraham Nilson lengst til høgre. Han vart fødd i Sillerud i Sverige i 1844, i 1867 kom han til Kristiania.Han arbeidde i fyrstikkeindustrien og det førte han i 1870 til Valen i Sunnhordland,der han i 1872 vart han gift med Agathe Johannesdtr. Valen . Seinare flytte dei til Jondal i Hardanger der han også bygde opp ein fyrstikkefabrikk. I 1885 reiste han første gong til Sør Afrika  etter å ha blitt spurt om han ville bidra med å byggja opp ein fyrstikkefabrikk også der. Han kom heim til Jondal etter 2 1/2 år og dreiv med diverse forefallande arbeid fram til han i i 1893 fekk eit brev med spørsmål om han igjen vil gje sitt bidrag i Sør Afrika. 18. oktober 1893 drog han frå Jondal saman med sonen John som då var 15 år. John skulle aldri koma til å sjå heimbygda igjen og han møtte heller aldri søstera si, mi bestemor som vart fødd eit halvt år seinare. Dei reiste via Stavanger, Hull og London og la så ut på den lange sjøreisa til Cape Town. Abraham vart der samanhengande over 12 år til våren 1905. John vart att der og omkom seinare i ei arbeidsulukke som eg tidlegare har skreve om. Oldefar sende regelmessig pengar heim, det er ført nøye regnskap både av sendar og mottakar.Ellers er det lite og ingenting vi veit om denne tida. Bestemora mi såg faren sin første gong pinsehelga 1905, då var ho nylig fylt 12 år.

Eg har funne ein del gamle bilete frå Cape Town frå ca år 1900 som kanskje kan gje eit lite inntrykk av det samfunnet han kom til:




Oktober 1893


Septembermorgon
mild vind mognande eple
det første gule lauvet
om litt oppbrot
eit brev bar over havet
du gjer deg klar
ikke ulikt mange gonger før
og du veit kva som ventar
men ikke dagane og åra
ikkje djupet og bølgene
kva dreg deg
pliktkjensla arbeidet eller familien
rørsla av eventyr
dette andre stilt uerkjennbare

Oktoberettermiddag
vinden i hår og skjegg
du lener deg mot rekka kveikjer pipa
lufta fylt med regn og adjø
femtenåringen ved sida di
mor og søsken mot fjella
og det første snøfallet på toppane
vinkande hender kvite lommetørkle
angen av sjø og tidløyse
havet som snart skal opna seg
lengtinga som lukkar seg over alle desse djupa
og eit nytt hjarta som alt bankar
dottera du først skal sjå
ein gong ut i det neste hundreåret
du anar ikkje dette
eller gjer du det
kjenner du uro og saknad framfor havet
eller bøyer du deg stilt
under lagnaden og eventyret

Bølgene som aldri når horisonten
men havna i det fjerne landet
desse vekene med salt sjø og sol
ekvators uuthaldelege varme
minnet om regnfulle oktoberdagar ved fjorden
Värmlands djupe granskogar ein solblank junidag
Du syng viser og støttar deg på skrifta
på veg over dekket sonen din
femtenåringen augene vidopne og lysande
oktoberdagen fjern
horisonten og sol i zenit her og no
han snappar opp ord
talar med andre reisande
og bur alt i det nye livet

Ein morgon dei første teikn
på at målet er nær
snart skimtar de fjella
byen enno løynd under disen
når du entrar landgangen
og set beina på afrikansk jord for andre gong
er alt som før
nei du ber alt ein løyndom
om saknad og brev heim
oppbrot først om tolv år
sonen din står att
no ein vaksen mann solbrun og muskelsterk
du entrar på ny skipet
og skal aldri sjå han att
anar du det skjegget tårevått denne haustdagen
eller ein sjølvsagt del av di tid
som regnfulle oktoberdagar
og vinkande barn mot fjella
du støttar deg på Vår Herre
og djupet som sløkkjer alt tørst
men aldri gjev svar.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar