torsdag 21. juli 2011

To kjerubar

Forfattaren Tor Obrestad har vore produktiv i 45 år. Romanar, noveller, gjendiktingar, essay ,biografiar og diktsamlingar." Himmelen over Vålandskogen" frå 2009 er den siste diktsamlinga hans, og den første på ti år.
Her er dikt om Jærlandskapet og om menneska som bur der, nære dikt om kjærleik, om barn og englar. Og her er personlege dikt om å verta foreldre i godt vaksen alder, som dette med tittelen "To Kjerubar" og undertittelen "September 2001".

To kjerubar
Dei hadde vore ute i lyset ein halv time
då dei åpna augo og såg kvarandre
Dei såg og såg på kvarandre
Guten strekte ut handa
og rørte ved søstera
Er det du ?
Ja,sa ho ordlaust
strekte ut armen
og tok på han

Kven var det som i sin ufattelege visdom sende sine sendebod
i den svarte september månad då Mørkets englar slo til ?
Var det kroppen? Sjela ? Gud?

Dei ligg i kuvøsen,
Dei kikkar på kvarandre for første gong
og dei tar på kvarandre,
Sidan lukkar dei augo og begynner
den lange marsjen
Lysets englar vakar over deira leie

Mor og far går
tornevegen undring
og tusen løft
Augo svir
For mange vakne timar
Ryggen verker:
Blodet jublar
Hjarta syng.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar