mandag 5. februar 2024

The Zone of Interest

 Konserten « Håpets musikk» i Kilden i høve Holocaustdagen var ei sterk og fin oppleving. Konserten vart også sendt i NRK2 i går. Musikk frå Theresienstadt av komponistar som Pavel Haas, Victor Ullmann og ikkje minst Ilse Weber. Hennar voggesong vart framført av  orkesteret men diverre ikkje med vokalist. Voggesongen Wiegala som ho sang for barna i gasskammeret er eit av dei mest gripande uttrykk for dette meininglause folkemordet! Vi fekk og musikk av Mahler, Korngold, Ståle Kleiberg og Rolf Gupta.

Litt i tråd med dette såg vi filmen « The Zone of Interest» av den engelske regissøren Jonathan Glazer som nyleg hadde premiere. Filmen er nominert til ei rekkje prisar og har fått svært gode anmeldingar. Kort fortalt handlar filmen om dagleglivet til kommandanten i Auschwitz Rudolf Höss, kona Hedwig og dei fem barna. Dei lever eit tilsynelatande harmonisk familieliv i ein villa med vakker hage lokalisert like opp til utryddingsleiren. Vi ser ikkje noko av sjølve leiren, bare røyken frå krematoriet i bakgrunnen, men og lyden frå toga som rullar inn, skrik, kommandorop og skotsalver. Med denne bakgrunnen leikar barna i hagen, søm i sømjebassenget, er med faren på ridetur eller kajakkpadling. Om kvelden les Rudolf Höss eventyr for barna, i filmen karakteristisk nok « Hans og Grete» og skildringa av den onde heksa som blir brent! Hedwig går rundt og gledar seg over det fine huset og den vakre hagen, ho blir fortvila når mannen i 1943 blir forfremma og dei kanskje må reisa frå dette idylliske livet. Ein av dei tre døtrene Brigitte fortel i eit intervju i USA der ho busette seg under nytt navn, at det var ei harmonisk tid og Rudolf Höss var ein snill og god far. Det stemmer nok men det gjer situasjonen enno meir kontrastfylt og absurd. På den eine sida den omsorgsfulle faren som er glad i sin familie og sine hundar og hestar, i den same mannen. ein iskald organisator av drapet på tre og ein halv million menneske. ( i rettsaka korrigerte han det til to og ein halvmillion, den siste millionen døydde av svolt og sjukdom) Musikken og lydbilete er ubehageleg og er med på å understreka  det uhyggelege og urovekkande ved filmen, dette er ingen « feel good film». Små detaljar er og med på å understreka dette, barnet som leikar med gulltenner, ein støvel vaska under ein kran i hagen, aske strødd på hagebed, korte nattlege scener av ei jente som syklar rundt og grev i aska, glimt frå dagens holocaust utstilling i Auschwitz som vi og såg for eit par år sidan.

Mennesket har ein komplisert natur som vi aldri blir ferdig med å utforska. Hannah Arendt skreiv om ondskapens banalitet etter å ha følgd rettsaka mot Adolf Eichmann. Historikaren Laurence Rees skriv om nazistiske krigsforbrytarar som når dei fekk press på seg uttalte at dei trudde dei handla rett den gangen! Det gjorde nok og Rudolf Höss utan tvil. Angra han ? Filmen antydar det i ein sluttscene, og han skal og ha skreve noko  angerfullt like før han vart henretta i Auschwitz  16.april 1947. Kanskje var det likevel noko tilbake av hans katolske oppvekst?




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar