tirsdag 6. februar 2024

Dei små ting

 Ein liten tekst frå 1988 om dei små og tilsynelatande uvesentlege detaljane i tilveret. Det er lenge sidan, men kanskje er det desse detaljane som sit att i minnet?

Kanskje er det dei små ting i livet som er vesentlege, kanskje berre dei? Dei små uvesentlege detaljane som langsamt glir forbi utan å skapa  dei store kjenslene, utan å røra intelektets trong til refleksjon , utan å merka minnet med den minste antydning om noko varig.Tilsynelatande er det motsetnaden til dei betydningsfulle hendingane i liva våre; milepælane, vendepunkta, inngongen til nye kapittel i livssoga. Det som ligg imellom er den grå og samanflytande kvardagen. Eit hav av dagar der alt flyt saman til eit disig landskap når tidas nådelause straum gjev perspektivets avstand. Kva er alt dette som fyller tomromet i tida, dette som var mine referansepunkt for 5,10 eller 15 år sidan, og ein gong vil vera det om 30,40 eller 50 år sidan. Alle desse augneblinkane som ikkje var til stades men berre ein del av vegen. Ein dag vil dei vera lengtingas mål og innhald, men no….

Ein tur med barna i skogen, ein stillferdig samtale, musikk, eit dikt, åleine på fjellet, morgonen, våren, ein hausttung avskil, tause kjærteikn, bøn utan ord, ei hjelpsam hand. Dette som skulle vera nærver, men kanskje ikkje er det, kanskje ikkje før lengtinga gjer sjela til eit rom av avstand?

« Look back on time

with kindly eyes,

He doubtless did his best

How softly sink his trembling  sun

In human natures west.»

Emuly Dickinson.

Er ikkje tida ein fiende vi stadig kjempar Don Quijotes kamp mot ? Gjorde tida likevel sitt beste? Kva har vi då å frykta?



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar