tirsdag 20. februar 2024

Georges Bernanos

 Den franske nettsida Aleteia markerar at det i dag er 136 år sidan forfattaren Gerorges Bernanos ( 1888 - 1948) vart fødd. Han gav ut eit førtitalls verk, men her trekk dei fram fem verk som er viktige å ha kjennskap til. Det første er librettoen til Francis Poulenc opera Dialogue des Carmelites, debutromanen Sous le soleil de Satan ( Under Satans sol), Les grands cimetieres sous la lune ( De store gravplasser i måneskinn) som handlar om den spanske borgarkrigen, Journal d’un curé de campagne (En landsbyprests dagbok) som er den som er mest kjent i Norge, og til slutt La France contre les robots som  er eit skrift med kritikk av den moderne samfunnsutviklinga litt i tråd med Orwells 1984. Personleg ville eg kanskje og teke med dei to romanane som på norsk har fått tittelen Monsieur Ouine og Miserere.

Bernanos er utan tvil ein av dei store i fransk litteratur i forige hundreår, hans romanar loddar djupt både psykologisk og metafysisk. Sentral står kampen mellom det gode og det onde, ikkje bare i psykologisk og eksistensiell forstand, men og andeleg der Guds nåde vert ei avgjerande kraft. Det er ikkje alltid så lett å sjå i ei trøstelaus verd der språllæraren monsieur Ouine  blir ein inkarnasjon av ondskap. Men når ondskapen har gått langt nok bryt nåden igjennom som når Chantal i En landsbyprest dagbok seier: « Jeg skal gjøre det onde for dets egen skyld.» Presten svarar henne: « Da vil de finne Gud.»

Bernanos liv var omskiftelege med oppturar og nedturar, mange reiser og opphald i både Spania og Sør- Amerika før han etter krigen vendte tilbake til Frankrike der han døydde 60 år gammal. Han var ikkje bare romanforfattar men og ein krass og engasjert  polemikar og samfunnsdebattant. Han var skeptisk til utviklinga i det moderne samfunnet, fleire av hans essay er omsett og utgjeve av Sven Kærup Bjørneboe som nok såg ein åndsfrende i Bernanos. Bernanos var heile livet ein truande katolikk og det gjennomsyrar alt han skreiv. Han kom på kant med Kyrkja då han kritiserte haldninga under Den spanske borgarkrigen. Han vart truga med ekskommunikasjon men forsvart av Andre Malraux og Simone Weil.

Dialogues  des Carmelites med tekst basert på Gertrud von Le Forts verk Den sist på skafottet og bearbeidd av Bernanos er  Francis Poulencs mesterverk som han arbeidde på i 1953-56, og som hadde premiere på La Scala i Milano. Handling basert på martyriet til dei seksten kamelittnonnene frå Compiegne  i 1794 under Den franske revolusjonen. Ei historie om sterk tru og heroisk mot som gjer inntrykk.Forestillinga  vart for mange år sidan sett opp ved Den norske opera og vi såg forestillinga då. Den er på ny planlagt sett opp i vår. 

Aleteia siterar frå Blanche de La Force i Dialogues des Carmélites: « Ein er ikkje redd, ein innbiller seg å vera redd. Redsle er eit blendverk frå demonar.»



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar