søndag 18. februar 2024

Olav Nygard 100 år

 11.februar var det hundre år sidan lyrikaren Olav Nygard gjekk ut av tida og inn i æva. Han hadde lenge slete med tuberkulose slik mange gjorde på den tida. Han hadde tenkt seg til Italia i von om at klimaet der ville betra helsa. Han kom ikkje lenger enn til ei sumarhytte på Opsal utanfor Oslo, og her skreiv han sine siste verselinergodt hjelpt av kona Rakel. Til sist skreiv ho ned det han kviskra fram, når han ikkje lenger var istand til å løfta pennen sjølv. Til sist ligg han i ein døs, så ser han mot taket og seier: « Eg ser ei sol.» Rakel svarar: « Det er sola som skal lysa deg heim, Olav.» Han svarar med eit « Ja» som vert hans siste ord før han går inn i den andre verda « bakum alt som auga ser og sansar.» Olav Nygard var ein visjonær mystikar som heile livet hadde fått små gløtt inn i den andre verda, det som ligg utanfor det vi til dagleg sansar. Han prøvde å skildra det i diktinga si, ikkje minst i den siste diktsamlinga « Ved vebande» som kom året før han døydde. « Sjåaren i norsk poesi» kallar Ronny Spaans han i ein artikkel i Dag og Tid i høve  hundreårsminne. Olav Nygard er ikkje lett tilgjengeleg korkje i form eller innhald. Dei færraste er interessert i visjonære syner korkje i dag eller på hans tid, språkleg skil han seg ut med mange ord som krev  at ein må slå dei opp, dessutan konstruerar han mange nye ordsamanstillingar. Filolog Kristin Fridtun skriv om dette i den same Dag og Tid utgåva. Ho peikar på ord som glòn - lysning, rygd- redsle, timd- augnesyn, øygning av noko fjernt, bægje- hindring, stenge, samansetjingar som flogskoddegry, hugsynsbivring, solsprettsus, saarverkstyng. Ho kallar han med rette ein « ordsmidingsmeister». Her eit døme med det vakre diktet « No reiser kvelden seg»:


No reiser kvelden seg


No reiser kvelden seg i vesterbrun,
han trør paa lette føter gjenom tun
og skuggeveven fjell imillom hengjer.
Det gjeng ei kviskring gjenom kjørr og lyng,
og talatrasten skifter ljod og syng
med avdagsskjelven under sine strenger.

Men dagen tek sin gangar fast i taum,
tek ferdakaapa paa med gullrend saum
og burt fraa blaane etter blaane skundar
Det gular gjenom svale dal og lid
der skuggen ventar natta, brura si,
og ør i sine elskhugsdraumar blundar.

Med linne andardrag stig natta inn,
med myrke lokkar kringum hals og kinn
og herdaduk av alvelette eimar.
Og kløkke lundar, æolsharpe-klang,
ris bljugt som gjenteborn or moderfang
og sviv paa lettan fot i svale heimar.

Det gjeng ein sælebiv imillom fjell
so fræa emnar seg og hamsar fell
og undrings-øre augo upp seg vender:
Or djupe himlar slær ein baaregong
av evig skapings-gir og sfæresong
som helsar frendeblidt mot døkke strender.


Det er ein lengt i det meste av det han skriv, ein lengt mot det andre, det vi ikkje augnar til dagleg. Diktet «Eg trøytar dei dimsvalevdagar» avsluttar slik: 

« Eg lengtar til hangande hagar

der staupet med nektaren gjeng


i kjærvene-lag, og dei dagar

sig kveldblidt i draumenatt- seng.»


Kanskje er det « einstad i rømdenn ein avdøles stad»  der noko kan « vogge og stille min svidande sårbrand til tagnad.». (Timann skrid undan)

Olav Nygard sluttar ikkje å inspirera, eg har tidlegare skrev om professor Asbjørn Aarnes sitt verk « Poesien hos Olav Nygard» som kom for tjue år sidan. Forfattaren Erlend O.Nødtvedt kom i fjor med diktsamlinga « Olav Nygards seng». Både Klassekampen og Dag og Tid har hatt lengre artiklar i høve 100 års markeringa.Det er planlagt fleire arrangement i løpet av året, ikkje minst i Modalen, heimkommunen til diktaren der hovudarrangementet finn stad i slutten av august.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar