onsdag 18. desember 2024

Rorate messe

Rorate - messe i Adventstida.

Rorate caeli desuper,
et nubes pluant iustum:
aperiatur terra,
et germinet Salvatorem.
La det dryppe ovenfra, du himmel!
Rettferd skal strømme fra skyene.
Jorden skal åpne seg,
og la Frelseren spire frem.
Tidleg desembermorgon og vi går i regn og mørke til Rorate-messe. Med utgangspunkt i profeten Jesaja 45 kapittel førebur vi oss på feiringa av Herrens fødsel. Ei mørk kyrkje berre opplyst av stearinlys på alteret og i hendene til dei som deltek. Når vi innleiar messa med antifonen Rorate blir regndråpane ute  eit bilete på Herrens rettferd som strøymer frå skyene. Om ikkje lenge når vi vintersolsnu, og mørket skal gradvis vika for sollyset. Slik skal også meingsløysas mørke i vårt indre vika for det lyset som strøymer frå julehøgtida, Gud som vart menneske!







tirsdag 17. desember 2024

Håpets pilegrimer

 

Håpets pilegrimer

«Håpets pilegrimer» (Peregrinantes in spem) er temaet for Jubelåret 2025 som innledes med at pave Frans åpner Den hellige dør i Peterskirken julaften. Gjennom hele 2024 har vi i bønn forberedt oss på dette året i håpets tegn. Kanskje lever vi i en tid preget av håpløshet, men paven oppfordrer oss til ikke å miste håpet til tross for kriger, uro og klimakrise. Håpet er den andre av de såkalt teologale dyder som Paulus skriver om i det første brevet til korinterne.

«Så blir de stående disse tre: tro, håp og kjærlighet. Men størst blant dem er kjærligheten.»

Den franske forfatteren, aktivisten og patrioten Charles Péguy (1873-1914) falt i slaget ved Marne helt i begynnelsen av Den første verdenskrigen. Noen år før det hadde han funnet tilbake til sin katolske tro. I det store diktverket «Forhallen til Håpets mysterium» (Le Porche du Mystère de la Deuxième Vertu) som kom i 1911 skildrer han Håpet på en unik og gripende måte. Péguy ser for seg Tro, Håp og Kjærlighet som tre søstre, to store og så den lille «imellom sine to store søstre.» Den lille representerer Håpet, men «Håpet er ingen selvfølge.»  Mange kjenner seg nok igjen når han så  skriver: «Og det lette, det er å gå nedover, det er å fortvile, og fortvilelsen er den store fristelsen.»

Men så er det på mirakuløst vis den minste søsteren som løfter alt oppover. «Det er hun, den lille, som trekker alt» for hun ser det som skal bli og hun elsker det som skal bli. Håpet er tilsynelatende så lite, «litt bortkommen i skjørtene på sine søstre», men likevel er det hun som løfter oss ut av fortvilelsen. La oss ta godt vare på denne minste søsteren når vi går inn i Jubelåret.




Det er hun, den lille, som trekker alt.

For troen ser bare det som er,

Mens hun ser det som skal bli.

Kjærligheten elsker bare det som er,

Mens huns elsker det som skal bli.

Troen ser det som er

i Tiden og i Evigheten.

Håpet ser det som skal bli

i Tiden og i Evigheten.

søndag 15. desember 2024

Gaudete søndag

 Bryt ut i jubel, dotter Sion!

Rop av fryd, Israel!

Gled deg, dotter Jerusalem,

jubla av heile ditt hjarte!

Herren har fria deg frå dommen,

drive fiendane dine bort.

Herren, Israels konge, er hos deg,

du skal ikkje lenger vera redd noko vondt

Slik innleiar vi dagens første lesning frå profeten Sefarja i høgmessa på tredje søndag i Advent - Gaudete søndag. Gaudete tyder glede, og vi ser i dag i glede fram til det som skal koma om ti dagar, Herrens fødsel i Bethlehem! Den liturgiske fargen er rosa og ikkje fiolett som resten av adventstida, faste- og botstid.


Dagens andre lesning fra Paulus brev til Filliparane 4.4-7. Glede over Jesu første kome, men og det vi servfram til når Han kjem igjen!

Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk! Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær. Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.


                                       Tre fiolette og eit rosa lys for årets advents- feiring. Glede!

lørdag 14. desember 2024

Johannes av Korset helgen og kyrkjelærer

Johannes av Korset

"Nå da troen på Kristus er grunnfestet, og Evangeliets lov i denne nådens tid er blitt forkynt, er det ikke lenger noen grunn til å utfritte Gud på samme måte som før, og heller ikke for ham å tale og svare slik han før gjorde. Ved å gi oss sin Sønn, som er hans Ord, har han ikke flere ord å komme med. Alt har han sagt oss en gang for alle i  dette ene Ord. Han har ikke mer å si oss.
Dette er meningen med den tekst hvor den hellige Paulus vil få hebreerne til å frigjøre seg fra foreldede skikker og måter å omgåes Gud på som var gjengs under Mose lov, og til å feste blikket på Kristus alene. Han skriver:" Mange ganger og på mange måter talte Gud fordum til våre fedre gjennom profetene, men nå ved tidenes ende, har han talt til oss gjennom Sønnen."

Slik skriv Den heilage Johannes av Korset( San Juan de la Cruz) i "Bestigningen av fjellet Karmel." Vi feirar i dag 14. desember minnedagen hans. Johannes levde frå 1542 til 1591, han gjekk inn i Karmelittordenen i 1563 og vart prestevia i 1567.  Han vart formelt kanonisert i 1726.  
Saman med Den heilage Teresa av Avila var han Karmelittordenens store reformator og fornyar. Men Johannes har nådd langt utover såvel Karmel som Den katolske kyrkja. Han blir rekna som ein av Spanias store poetar, og ingen som nærmar seg den indre bønas veg kjem utanom Johannes. Han er ein sikker vegvisar inn i bøn og mystikk.
Teksten ovanfor står under Matutin i tidebønene for Adventstida, og passer godt når vi no snart skal venda andletet mot Betlehem.



søndag 8. desember 2024

Notre Dame de Paris

 Eg kunne følgja heile gårsdagens sermoni på fransk TV. Det var fokus på dei tre på første benk, president Macro, president Zelenskyj og komande president Donald Trump, men det er ikkje det viktigaste i denne samanhengen. Langt viktigare er det som erkebiskopen uttrykkjer:

«la pierre angulaire de cet édifice, c’est le Christ» ( hjørnesteinen i denne bygningen er Kristus)

Sermonien byrjar med at erkebiskop Mgr.Ulrich tre gonger banker på portalen med bispestaven.

« Vår Frue, førebilete på trua, åpne dørene dine."

« Vår Frue, vitne om håpet, åpne dørene dine.»

« Vår Frue, høgst elska mor, åpne dørene dine.»

Så kjem  semonien med orgelet som lyder i forsamlinga for første gong etter den omfattande reparasjonen. Det vekslar mellom erkebiskopens ord, og kort innslag av organisten på det storslåtte orgelet.

« Vakne opp du orgel,heilage instrument, stem i lovsongen til Gud.»

Det er med stor glede både dei truande og mindre truande opplever denne gjenopninga. Med erkebiskopens ord:

«Cette maison, cette église, cette cathédrale tout harmonieuse dans ses proportions et tout entière tournée vers le mystère du Christ, est le signe de la joie immense des croyants, de millions d’hommes et de femmes, d’enfants, de vieillards, de malades et de personnes avec handicap.» ( Dette hus, denne kyrkja, denne katedral, harmonisk i sine proporsjoner og fullstendig vendt mot mysteriet i Kristus, er eit teikn på den store gleda millionar av truande opplever, menn, kvinner, barn, gamle, sjuke og handikappa)


Sermonien avsluttar med Te Deum

Te Deum laudamus

Te Dominum confitemur

( Deg Gud lover vi. Deg Herre bekjenner vi.)





fredag 6. desember 2024

Notre- Dame de Paris gjenopninga

 I dag 7. desember blir katedralen i sentrum av Paris gjenopna fem år etter den katastrofale brannen i april 2019. I august dette året gjekk eg forbi den avsperra katedralen og skreiv det følgjande:

«Dagen etter at erkebiskop Michel Aupetit har feira Palmesøndag i Notre Dame de Paris blir katedralen ramma av ein katastrofal brann. Det gjorde eit sterk  inntrykk på på alle franskmenn både truande og ikkje truande, for denne katedralen er så nær knytta til fransk historie like frå 1100 talet.
Men også for alle oss utanfor Frankrike som har vitja katedralen og føler oss knytt til den var dette vondt å oppleva.
President Emmanuel lovar: " Cette cathedrale Notre-Dame, nous la  rebatiron. Tous ensemble. C`est une part de notre destin francais." Men det vil ta tid, lang tid.»

Det vil ta lang tid sa Macron den gongen, men så gjekk det raskare enn mange trudde. No er katedralen klar for å bli opna igjen, kanskje i større prakt enn tidlegare! « Notre- Dame est un signe d’espérance» ( Notre- Dame er eit teikn på von.) uttaler erkebiskopen i Paris Mgr. Ulrich. Under innleiinga til sermonien vil erkebiskopen banke på hovedportalen og uttrykkja: 

«Notre-Dame, mère très aimante, ouvre tes portes pour nous aider à chercher l'amour et la vérité, la justice et la paix.» ( Vår Frue,høgst elska mor, åpne dine dører for å hjelpe oss å søke kjærleiken, rettferda og freden)

Mange viktige personar med president Macron i spissen vil vera til stades, men dette er framfor alt viktig for dei mange truande som er glad i katedralen, men og forvdei mange ikkje så truande som opplever at Notre - Dame er eit teikn på von slik erkebiskopen uttrykkjer det!

Nôtre Dame de Paris
Eg deler deg med så mange
alle dei som kvar dag kjem her 
for første gong eller som ein dagleg vane,
dei som berre kjem for å sjå og dei som vil tilbe.
Likevel kjennest det som du er mi
på ein heilt spesiell måte
ei eg ikkje kan dela med andre
kanskje med unntak av Paul Claudel ?
Vi møtest så sjeldan,
men gjensynet er desto varmare
når eg finn min plass ved alteret til Thérèse,
i eit av kapella bak hovudalteret,
eller ved søyla til høgre der Paul Claudel
lytta til Magnificat første juledag !
Du vigd til henne som sa ja og aldri angra
og difor kan løfta mine bøner inn til
det som er svar på alle bøner.


lørdag 30. november 2024

Svevnlaus

 Den franske filmen Juliette au Printemps ( Vår Juliette) som går på kino no er eit familiedrama - komedie . Ikkje eit mesterverk, med absolutt verdt å sjå. Juliette som er illustratør av barnebøker tar ein spontan tur til landsbyen ho vaks opp i på 1990 talet for å vitja familien. Juliette har sine problem, ho ligg og vrir seg søvnlaus, det er ei sorg i livet hennar som ho ikkje er medviten. Foreldra er skilt, mora er hektisk og eksentrisk, faren meir avslappa, søstera har sine problem. Det er ein familieløyndom som etterkvart dukkar opp, og som Juliette ikkje har vore klar over. Det viser seg at broren Nicholas døydde i krybbedød då ho var tre år. Ho har blitt skåna for dette av familien og har ingen erindring om det. Faren gjev henne eit bilete der ho held veslebroren. Det inspirerar henne til å laga teikningar av ei jente som held ein baby, kanskje blir den umedvitne sorga lindra, kanskje blir dei urolege nettene lettare å bera. 

Svevnen lindrar. Eg tenkjer på OlavNygard og hans dikt « Svevn». Han er på nytt i mitt interessefelt gjennom lesinga av Ronny Spaans nyutkomne biografi. Diktet er å finna i den første diktsamlinga « Flodmaal» frå 1913.

Svevn, du hev ei

himels vogge,-

kann du voke-

verken stogge?

Dagen hev til

mergen hogge

sine tenner

i min barm.


 Ber meg inn i

soldraumsblaane

austan sol

og vestan maane,

lat meg draume-

vengjer laane

so eg vaknar 

heil og varm.



lørdag 23. november 2024

Blaise Pascals nådefulle erfaring

 Det er lørdag 23. november, og 370 år sidan den store vitskapsmann og tenker Blaise Pascals avgjerande religiøse oppleving. Han er inne i ein vanskeleg periode i livet. Pater Lutz skriv i sitt etterord til « Pascals tanker»: « Helt lykkelig følte han seg aldri denne tid. Han kjente både samvittighetsnag og en smertefull følelse av forlatthet.Han savnet Gud, og hans sjel var altfor stor til å kunne finne fred i overfladisk glans og glede.» Så skjer det noko denne novemberkveld,  tilsynelatande brått og ikkje førebudd. Pascal skildrar det på eit dokument som han syr inn i foret i jakka si. « Le Memorial» er det blitt kalla, og byrjar slik med ei nøyaktig tidfesting.

« I nådens år 1654.Mandag 23. november, den hellige pave og martyr Clemens og andre martyrers fest.Aftenen før martyr St.Chrysogonus og andre martyrers fest. Fra omtrent halv elleve aften til omtrent en halv time etter kidnatt.» Den trettiein årige Blaise Pascal  går inn i ein ekstatisk tilstand, det er som ein eld som brenn hans indre, som brenn ned all tvil og alle innvendingar!

« Ild.

Abrahams Gud, Isaks Gud, Jakobs Gud.

Ikke filosofenes og de lærdes Gud,

Visshet! Visshet! Følelse.Glede.Fred.

Jesu-Kristi Gud

« Deum meum et Deum vestrum ( Ruth 1,16).

Å glemme verden og alt, foruten Gud.

Han kan bare finnes ad de veier som evangeliet lærer.

Menneskesjelens storhet.

« Rettferdige Fader, verden har ikke kjent Deg,

men jeg har kjent Deg.»

Glede, glede, glede, tårer av glede.

Jeg har gått fra Ham.

« Rerelinquerunt me fontem aquæ vivæ» ( Jer.11, 13)

Min Gud vil du forlate meg?

Måtte jeg ikke evig være skilt fra Ham.

« Dette er det evige liv at de skal kjenne Deg den ene

sanne Gud, og den Du har sendt, Jesus- Kristus.»

Jesus-Kristus, Jesus-Kristus.

Jeg har gått fra Ham, jeg har flyktet fra Ham

fornektet Ham, korsfestet Ham.

Måtte jeg aldri skilles  fraHam.

Vi bevarer Ham bare ad de veier som Evangeliet lærer.

Fullstendig og saktmodig gi avkall på alt.

Fullkommen underkastelse under Jesus-Kristus

og min  sjels veileder.

Evig glede for en dagsbot på jorden.

« Non obliviscar sermones tuos». Amen

« Jeg vil aldri glemme dine ord.» ( Salme 118)



Frå den dag var Pascals geni vigd til Gud skriv pater Lutz. Det var ikkje naudsynt å bryta med vitskapen, for no kjente han seg trygg, det var ikkje noko som kunne forstyrra hans venskap med Gud.

Det høver å avslutta med  forfattaren Francois Mauriacs ord til sin store landsmann: «  Ilden fra en eneste natt i Pascals liv er nok til å opplyse oss hele livet igjennom og i likhet med barnet som nattlampen beroliger i et rom fyllt av skygger, kommer vi til å sove uten frykt, takket være denne ild.» 

( sjå ellers mine tidlegare innlegg om både Pascal og Mauriac)

fredag 15. november 2024

Søster Clare Crockett ein ny helgen ?

 Sr. Clare Crockett  var ei ung nonne frå Derry i Nord- Irland som om ikkje lenge blir vurdert for det første steget mot helgenstatus. 12. januar til neste år vil ho bli erklært som Guds tjener i ein sermoni i Spania  der ho i 2001 slutta seg til ordenen Servant Sisters of the Home of the Mother. Dette er ein ny orden grunnlagt i 1982 som rettar seg spesielt mot unge , og som har fokus på Eukaristien og Maria.

Clare Crockett vart fødd 14. november 1982 og omkom i eit jordskjelv i Ecuador 16.april 2016. Ho er gravlagt i fødebyen der ho alt har inspirert mange, spesielt mange unge til å finna tilbake til si katolske tru. Folk i heimbyen er overvelda med tanken på utsiktene til å få sin eigen helgen!

Clare Crockett var ein person som skilte seg ut alt som barn, ho hadde ei utstråling som gjorde henne til det naturlege midtpunkt over alt der ho var til stades. Ho hadde talent som skodespelar og deltok i TV- programm alt frå 15 års alder. Ho var døypt katolsk, men familien var ikkje ivrige katolikkar og Clare var ikkje spesielt religiøst interessert i oppveksten. Ho sette meir pris på fest og moro enn å gå til messe. Så skjedde det noko i påskeveka 2000 då ho var 18 år. Meir eller mindre tilfeldig hadde ho blitt med på ein tur til Spania som viste seg å vera ein pilegrimstur. På langfredag vart ho overtydd om å delta i hyllinga av Kristi kors ved å gå fram og kyssa det. Noko skjedde med Clare i det ho bøygde seg for korset, sjølv skildrar ho det slik:« Eg veit ikkje korleis forklara akkurat kva som skjedde.Eg såg ikkje englekor eller kvite duer som kom ned på meg, men eg var sikker på at Herren var på krossen for meg.» For Clare var det «All or nothing» som er tittelen på ein dokumentar om henne, ho kjente sterkt på å kallet til å gje seg heilt til Kristus.Clare reiste heim til Nord-Irland, det neste året vart ho drege mellom utsiktene til ein verdsleg karriere som skodespelar og kallet til ordensliv. Guds kall sigra og alt året etter var ho tilbake hos søstrene i Spania som postulant, dei førebels løftene vart avlagt i 2006 og dei endelege løftene i 2010. Den første tida var ho i Belmonte i Cuenca, men i 2012 vart ho overført til Ecuador. Det var ho resten av livet inntil ho på tragisk vis omkom i 2016. Clare viste seg også her som den heilt spesielle personen ho var, det var særleg arbeid blant barn og ungdommar som opptok henne. Ho fekk særleg god kontakt med dei unge gjennom sin humor, sitt åpne og vinnande vesen, og ikkje minst sitt musikalske talent, gitaren hadde ho alltid med seg. I dokumentarfilmen «All or nothing» møter vi både barn, ungdomar og vaksne som skildrar sitt møte med Clare Crockett og det sterke inntrykket ho gjorde på dei, mange fekk eit levande forhold til Kristus gjennom hennar vitnemål. Etter påtrykk frå mange blir det no opna ein prosess som evt. vil føra fram til helgenstatus. Ho vil i såfall bli ein av fleire unge helgenkandidatar frå siste halvdel av 1900 talet.




søndag 3. november 2024

Rekviem

 Fin framføring av Maurice Duruflés Rekviem i Kristiansand domkirke i kveld. Allehelgenskonsert med Kristiansand domkor supplert med Agder ungdomskor og musikarar frå symfoniorkesteret. Vi fekk og høyra Bachs Passacaglia og fuge i c- moll, dessutan Duruflés « Quatre Motets sur des thèmes grégoriennes»

Maurice Duruflé ( 1902-86) er nok ikkje så kjent som fleire andre store komponistar i Frankrike på 1900 talet, til dømes Francis Poulenc, Louise Vierne og ikkje minst Olivier Messiaen. Det kjem nok delvis av at Duruflé var svært sjølvkritisk og perfeksjonistisk pg bare få verk vart publisert og framført i hans levetid. Han  vart i 1929 organist i St.- Etienne- du - Mont, ein stilling han hadde resten av livet. Frå 1943 var han også professor i harmonilære ved konservatoriet i Paris.

Vi har akkurat markert Allehelgensdag og Allesjelersdag med vekt på såvel store og små helgenar som alle dei som gjekk framom oss over dødens grense. Dei katolske rekviemtekstane gjev ei meingsfull ramme rundt alt dette.



  • Inngang
Kvile i alle æve gje dei Herre
og lat lyset som varer evig skinne for dei.
Deg tilkjem lovsangen, Gud i Sion,
og til deg skal det gjevast lovnader i Jerusalem.
Høyr bøna mi,
Måtte all lekam komme til deg.
  • Herre
Herre, miskunn deg, Krist, miskunn deg
  • .
Tilgjev, Herre, sjelene til alle kjære
løys dei frå alle lenkjene og gje nåde for syndene
og la dei vinne å unngå dommen
og la evig lys signe og glede dei.
  • Vreidedagen
.
  • Ofring
O Herre Jesus Krist! Konge i æva!
Fri sjelene til dei døde frå straffene i helvete
og den djupe grava.
Fri dei frå gapet til løva
ikkje lat dei bli oppslukte av underverda,
ikkje lat dei falle i mørkret.
lat merkesmannen, heilage Mikael, leie dei i heilagt lys
slik du eingong lova Abraham og etterslekta hans.
Offer og bøn til deg, Herre, ber vi fram.
Ta du dette til deg for dei tyngde sjelene som vi i dag feirar minnet til.
Lat dei, Herre, frå døden gå over til livet
slik du eingong lovte Abraham og etterslekta hans.
  • Heilag
Heilage Herre Gud Sebaot
fylt er himmel og jord av æra di
velsigning som kjem i Herrens namn
Hosianna i det høgste!
  • Guds lam
Guds lam, som ber verdas synder,
gje dei kvile, for all tid kvile.
Lat det evige lyset skinne for dei, Herre,
i lag med dine heilage i all æve, for du er god.
Kvile i all æve gje dei Herre,
og lat lyset som varer evig skinne for dei.
  • Fri meg
Fri meg, Herre, frå den evige døden
på den tunge skakande dagen
når himmelen rokkast til like med jorda:
då kjem du for å dømme slektene gjennom eld.
Skjelve gjer eg, og eg fryktar ristinga som kjem
og den kommande vreiden.
Den tunge dagen, vreidedagen, elende og ulykker,
den mektige og veldig beiske dagen.
Kvile i all æve gje dei Herre,
og lat lyset som varer evig skinne for dei.
  • I paradiset
I paradiset førte englane an:
då du kom lyfte martyrane deg
og leidde deg inn i den evige byen Jerusalem.
Englekoret lyfte deg
og i lag med Lasarus, som eingong var fattig, skal du ha kvile i all æve.
  • Gode Jesus
Gode Jesus Herre gje dei kvile
gje dei kvile, for all tid kvile.



lørdag 2. november 2024

Den salige Chiara Luce Badano

 

Den salige Chiara Badano

Vi har akkurat markert Allehelgensdag og det passer godt å presentera ein av dei nye unge heilage!

Mange kjenner nok til Den salige Carlo Acutis, tenåringen som døydde 15 år gammal av kreft og sannsynligvis blir helgenkåra til neste år. Mindre kjent er nok ein tilsvarande historie frå eit par år tidlegare, underteikna hadde knapt høyrt om Den salige Chiara Luce Badano før eg tilfeldig kom over hennar historie nyleg.

Chiara vart fødd i den vesle nord-italienske byen Sassello 29. oktober 1971. Foreldrene Ruggero og Maria Teresa Badano hadde i over ti år prøvd og bedt om å få barn, endeleg lukkast det og dei vart velsigna med vesle Chiara. Chiara var eit barn utanom det vanlege. Alt frå fire års alder hadde ho eit særleg blikk for andre, ho delte leiker med fattige barn, inviterte inn trengande og vitja eldre. Chiara elska å høyra Evangelia og å delta i den heilage messefeiringa. Då ho var ni år vart ho med i Focolare rørsla som er eit katolsk fellesskap som arbeider for dialog og fellesskap mellom alle mennske. Focolare er opprinneleg italiensk, grunnlagt av barneskolelæraren  Chiara Lubich i 1942, men har etterkvart fått avleggarar i 180 land. Chiara hadde kontakt med grunnleggaren av Focolare, og ho deltok ivrig i deira samlingar. Ho fekk tilnavnet «Luce» avdi ho synest å utstråla lys med sin smilande ansikt og sin personlegdom.

Chiara var ein heilt normal tenåring, sporty, sosial, aktiv og vennekjær,men ho hadde heile tida blikket retta mot Kristus og vitna, ikkje så mykje med ord som med sitt eksempel og si omsorg for andre. Då ho var sytten år tok livet brått ei ny vending. Ho spelte tennis og merka sterke skuldersmerter, det viste seg å væra ein sjelden for beinkreft – osteogent sarkom. Dei neste to åra vart tunge og smertefulle, men ho heldt fram med å utstråla lys og kjærleik. Vener kom på vitjing for å trøsta henne, men det enda med at det var ho som trøysta dei. Heile tida hadde ho også foreldre som støtta henne, og som nok var i djup sorg over utsiktene til å mista sitt einaste barn. Ein kardinal som vitja henne undra seg over lyset i augene hennar og ho svarte: « Eg prøver å elska Jesus så mykje eg kan.» 7. oktober 1990 døyr Chiara Luce i heimen sin i Sassello, ho er enno ikkje fylt nitten år. Ho har vore klar over at det går mot slutten og førebur gravferda som til eit himmelsk bryllaup, ho får sjukesalvinga,skriftemålet og nattverden. Det siste ho seier til mora er: « Adjø. Du må vera lukkeleg for eg er lukkeleg.» Fleire tusen deltak i gravferda nokre dagar seinare. Men det er ikkje slutt med det, alt i 1998 blir det opna for ein saligkåringsprosess for Chiara. I 2002 skjer mirakelet som opnar for saligkåring, ein ung mann med hjernehinnebetennelse blir på mirakuløst vis frisk. 25. september 2010 blir Chiara Luce Badano erklært som salig av pave Bendikt, det nest siste steg før helgenkåringa. Fleire titusen er samla for å ta del i den høgtidelege sermonien.

Pave Benedikt seier følgjande om Chiara: «Jeg inviterer dere til å bli kjent med henne. Livet hennes var kort, men inneholdt et vidunderlig budskap. 19 år fulle av liv, kjærlighet og lys. De siste to år også fylt med smerte, men alltid levd i kjærlighet og lys, et lys som strålte rundt henne og kom innenfra, fra hennes hjerte fylt av Gud. Hvordan er dette mulig ? Hvordan kan en 17 -18 år gammel jente leve gjennom lidelsen på en slik måte? Menneskelig håpløst, og samtidig spre kjærlighet, renhet, fred og tro. Tilsynelatende er det nåde fra Gud, men denne nåden  måtte også ha menneskelig medvirkning og forberedelse. Chiaras egen medvirkning naturligvis, men også hennes foreldre og venner. I dag vil jeg fremheve dette på en særlig måte. Salige Chiara Badanos foreldre lever, de var i Roma i forbindelse med saligkåringen – jeg møtte dem personlig. De er vitner om det grunnleggende faktum som forklarer alt: deres datter var fylt med Guds lys. Og de var de første som tente dette lyset, som kommer fra tro og  kjærlighet. Hennes mor og far tente troens flamme i sin datters sjel, og de hjalp Chiara å alltid holde den brennende, til og med i de vanskeligste stunder i vekst, og særlig gjennom lidelsens prøvelser.»

Chiara er eit eksempel for alle truande men spesielt for dei unge. Ho er skytshelgen for ungdom og for Verds-ungdoms dagen. Minnedagen er 29. oktober.

Salige Chiara Luce be for oss !

 




mandag 28. oktober 2024

Frigjeringsteologar

 Nyleg døydde teolog og dominikanerpater Gustvo Gutierrez (1928 - 2024) i ein alder av 96 år. Han vart fødd og  døydde i Lima i Peru. Han vart prestevia i 1959, og gjekk seinare inn i Dominikanerordenen  i 1971 kom hans teologiske hovudverk om frigjeringsteologi. Av mange  er han blitt karakterisert som «frigjeringsteologiens far», sjølv om det nok var fleire andre som bidrog til å utforma det teoretiske grunnlaget for denne teologiske retninga. Fleire av desse kom på kant med Vatikanet som til dømes brasilianske Leonardo Boff, ikkje minst pave Johannes Paul hadde liten sans for katolske geistleges politiske engasjement i marxistisk inspirerte retningar.På 1960 -1970 talet vaks det fram aukande medvit om sosial utrettferd også blant mange kristne,
ikkje minst i Latin-Amerika som var prega av fattigdom, stor klasseforskjell og brutale militærregime.Frigjeringsteologane var misfornøgde med ei kyrkje som i for stor grad hadde vore unnvikande i sin kritikk av eit system som skapte fattigdom og urettferd. Dei nytta marxistiske omgrep og analyse, men var og inspirert av sentrale bibelske forteljingar som til dømes utferda frå Egypt. Dei fleste ville i utgangspunktet nytta fredeleg og demokratiske middel for å oppnå eit meir rettvist samfunn., men nokon som presten Camillo Torres i Colombia, gjekk eit steg lengre og slutta seg til geriljaen som kjempa for ein sosialistisk revolusjon. Det latin-amerikanske bispemøte i Medellin i 1968 kom med relativt radikale sluttdokument som i stor grad var utforma av Guttierez. 

I følge Guttierez syn var frigjeringsteologien i rørsle for og av fattige som reflekterar Guds inngripen på vegne av dei fattige. Gud er dei fattiges Gud, Han stiller seg på dei undertryktes side. Lik dei andre frigjeringsteologane vart hans teologi granska av av Vatikanet, men han fekk ikkje tilsvarande kritikk som Leonardo Boff og Ernesto Cardinal, presten og poeten som gjekk inn i sandinistregimets regjering i Nicaragua. Den store teologen Karl Rahner tok Gutierrez i forsvar, og han hadde ein dialog med såvel Pave Benedikt som pave Frans. Iflg. pater Arne Kirsebom fjerna Gutierrez seg aldri frå tradisjonell katolsk teologi, han forstod at det han hevda måtte vera  inkorporert i Kyrkjas lære.Mange tankar frå frigjeringsteologien er med åra teke opp i såvel protestantisk som katolsk teologi. Ikkje minst har pave Frans vore ein eksponent for solidaritet med dei fattige og undertrykte.Sjølv om Kyrkjas primære oppgåve er å forkynna evangeliet vil dei fleste vera samde i at vi har eit ansvar for både våre medmenneske og for det Skaparverket vi alle er avhengige av.

Frigjeringsteologane på 1960-70 talet hadde nok eit for optimistisk syn på at eit sosialistisk styre ville føra til meir rettferd. I dag veit vi at dette ikkje var tilfelle.To av dei mest undertrykkande regime i Latin-Amerika  Nicaragua og Venezuela har eit styre prega av sosialistiske tankegang. I desse landa har dei fattige det verre enn nokon gang. Eit venstreorientert regime i Bolivia har heller ikkje ført til meir rettferd. Cuba har hatt eit sosialistisk regime i over seksti år, men er framleis eit dårleg fungerande diktatur. Det hindrar  oss ikkje i å sjå på Gustavo Gutierrez som ein viktig teolog som med bibelsk inpirasjon har fått oss til å få augene opp for at vi også har eit ansvar for å bidra til eit meir rettvis verd.

     

søndag 20. oktober 2024

Forfølgde for si tru

 Stefanus alliansen fokuserar på dei som blir forfølgde for  si religiøse tru. Alliansen gjev ut eit magasin som kjem annankvar månad med fokus på situasjonen i ulike land. I siste nummer var det fokus på Nord-Korea som vi veit er det kanskje mest undertrykkande regime i verda. Bare det å eiga ein bibel eller eit anna religiøst symbol kan medføre opphald i fengsel eller fangeleir på ubestemt tid. Alt som sår tvil om leiaren Kim Jong- un sin posisjon som eineherskar er strengt forbode. Dette gjeld all religion, og framfor alt kristendomen.

Den franske katolske nettsida Aleteia hadde nyleg ein oversikt over dei land i verda der religionsfridomen er mest avgrensa og der det er vanskelegast å evangelisera. Ikkje uventa er det Nord-Korea som tronar på topp, deretter kanskje litt uventa Marokko som mange oppfattar som eit mindre strengt muslimsk land. Deretter føl Libya, Usbekistan, Iran og så eit hunduistisk land nemleg Nepal. Dei resterande landa er muslimske, Maldivene, Saudi-Arabia, Somalia og Sudan. Ei rekkje andre land har også avgrensa religionsfridom til dømes Russland som er eit ortodoks land, men Jehovas Vitne er forbode, og ei rekkje protestantiske forsamlingar blir oppfatta som vestlege agentar!

Det er viktigare enn nokon gong å stå opp for religionsfridom, og gje støtte til alle forfølgde gjennom markeringar og forbøn. 10. november Stefanus alliansens søndag for dei forfølgde. Det vert arrangert markeringar med fakkeltog ei rekkje stadar i landet.


 Dei 21 koptiske martyrane som vart drept i Libya av IS i 1995.

lørdag 19. oktober 2024

Poetica:Gater i mørke


Gater i mørke

Bilete i svart – kvitt

litt ut av fokus og falma

brett på eine hjørnet

plukka ut frå denne usorterte

bunken i eit umedvite innfall

eller overvintra røyndom

med spor av samtalar

frå ei tapt ungdomstid

i samver med  kjenningar

for lengst sletta frå adresseboka

eller eit glimt frå draumen i forgårs

utflukt til Bois de Boulogne

ein søndag i august ukjent år

uklåre andlet gater i mørke

for minnet er svikefullt

det skil sjeldan skarpt

om kjenslene likevel gjer det.

 


Patrick Modiano f. 1945, nobelprisen i litteratur 2014. Sju av hans romanar er omsett til norsk, sist «Danserinnen» som kom i år. Han bør lesast av alle som er fascinert av Paris, og av det som ifølge han sjølv er hans tre hovudtema: «Le temps, le  passé, la memoiré» (Tida, det som har vore og minnet). Eller som den svenske journalisten og forfattaren Knut Ståhlberg uttrykkjer det i tittelen på si svært lesverdige bok om Paris og litteraturen: «Det förflutnas ständiga närvaro.» Kanskje får ein ikkje meir innsikt av å lesa Modiano, men absolutt større undring!

søndag 13. oktober 2024

Det förflutnas ständiga närvaro

«Det förflutnas ständiga närvaro», eg liker denne svenske formuleringa om fortida som fortset å vera til stades i liva våre, det gjeld ikkje berre Modianos liv og litteratur, men naturligvis oss alle.Det gjeld ikkje minst meg sjølv  denne dagen søndag 13.oktober. Eg går nøyaktig fem år tilbake, det var også ein søndag 13.oktober 2019, ein dag som vi minnest som heilt unik! Både inngongen og utgongen av dette livet kom ekstra tett på oss i det barnebarn/oldebarn Mathilde vart fødd omlag samstundes som far/bestefar/ oldefar døydde godt over 97 år gammal og mett av dage. Han hadde vore skrøpelig og prega av aldersdemens i lang tid og det var forventa då han sovna roleg inn på Rosendalstunet. Denne dagen vart heilt spesiell,både emosjonelt og eksistensielt, men det opplevdes godt og meiningsfullt.Livets inngong og utgong er omslutta av noko større, Guds omsorg i dette livet og i det neste. På gravsteinen har vi sitert Salme 121: «Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til evig tid.»

Men 13.oktober er og dagen min farfar vart fødd i Horsens i 1873, på hans førtiårsdag døyr hans andre kone Hanna ,13. oktober 1913.Dei er berre gravlagt der min far ligg på bilete under.


Kyrkjegarden ved Kvinnherad kyrkje der både min far og besteforeldre er gravlagt.

Malmanger i Rosendal 1908.Min bestefar kom til bygda 1899 og har enno ikkje bygd huset som i dag ligg til høgre på den nedre tredjedelen av biletet.

Rosendal omlag 1930, huset min bestefar bygde eit tiår tidlegare ligg nede til venstre.


lørdag 12. oktober 2024

Gater i mørke - Om Patrick Modiano

 Eg har tidlegare skreve om den franske forfattaren Patrick Modiano og hans bøker, og igjen vender eg tilbake til hans liv og litteratur. Eg har byrja på hans mest sjølvbiografiske nok, «Un Pedigree» (Ei stamtavle) og som sekundær litteratur svenske Per Arne Tjäders analyse av Modianos bøker i «Gare d’Austerlitz». Tjäder byrjar og sluttar med referansar til sjøvbiografien. Innleiingvis ei brevveksling mellom Patrick og faren italiensk - jødiske Alberto Mondiano frå midten av sekstitalet. Breva understrekar det kompliserte forholdet i faren, og ein barndom prega av fråver og tap. Foreldrene kjørte sine løp og var i liten grad til stades i livet hans, men det mest traumatiske var likevel utan tvil tapet av broren Rudy som døydde av leukemi 10 år gammal. Det er sterkt å lesa hans skildring av då faren og onkelen kjem med beskjed om at Rudy er død, broren som han leika med sist helg uvitande om det som snart skulle skje. Sjølv om det bare er «Un Pedigree» som er eksplisitt sjølvbiografisk er det sjølvbiografiske trekk i alle hans romanar, både tapet av broren, den kompliserte ungdomstida og ikkje minst foreldrenes liv under den tyske okkupasjonen før han vart fødd i 1945. Han har gjeve uttrykk for ei oppleving av minnet som går tilbake frå før fødselen, foreldrenes opplevingar er alt innprenta i han. Men minnet er ein svikefull ven i Modianos bøker, kva er sant, kva er fantasi eller minne forandra av ettertidas opplevingar?

Så opnar det seg ei ny verd frå slutten av sekstitalet. Han debuterar i 1968 med romanen « La place d’Étoile» som kjem ut på det prestisjefylte forlaget Gallimard. Boka har naturleg nok tematikk frå okkupasjonsåra med fokus på jødisk identitet og lagnad. På  denne tida opplevde Paris det såkalla studentopprøret. Aldersmessig var han nok ein sekstiåttar men hans tematikk var fjernt frå den dagsaktuelle politikken.«Le temps, le passé, la mémoire» (Tida, fortida, minnet) er mine sentrale tema skriv han mange år seinare.

Å fullføra den første romanen var utan tvil eit stort løft for den unge Modiano,« Un Pedigree» avsluttar med at han har sett sine nygifte vener Roger og Chantal vel avstad og han tenkjer:« Den kvelden kjente eg meg lett om hjertet for første gong i livet mitt.Det tunge trugsmålet som har hengt over meg alle desse åra, og som alltid tvinga meg til å vera på vakt, det hadde løyst seg opp i den parisiske vårlufta.Eg hadde klart meg over på den andre sida. Det var på tide.»






søndag 29. september 2024

September

 

Sist i september

Solfylte dagar

fjorden urørleg spegelblank

lyset stig over lyngheia

det er tida for å løfta blikket

frå åker og eplehage

men ikkje som forfedrane

dei skulle ha alt klart

framfor det trugande kalde mørkre

likevel ei svak uro

halvvegs til vintersolkverv

ventande leitar du bak i minnet

men det er ein svikefull ven

å stø seg på.



 

Vår Frue av Rosenkransen

 

Vår Frue av Rosenkransen

Oktober er Rosenkransmåneden og 7. oktober feirer vi Vår Frue av Rosenkransen. Selv om vi ber Ave Maria på hver av de små perlene er ikke Rosenkransen primært en bønn til Maria, men en bønn vi ber sammen med Maria til Kristus samtidig som vi konsentrerer oss om de fire mysterier som omfatter hele Kristi liv og virke. De gledefulle som omfatter Kristi fødsel og tidlige liv, de smertefulle som omfatter hans lidelse og død, de herlighetsfulle som omfatter han oppstandelse og himmelfart. I 2002 la så pave Johannes Paul til Lysets mysterier som omfatter hendelser i Kristi offentlige virke. Vi markerer Rosenkransmåneden med felles rosenkransbønn og prosesjon. Det blir hengt opp en rosenkrans ved Maria-kapellet og Fatima statuen blir tatt frem og pyntet.

I oktober er det også en rekke minnedager for helgener som hadde en sterk Maria fromhet og nok ba rosenkransen med hengivenhet. Vi kan trygt la oss inspirere av deres liv og be om deres forbønn. Første oktober feirer vi Thérèse av Jesus barnet og Det hellige ansikt ( 1873 -97) som mange har et sterkt og nært forhold til. 15. oktober markerer vi Karmelittordenens store klosterstifter og helgen Teresa av Avila (1515 -82), hennes skrifter har betydd mye for mange. 5. oktober har vi minnedagen for Faustina Kowalska (1905 -38), som har inspirert andakten til Den guddommelige barmhjertighet. 12. oktober feirer vi så en helgen fra vår tid, Den salige (snart hellige) Carlo Acutis (1991 – 2006). Til slutt må vi ikke glemme minnedagen for Olav den Helliges omvendelse 16. oktober.

Alle oppfordres til å be rosenkransen og meditere over de fire mysteriene. La oss også inspireres av de hellige  som Guds i sin store nåde har gitt oss, og som vi minnes spesielt denne måneden!

(St.Ansgar nytt oktober)






.

St.Ansgar Rosenkransprosesjon om kvelden 5.oktober

 

tirsdag 17. september 2024

Pave Frans om litteratur

 « Det beste forsvaret for litteratur eg har lese» seier nobelprisvinnar Jon Fosse om pave Frans brev frå juli i år der han tek for seg kva nytte vi kan ha i vår personlege modning av å lesa god litteratur. Brevet var opprinneleg tiltenkt unge prestekandidatar, men paven skriv innleiingsvis at det og må angå alle engasjert i pastoralt arbeid, ja faktisk alle truande. Han oppmodar alle til å lesa såvel romanar som poesi, og understrekar at å lesa ei bok krev større personleg engasjement i motsetnad til audio- visuelle media. Litteraturen gjer det reflekterande rommet større, og ein let seg kanskje ikkje så lett lura av « fake news» som blir spreidd digitalt kommenterar Fosse. Paven meiner og at litteratur er viktig for at truande kan engasjera seg i samtidskulturen, og ikkje minst setja seg inn i andre menneskes erfaring.

Paven dreg fram eigne erfaringar, som ung lærar på ein jesuitt- skule brukte han medvite litteratur i undervisninga.Her trekk han og fram sin landsmann den store forfattaren Jorge Louis Borges som fortalte sine studentar at det  viktigaste er rett og slett å lesa, å gå i direkte kontakt med litteraturen, å fordjupa seg i den levande teksten ein har framfor seg, framfor å bli opphengt i idear og kritiske kommentarar.

Han går og inn på det meir spesifikte religiøse når han skriv at litteratur kan gjera framtidige prestar meir kjenslevare for det fullt menneskelege i Herren Jesus. Slik kan dei og formidla det som Det andre Vatikankonsilet uttrykkjer : « det er bare i mysteriet om Ordet som vart kjød at mysteriet menneske kan bli klart fullt ut.» Det er ikkje noko fjernt og abstrakt, men det konkrete livet til alle menn og kvinner med deira sår, ønskje, minne og voner.

Paven refererar vidare til ulike forfattarar både truande og ikkje truande. T.S. Eliot, Marcel Proust, Jean Cocteau, Jacques Maritain, teologar som Ignatius, Karl Rahner, Basileos av Caesarea. Han avsluttar med eit sitat av den tysk språklege jødiske poeten Paul Celan:« Dei som verkeleg lærer å sjå, kjem nær det som er usynleg.»

« Eg er stolt av å tilhøyra ei kyrkje med ein øvste leiar som tenkjer så klokt om litteratur.» seier Jon Fosse, og eg kan slutta meg til det!

 


lørdag 14. september 2024

Korsets opphøyelse

 I dag feirar vi minne dagen for "Korsets opphøyelse".

Korsets opphøyelse

Vi feirer minnedagen for Korsets opphøyelse 14. september. Ærbødighet og hyllest av Jesu kors nevnes allerede på 300 – tallet. Keiserinne Helena skal ifølge tradisjonen ha foretatt en reise til Det hellige land i 328, og skal der ha funnet restene av korset Jesus ble naglet til. Dette skal være bakgrunnen for minnedagen i september. Korsmesse om høsten var den gamle norske betegnelsen på denne dagen, markert med et kors på primstaven. Fra å være et instrument for tortur og død er korset blitt et symbol på Guds uendelige kjærlighet. Det er et stort mysterium, men som Paulus skriver i 1. Korinterbrev: «For ordet om korset er dårskap for de som går til grunne, men for oss som blir frelst er det Guds kraft.»

Den hellige Teresa Benedikta av Korset (Edith Stein 1891 -1942) hadde større innsikt i korsmysteriet enn de fleste, og hun opplevet også til slutt å bære korset inn i martyriet. Hun skriver om sitt første møte med korset: «Det var mitt første møte med korset, og med den guddommelige kraft som korset formidler til dem som bærer det. Min vantro brøt sammen, og Kristus strålte frem, Kristus i korsets hemmelighet.»

 


 Ave Crux spes unica!

tirsdag 3. september 2024

Meir om tru og tvil

 Blaise Pascal seier ein stad: « Oppfør deg som en troende, ta vievann, gå til messe, og du vil ende som en troende.» Ein form for sjølvsuggesjon vil nokon hevda, men og eit uttrykk for viljens og vanens omskapande kraft. Likevel fjernt frå Unamunos San Manuel, hos han er det ingen samanheng mellom sanning og handling. Han forkynner Guds ord om det evige liv, men det er ikkje det han oppfattar som. sanning. « Il faut s’abetir» seier Pascal vidare, det er naudsynt å bli dum, eller kanskje å bli som eit barn med barnets avgrensa fornuft?

Eg går til Francois Mauriacs « Min tro» som han dedikerte til sine barnebarn når dei fylte seksten år. Han skreiv boka mot slutten av livet, og ho kom på norsk i 1970. Eg har med ujamne mellomrom vendt tilbake til Mauriacs skildring av kvifor han likevel heldt fast ved den trua han var vaksen opp i. Han innleiar boka med følgjande utsagn:« Hvor ofte har ikke mennesker kommet til meg og hyklet misunnelse: Så lykkelig du må være som tror på et evig liv! Som om troen bestod i å eie en sikkerhet grunnet på evidens. Troen er en dyd - en av de tre som er rettet mot Gud, og den nevnes før håpet og kjærligheten. Ordet dyd antyder at troen krever bruk av viljen, den standhaftige og møysommelige vilje.» I utgongspunktet var ikkje trua noko han ville, for han var fødd og oppdratt innanfor ein religion han lærte å praktisera. Likevel må viljen ha kome inn på eit nokså tidleg tidspunkt, « sammen med de første trosanfektelser og den første tvil.»  Denne viljen var næra av ei kjenslemessig tiltrekning, men og av den hjelp han erfarte å få gjennom bøna og sakramenta.Lenger ute i boka understrekar han dette: « Ikke for noe i verden ville jeg gi avkall på de sakramenter som den romerske kirke gir meg del i. Den er de facto for meg en livskilde og har i mine øyne sin historiske hjemmel i tekstene, også de eldste, nemlig Paulus brev.»

« Min gjeld til Pascal» er tittelen på ein av dei siste kapitela, men Pascal er med gjennom  heile teksten, og  han vedgår at han for ein stor del kan takka Pascal for å ha stått i mot rasjonalismen og « kjødets dunkle krefter.» I fjor markerte vi at det var 400 år sidan denne geniale vegleiar såvel innan vitskapens rasjonalitet som i den andelege sida ved tilværet vart fødd. Han er framleis aktuell som eg tidlegare har skreve meir utførleg om. Det høver å avslutta med Mauriacs ord til sin store landsmann: «  Ilden fra en eneste natt i Pascals liv er nok til å opplyse oss hele livet igjennom og i likhet med barnet som nattlampen beroliger i et rom fyllt av skygger, kommer vi til å sove uten frykt, takket være denne ild.» 




søndag 1. september 2024

Om tru og tvil

 Den spanske filosofen og forfattaren Miguel de Unamuno ( 1864 - 1936) står i den eksistensialistiske tradisjonen etter Pascal og Kierkegaard. Men ulik Kierkegaard som med alle sine verk fell inn i den same kjede av premiss, er det motsatt med Unamuno. Han var ein produktiv forfattar med ei rekkje verk innan ulik sjangrar som spriker i ulike retningar. Men det er tre verk som vi kan sjå i samanheng og som illustrerar den same eksistensialistiske tematikk, det er dei filosofiske verka « Om den tragiske livsfølelse» og « Kristendommens agoni» dessutan den vesle romanen « Martyren, den gode San Manuel». Det tragiske oppstår i motsetnaden mellom tru og fornuft, mellom hjernen som seier nei og hjertet som seier ja. Vi ber i oss ein grunnleggjande lengt etter å vera udøyelege, men fornufta får oss til å tvila. Kanskje er der ingenting og denne angsten for La Nada er det som plager Unamuno. Tru og fornuft blir for han fiendar på grunn av motsatte interesser, dei kan ikkje forsonast og trekkjer i to retningar mot væren og inkje. Men kanskje kan fornufta nytta sin skeptisisme på seg sjølv og dermed bli kasta ned i den avgrunnen der kjenslenes fortviling møter fornufta som har strekt seg utover sanninga. Det er Kierkegaards « det objektive uvisse» der ein har kasta seg ut «paa de 70.000 Favne Vand og dog tror.»

Eg les omigjen « Martyren, den gode San Manuel» som eg las for mange år sidan. Kort fortalt handlar den vesle romanen om landsbypresten Don Manuel, ein tilsynelatande from og oppofrande mann som landsbyens innbyggjar ser på som ein helgen i levande live. Boka er ført med stemma til Angela Carballino som er hans andelege datter, og som kjenner til det tragiske livskjensla presten ber på. Han har tapt trua og kan ikkje lenger forestilla seg eit liv utover døden. Redsla for inkje - La Nada er det einaste han har att. Likevel held han  fram med å preika evangeliet, feira messe og høyra skriftemål med slik styrke og innleving at han vert sett på som ein heilag mann. Don Manuel kan ikkje ta livsgleda frå desse enkle menneska , for dei vil ikkje tola å høyra sanninga! Men kva innebær det eigentleg å ikkje tru, tviler ikkje vi alle meir eller mindre? Ein annan stad skriv Unamuno:« Nåvel, la oss leve dette forgjengelige liv, for det finnes ikke noe annet, mumler tausheten i denne kroken til ham:«Hvem vet?» Den døyande presten taler til Angela:«Du Angela, du skal alltid fortsette å be, be for oss syndere, at vi helt inn i døden skal drømme om kjødets oppstandelse og det evige liv….»

Miguel  de Unamuno vaks opp i ein from katolsk familie, og hadde tenkt på  ein livsveg som prest, men han valgte sin store kjærleik Conca som han gifte seg med i 1891. Seinare kom han på kant på Kyrkja,  og  det vart advart mot romanen, men den vart ikkje satt på index slik hans filosofiske verk. Etter å ha lest boka pånytt kan eg på ingen måte sjå at ho kan truga trua, kanskje tvert om . Eg vel å gå vidare til Pascal  som og var hans inspirator og Forfattaren og nobelprisvinnaren Francois Mauriac som skriv om si gjeld til Pascal. ( forts)