søndag 8. desember 2024

Notre Dame de Paris

 Eg kunne følgja heile gårsdagens sermoni på fransk TV. Det var fokus på dei tre på første benk, president Macro, president Zelenskyj og komande president Donald Trump, men det er ikkje det viktigaste i denne samanhengen. Langt viktigare er det som erkebiskopen uttrykkjer:

«la pierre angulaire de cet édifice, c’est le Christ» ( hjørnesteinen i denne bygningen er Kristus)

Sermonien byrjar med at erkebiskop Mgr.Ulrich tre gonger banker på portalen med bispestaven.

« Vår Frue, førebilete på trua, åpne dørene dine."

« Vår Frue, vitne om håpet, åpne dørene dine.»

« Vår Frue, høgst elska mor, åpne dørene dine.»

Så kjem  semonien med orgelet som lyder i forsamlinga for første gong etter den omfattande reparasjonen. Det vekslar mellom erkebiskopens ord, og kort innslag av organisten på det storslåtte orgelet.

« Vakne opp du orgel,heilage instrument, stem i lovsongen til Gud.»

Det er med stor glede både dei truande og mindre truande opplever denne gjenopninga. Med erkebiskopens ord:

«Cette maison, cette église, cette cathédrale tout harmonieuse dans ses proportions et tout entière tournée vers le mystère du Christ, est le signe de la joie immense des croyants, de millions d’hommes et de femmes, d’enfants, de vieillards, de malades et de personnes avec handicap.» ( Dette hus, denne kyrkja, denne katedral, harmonisk i sine proporsjoner og fullstendig vendt mot mysteriet i Kristus, er eit teikn på den store gleda millionar av truande opplever, menn, kvinner, barn, gamle, sjuke og handikappa)


Sermonien avsluttar med Te Deum

Te Deum laudamus

Te Dominum confitemur

( Deg Gud lover vi. Deg Herre bekjenner vi.)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar