I dag 7. desember blir katedralen i sentrum av Paris gjenopna fem år etter den katastrofale brannen i april 2019. I august dette året gjekk eg forbi den avsperra katedralen og skreiv det følgjande:
«Dagen etter at erkebiskop Michel Aupetit har feira Palmesøndag i Notre Dame de Paris blir katedralen ramma av ein katastrofal brann. Det gjorde eit sterk inntrykk på på alle franskmenn både truande og ikkje truande, for denne katedralen er så nær knytta til fransk historie like frå 1100 talet.
Men også for alle oss utanfor Frankrike som har vitja katedralen og føler oss knytt til den var dette vondt å oppleva.
President Emmanuel lovar: " Cette cathedrale Notre-Dame, nous la rebatiron. Tous ensemble. C`est une part de notre destin francais." Men det vil ta tid, lang tid.»
Det vil ta lang tid sa Macron den gongen, men så gjekk det raskare enn mange trudde. No er katedralen klar for å bli opna igjen, kanskje i større prakt enn tidlegare! « Notre- Dame est un signe d’espérance» ( Notre- Dame er eit teikn på von.) uttaler erkebiskopen i Paris Mgr. Ulrich. Under innleiinga til sermonien vil erkebiskopen banke på hovedportalen og uttrykkja:
«Notre-Dame, mère très aimante, ouvre tes portes pour nous aider à chercher l'amour et la vérité, la justice et la paix.» ( Vår Frue,høgst elska mor, åpne dine dører for å hjelpe oss å søke kjærleiken, rettferda og freden)
Mange viktige personar med president Macron i spissen vil vera til stades, men dette er framfor alt viktig for dei mange truande som er glad i katedralen, men og forvdei mange ikkje så truande som opplever at Notre - Dame er eit teikn på von slik erkebiskopen uttrykkjer det!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar