Rorate - messe i Adventstida.
- Rorate caeli desuper,
- et nubes pluant iustum:
- aperiatur terra,
- et germinet Salvatorem.
| - La det dryppe ovenfra, du himmel!
- Rettferd skal strømme fra skyene.
- Jorden skal åpne seg,
- og la Frelseren spire frem.
|
Tidleg desembermorgon og vi går i regn og mørke til Rorate-messe. Med utgangspunkt i profeten Jesaja 45 kapittel førebur vi oss på feiringa av Herrens fødsel. Ei mørk kyrkje berre opplyst av stearinlys på alteret og i hendene til dei som deltek. Når vi innleiar messa med antifonen Rorate blir regndråpane ute eit bilete på Herrens rettferd som strøymer frå skyene. Om ikkje lenge når vi vintersolsnu, og mørket skal gradvis vika for sollyset. Slik skal også meingsløysas mørke i vårt indre vika for det lyset som strøymer frå julehøgtida, Gud som vart menneske!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar