Nyleg døydde teolog og dominikanerpater Gustvo Gutierrez (1928 - 2024) i ein alder av 96 år. Han vart fødd og døydde i Lima i Peru. Han vart prestevia i 1959, og gjekk seinare inn i Dominikanerordenen i 1971 kom hans teologiske hovudverk om frigjeringsteologi. Av mange er han blitt karakterisert som «frigjeringsteologiens far», sjølv om det nok var fleire andre som bidrog til å utforma det teoretiske grunnlaget for denne teologiske retninga. Fleire av desse kom på kant med Vatikanet som til dømes brasilianske Leonardo Boff, ikkje minst pave Johannes Paul hadde liten sans for katolske geistleges politiske engasjement i marxistisk inspirerte retningar.På 1960 -1970 talet vaks det fram aukande medvit om sosial utrettferd også blant mange kristne,
ikkje minst i Latin-Amerika som var prega av fattigdom, stor klasseforskjell og brutale militærregime.Frigjeringsteologane var misfornøgde med ei kyrkje som i for stor grad hadde vore unnvikande i sin kritikk av eit system som skapte fattigdom og urettferd. Dei nytta marxistiske omgrep og analyse, men var og inspirert av sentrale bibelske forteljingar som til dømes utferda frå Egypt. Dei fleste ville i utgangspunktet nytta fredeleg og demokratiske middel for å oppnå eit meir rettvist samfunn., men nokon som presten Camillo Torres i Colombia, gjekk eit steg lengre og slutta seg til geriljaen som kjempa for ein sosialistisk revolusjon. Det latin-amerikanske bispemøte i Medellin i 1968 kom med relativt radikale sluttdokument som i stor grad var utforma av Guttierez.
I følge Guttierez syn var frigjeringsteologien i rørsle for og av fattige som reflekterar Guds inngripen på vegne av dei fattige. Gud er dei fattiges Gud, Han stiller seg på dei undertryktes side. Lik dei andre frigjeringsteologane vart hans teologi granska av av Vatikanet, men han fekk ikkje tilsvarande kritikk som Leonardo Boff og Ernesto Cardinal, presten og poeten som gjekk inn i sandinistregimets regjering i Nicaragua. Den store teologen Karl Rahner tok Gutierrez i forsvar, og han hadde ein dialog med såvel Pave Benedikt som pave Frans. Iflg. pater Arne Kirsebom fjerna Gutierrez seg aldri frå tradisjonell katolsk teologi, han forstod at det han hevda måtte vera inkorporert i Kyrkjas lære.Mange tankar frå frigjeringsteologien er med åra teke opp i såvel protestantisk som katolsk teologi. Ikkje minst har pave Frans vore ein eksponent for solidaritet med dei fattige og undertrykte.Sjølv om Kyrkjas primære oppgåve er å forkynna evangeliet vil dei fleste vera samde i at vi har eit ansvar for både våre medmenneske og for det Skaparverket vi alle er avhengige av.
Frigjeringsteologane på 1960-70 talet hadde nok eit for optimistisk syn på at eit sosialistisk styre ville føra til meir rettferd. I dag veit vi at dette ikkje var tilfelle.To av dei mest undertrykkande regime i Latin-Amerika Nicaragua og Venezuela har eit styre prega av sosialistiske tankegang. I desse landa har dei fattige det verre enn nokon gang. Eit venstreorientert regime i Bolivia har heller ikkje ført til meir rettferd. Cuba har hatt eit sosialistisk regime i over seksti år, men er framleis eit dårleg fungerande diktatur. Det hindrar oss ikkje i å sjå på Gustavo Gutierrez som ein viktig teolog som med bibelsk inpirasjon har fått oss til å få augene opp for at vi også har eit ansvar for å bidra til eit meir rettvis verd.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar