søndag 20. oktober 2024

Forfølgde for si tru

 Stefanus alliansen fokuserar på dei som blir forfølgde for  si religiøse tru. Alliansen gjev ut eit magasin som kjem annankvar månad med fokus på situasjonen i ulike land. I siste nummer var det fokus på Nord-Korea som vi veit er det kanskje mest undertrykkande regime i verda. Bare det å eiga ein bibel eller eit anna religiøst symbol kan medføre opphald i fengsel eller fangeleir på ubestemt tid. Alt som sår tvil om leiaren Kim Jong- un sin posisjon som eineherskar er strengt forbode. Dette gjeld all religion, og framfor alt kristendomen.

Den franske katolske nettsida Aleteia hadde nyleg ein oversikt over dei land i verda der religionsfridomen er mest avgrensa og der det er vanskelegast å evangelisera. Ikkje uventa er det Nord-Korea som tronar på topp, deretter kanskje litt uventa Marokko som mange oppfattar som eit mindre strengt muslimsk land. Deretter føl Libya, Usbekistan, Iran og så eit hunduistisk land nemleg Nepal. Dei resterande landa er muslimske, Maldivene, Saudi-Arabia, Somalia og Sudan. Ei rekkje andre land har også avgrensa religionsfridom til dømes Russland som er eit ortodoks land, men Jehovas Vitne er forbode, og ei rekkje protestantiske forsamlingar blir oppfatta som vestlege agentar!

Det er viktigare enn nokon gong å stå opp for religionsfridom, og gje støtte til alle forfølgde gjennom markeringar og forbøn. 10. november Stefanus alliansens søndag for dei forfølgde. Det vert arrangert markeringar med fakkeltog ei rekkje stadar i landet.


 Dei 21 koptiske martyrane som vart drept i Libya av IS i 1995.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar