lørdag 19. oktober 2024

Poetica:Gater i mørke


Gater i mørke

Bilete i svart – kvitt

litt ut av fokus og falma

brett på eine hjørnet

plukka ut frå denne usorterte

bunken i eit umedvite innfall

eller overvintra røyndom

med spor av samtalar

frå ei tapt ungdomstid

i samver med  kjenningar

for lengst sletta frå adresseboka

eller eit glimt frå draumen i forgårs

utflukt til Bois de Boulogne

ein søndag i august ukjent år

uklåre andlet gater i mørke

for minnet er svikefullt

det skil sjeldan skarpt

om kjenslene likevel gjer det.

 


Patrick Modiano f. 1945, nobelprisen i litteratur 2014. Sju av hans romanar er omsett til norsk, sist «Danserinnen» som kom i år. Han bør lesast av alle som er fascinert av Paris, og av det som ifølge han sjølv er hans tre hovudtema: «Le temps, le  passé, la memoiré» (Tida, det som har vore og minnet). Eller som den svenske journalisten og forfattaren Knut Ståhlberg uttrykkjer det i tittelen på si svært lesverdige bok om Paris og litteraturen: «Det förflutnas ständiga närvaro.» Kanskje får ein ikkje meir innsikt av å lesa Modiano, men absolutt større undring!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar