fredag 26. mai 2023

Maria og pinse

 Vi står ved inngangen til den tredje kristne høgtida, Pinse, festen for Den Heilage Andes kome til apostlane men og til heile Kyrkja. Men Den Heilage Ande var tilstades frå opphavet, og var verksam gjennom heile historia omtala i bøkene i Det gamle testamentet. Anden svevar over vatnet som det står i første Mosebok. Men ingen stadar er Anden så tilstades som i Maria, ho er som forma av Den Heilage Ande som det står i Lumen Genitum. Eg har fordjupa meg i tekstar som omtalar Maria som ledd i førebuing til konvertitt undervisning. Det slo meg korleis ho frå første stund er ein lydig reiskap for Den Heilage Ande! Mest tydeleg ser vi dette i Lukas evangeliets skildring av engelen Gabriels bodskap til Maria. « Vær hilset du som har fått nåde! Herren er med deg!» Maria er nådefylt, i den greske teksten står ordet i perfektum og viser til at Maria frå unnfanging er fylt med nåde, dvs. ho er etter katolsk tru ikkje underlagt arvesynda. Marias svar : « Se jeg er Herrens tjenestekvinne.La det skje meg som du har sagt!» Wifrid Stinissen skriv om dette: « Den dialog mellom engelen og Maria er uten tvil den viktigste dialog som noensinne har funnet sted. Hele den gamle pakten er en forberedelse til denne samtalen, og den nye pakten er bare blitt mulig gjennom Marias ja i denne dialogen.» 

Om Marias pinse skriv han korleis relasjonen mellom Maria og Anden er dynamisk, i Marias liv er det tersklar som blir overskrede. Engelens bodskap er den første av desse, pinsa er den andre og avgjerande terskelen. For disiplane er pinsa avgjerande, men Marias situasjon er eineståande. « Ved bebudelsen gjorde Ånden henne til Guds Sønns mor. På pinsedagen gjør han henne til kirkens mor, og mer enn det; til et urbilde for kirken.»

Maria er eit førebilete i det ho alltid verkar for andre. I Kyrkjas sentrum er ho det kvinnelege element som skaper balanse; Peter og Maria utfyller kvarandre. « Peter representerer embetet, Maria er enheten og kjærligheten……… Peter er kirkens ufeilbarhet, Maria er dens hellighet.»

Maria kaller til bøn og er ein læremeister i bøn. Wilfrid Stinissen peiker igjen på korleis tre bøner frå Maria  utgjer ein komplett bøneskole:

«Skje meg som du har sagt!»

« Min sjel forkynner  Herrens storhet!»

«De har ikke mer vin!»

  

Velsigna pinsefeiring!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar