søndag 14. mai 2023

En tyskers historie

 Eg les " En tyskers historie. Erindringer 1914 - 1933" " (  Geschichte eines Deutschen. Die Erinnerungen 1914 - 1933) av forfattar og journalist Sebastian Haffner (1907 - 1999). Haffner var fødd i Berlin i 1907 og utdanna seg til jurist. Hans eigentlege navn var Raimund Pretzel, Haffner tok han som pseudonym då han reiste frå Nazi-Tyskland til England i 1938. Han var journalist i engelske aviser og etterkvart i tyske etter at han vendt tilbake i 1954. Han skreiv og ei rekkje bøker hovudsakleg om historiske tema. "En tyskers historie" er hans mest personlege bok , og den han er mest kjend for. Boka vart skreve i 1939 og vart nok ikkje fullført, manuskriftet vart liggjande i ei skuff til etter hans død. Sonen Oliver Pretzel fekk samla dei manglande kapittela, og fekke henne utgjev. Boka vart straks ein stor suksess i Tyskland, og etterhvert omsett til ei rekkje ndre språk.

Første del av boka er barndoms-erindringar  frå tida under og etter første verdskrigen. Den unge gutens reaksjon på krigen står i kontrast til sommarferiane på eit gods i Bakpommern. "Avreise" er der det verste ordet han kan tenka seg! Største delen av boka handlar om året 1933 med den gradvise nazifiseringa av  samfunnet. Haffner er ung jusstudent , men innser snart at han ikkje kan fungera som jurist og dommar i nazisystemet. Det som gjer sterkast inntrykk er hans skilding av den gryande antisemittismen., der jødar først får forbod mot å halda fram i sine jobbar, også dei som tilsett i rettssystemet som dommarar. Enkelte ser for seg at det vil bli stadig verre og forlet landet, dei fletse gjer ikkje det, dei kjenner seg som tyskarar, Tyskland er deira fedreland.

Det er dei små detaljane som gjer innstrykk, som når han sit med kjærasten som er jødisk,  i skogen ein vakker vårdag og ein skuleklasse marsjerar forbi. Dei ropar i kor: "Juda kreper!" Haffner refelkterar over det absurde i situasjonen: " Der satt jeg "i det grønne", med armen rundt en levende og pen liten pike som jeg kysset og kjærtegnet, og igjen og igjen kom muntre gutter vandrende forbi og oppfordret oss til å krepere. Imidlertid gjorde vi ikke noe slikt, og de gikk også bare rolig videre, likeglade om vi kreperte eller ikke. Et surrealistisk billede."

Haffner reflekterar over " Tysklands selvødeleggelse ved hjelp av landets sykelige nasjonalisme..." Korleis kan det ha seg at denne nasjonalismen dreper det som Haffner ser som "grunnverdiene i nasjonalkarakteren" ?  Han ser nasjonalismen som "en farlig sinnssykdom som er istand til å forvrenge en nasjons ansikt og gjøre det stygt.."  Vidare skriv han at i ingen andre land har denne sjukdomen  " en så omdartet og ødeleggende karakter som nettopp i Tyskland."  Han ser det slik at i Tyskland i motsetnad til andre land er det sjølve nasjonalkarakteren  som blir øydelagt. For Tysklands "innerste vesen er vidsyn, åpenhet, allsidighet, ja i en viss forstand, uselviskhet."  I etterkant veit både Haffner og vi korleis det gjekk, Tyskland låg i 1945 i ruinar, men eit nytt og demokratisk  land vart bygd i tida etter krigen. Kanskje hadde den nye generasjon hausta ein dyrekjøpt lærdom ? Vi får tru det, men i flg. Haffner går Tysklands "sykelige nasjonalisme" mykje lenger tilbake enn 1933!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar