tirsdag 30. mai 2023

Pilegrimsvandring til Chartres

 Frankrike er kanskje eit svært sekulært land, likevel skriv så vel franske Aleteia som britiske Catholic Herald om rekordmange  deltakarar i årets pilegrimsvandring frå Paris til Chartres. 16.000 , dei fleste ungdomar deltok i år, det har i det siste vore ein jamn auke frå år til år. President i Notre- Dame de Chretiente som organiserar pilegrimsvandringa opplyser at det var ein auke på over 30 prosent i år!

Pilegrimsvandringa starta fredag 26 mai frå kyrkja Saint Sulpice i påvente av at Notre- Dame  er ferdig oppbygd etter brannen. Gjennom Paris gater og vidare vestover mot Chartres, det tek tre dagar over omlag 100 kilometer så det er lange dagsmarsjerer. Men dei sluttar seg med det til ein nær tusenårig tradisjon, i Mellomalderen var det første etappe på  Camino de Santiago, og alt frå 800 talet kom pilegrimar til Chartres. Katedralen i Chartres vart bygd i  tida 1194 - 1220, og var med sine fantastiske glassmåleri eit naturleg mål, men katedralen hadde og ein heilt spesiell relikvie, Jomfru Marias slør. Katedralen har og er framleis eit pilegrimsmål for dei som ærar Maria og ber om hennar forbøn. Relikviet var dessverre delvis øydelagt under Den franske revolusjonen, men ein liten del er framleis i Chartres.

Ei rekkje kjente personar har kome til pilegrimsmålet Chartres, helgenar som Vincent av Paul, Frans av Sales, Louise og Zelie Martin, pave Johannes Paul, og ikkje minst poet, aktivist,nasjonalist og krigshelt Charles Peguy. Han gjekk som pilegrim frå Paris til Chartres i 1912, to år før han fall i slaget ved Marne.Han ville be om Marias forbøn for sin sjuke son, mens hans initativ fekk betydning langt utover det personlege og gav ein sterk stimulans til Chartres som pilegrimsmål!

Pilegrimsvandringa vart avslutta med messe i katedralen, det gjorde inntrykk å sjå gruppe etter gruppe av ungdomar med flagg og faner i spissen på veg inn i katedralen. Det er naturligvis messe, bøn og song undervegs. Ein deltakar seier det slik: «  Nå vi vandrar er vi av og til stille, av og til synger vi , vi ber og vi har tid til å prata med kvarandre. Det er eit fint høve til å møta Kristus, og til å sjå på eins eige liv og avgjera kva ein kunne gjort betre…. kva ønskjer Gud  at eg skal bruka livet mitt til?»





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar